Historisk arkiv

Norsk helsearkiv etablerast på Tynset

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Norsk helsearkiv skal etablerast på Tynset, som ei ny verksemd innanfor Arkivverket. Regjeringa gjer no framlegg om lovendringar som er nødvendige for å kunne etablere eit velfungerande og trygt helsearkiv.

Helsearkivet skal ta vare på pasientjournalar frå spesialisthelsetenesta om døde personar og forvalte desse for bruk til forskings- og dokumentasjonsformål.

Regjeringa gjer òg framlegg om ei ny lovføresegn, som skal sikre forsvarleg oppbevaring av pasientjournalar når helsepersonell får tilbakekalla eller suspendert autorisasjonen, lisensen eller spesialistgodkjenninga si. Vidare gjer regjeringa framlegg om å presisere og flytte kravet om kryptert lagring frå helseregisterlova § 8 tredje ledd til § 16 i lova.

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter