Historisk arkiv

Statsråden møtte ekspertgruppa for fyrste gong

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Helse- og omsorgsdepartementet

Onsdag 3. september møtte helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen ekspertgruppa si for fyrste gong.


Onsdag 3. september møtte helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen ekspertgruppa si for fyrste gong.

Det aller fyrste møtet fann stad på Hafslund Hovedgård i Sarpsborg.

Les referat fra møtet.

- Det var eit interessant fyrste møte med ekspertgruppa. Kvar og ein i gruppa representerer kunnskap, klokskap og erfaring. Eg gler meg til det vidare arbeidet og ser fram til å få gode innspel frå ekspertgruppa, seier statsråd Bjarne Håkon Hanssen.

I løpet av april 2009 skal helse- og omsorgsministeren arbeide fram ei ny samhandlingsreform for helsetenesta. Ekspertgruppa skal hjelpe statsråden å finne økonomiske og juridiske system for å løyse utfordringane i helse-Norge. Statsråden skal møte ekspertgruppa si om lag ein gong i månaden ulike stader i landet.


Desse sit i ekspertgruppa: Bjarne Håkon Hanssen, Kolbjørn Almlid, Nadia Ansar, Marit Botnen, Dagfinn Enerly, Anette Fosse, Anne Kari Lande Hasle, Stein Kaasa, Bjørn Inge Larsen, Marit Myklebust, Victor Norman, Karin Søraunet, Unn Teslo og Nils Fredrik Wisløff.