Historisk arkiv

Prøveordning med sprøyterom kan bli forlengd med to år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

– For å unngå at drifta av sprøyterommet i Oslo må stansast mens ein ventar på evalueringa og deretter ei eventuell etablering av ei permanent ordning, foreslår departementet at den mellombels sprøyteromslova blir forlengd med to år, uttaler helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad.

Mellombels lov om sprøyterom tredde i kraft 17. desember 2004 og gjeld i tre år fram til 17. desember 2007.

Sprøyterom er meint å vere eit skadereduserande tiltak som gir brukarane høve til å injisere heroin i reine og rolege omgivnader og under tilsyn av kvalifisert sosial- og helsepersonell.

Formålet med prøveordinga er å få eit erfaringsgrunnlag for å kunne vurdere effekten av sprøyterom. Evalueringa av prøveordninga skal gi eit grunnlag for å vurdere om sprøyterom faktisk oppfyller dei uttalte målsetningane med tenesta, og om sprøyterom bør etablerast som ei permanent teneste. Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRUS) har fått i oppdrag evaluere prøveordninga.

Det er berre Oslo kommune som har oppretta sprøyterom.