Historisk arkiv

Prioriteringsmøte til hausten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen traff i dag fleire av deltakarane i proriteringsdebatten for å planleggje ei høyring. – Eg ønskjer å leggje til rette for ein brei og open debatt om dette temaet, seier statsråden.

Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen traff i dag fleire av deltakarane i proriteringsdebatten for å planleggje ei høyring. – Eg ønskjer å leggje til rette for ein brei og open debatt om dette temaet, seier statsråden.

Til hausten vil helse- og omsorgsministeren arrangere høyringsmøte om prioriteringar i helsevesenet. I samband med dette inviterte statsråden sentrale deltakarar i prioriteringsdebatten til eit møte der ho ba om innspel til kva slags tema ein bør ta opp, kven ein skal invitere og korleis ein skal følgje opp vidare.

– Medisinske fremskritt betyr etiske val og krav om opne og reelle prioriteringar basert på brei debatt. Vi er alle brukarar av helsetenesten gjennom eit langt liv. Eg er oppteken av korleis vi kan trekkje fleire inn i debatten om prioriteringar i helsevesenet, seier Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Priotering er ein demokratisk utfordring. Her må alle ta eit ansvar, seier helse- og omsorgsministeren.

Deltakarane på møtet med helse- og omsorgsministeren var (frå venstre): Direktør John-Arne Røttingen, Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten, professor Per Fugelli, Universitetet i Oslo, adm.dir. Bente Mikkelsen, Helse Sør-Øst RHF, helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, strategidirektør Stein Kaasa i Helsedirektoratet, direktør Bjørn-Inge Larsen Helsedirektoratet, professor Ole Frithjof Norheim, Universitetet i Bergen

Deltakarane på møtet med helse- og omsorgsministeren var (frå venstre): Direktør John-Arne Røttingen, Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten, professor Per Fugelli, Universitetet i Oslo, adm.dir. Bente Mikkelsen, Helse Sør-Øst RHF, helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, strategidirektør Stein Kaasa i Helsedirektoratet, direktør Bjørn-Inge Larsen Helsedirektoratet, professor Ole Frithjof Norheim, Universitetet i Bergen. Last ned stort bilde til fri bruk fra Flickr.