Historisk arkiv

Ønskjer utveksling av informasjon om helsepersonell

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

I dag tar Helse- og omsorgsdepartementet initiativ for EU om eit betre europeisk informasjonssystem for å unngå tilsetting av helsepersonell som har gjort alvorlege feil. –Saman med dei nordiske naboane våre ønskjer vi å jobbe for eit register eller annan informasjonsutveksling, seier statssekretær Roger Ingebrigtsen som i dag møter EU-formannskapet i Madrid.

I dag tar Helse- og omsorgsdepartementet initiativ for EU om eit betre europeisk informasjonssystem for å unngå tilsetting av helsepersonell som har gjort alvorlege feil. – Saman med dei nordiske naboane våre ønskjer vi å jobbe for eit register eller annan informasjonsutveksling, seier statssekretær Roger Ingebrigtsen som i dag møter EU-formannskapet i Madrid.

– Vi ønskjer eit nordisk initiativ i EU for å sikre at ueigna helsepersonell ikkje kan reise frå eit land til eit anna utan at også åtvaringane og merknadane dei har motteke følgjer med, seier Ingebrigtsen.

Internasjonalt samarbeid for å sikre utveksling av informasjon om tap av autorisasjon, åtvaring og merknader ved alvorlige hendingar for helsepersonell er eit av fleire tema når statssekretær Roger Ingebrigtsen i Helse- og omsorgsdepartementet besøkjer Spania. Statssekretæren slår fast at det er svært viktig med gode prosedyrar ved tilsetting av utanlandsk helsepersonell i Noreg.

Norske sjukehus og kommunar har som arbeidsgjevarar eit stort ansvar for å sikre at personell som vert tilsett har naudsynt kompetanse og kan praktisere forsvarleg.

- Det viktigaste for oss er at pasientane skal kjenne seg trygge på at helsepersonell som arbeider i Noreg er kunnskapsrike og har god kunnskap om det norske helsesystemet, seier Ingebrigtsen.

I tilfeller der utanlandsk helsepersonell flyttar attende til heimlandet etter å ha gjort alvorlege feil i Noreg, informerer det norske helsetilsynet heimlandet om saka. Helsetilsynet har også oversikt over reaksjonar mot helsepersonell som arbeider i Noreg som utanlandske arbeidsgjevarar kan få tilgang til.

Noreg har i internasjonal målestokk eit strengt regelverk når det gjeld reaksjonar mot helsepersonell.