§ 4 - Spørsmål om utlevering av opplysningar frå Det sentrale motorvognregisteret

Saksnr.: 201003295 EO KRY/OKL
Dato: 21.10.2010 

Spørsmål om utlevering av opplysningar frå Det sentrale motorvognregisteret

1. Innleiing
Vi viser til brev 23. juni 2009 frå Statens vegvesen Vegdirektoratet der det blir bede om ei uttale om tolkinga av offentleglova §§ 9 og 28. Det blir i tillegg reist spørsmål om dokument knytte til avskilting, og om den som ber om innsyn kan krevje at det ikkje blir gitt innsyn i dette kravet.

2. Offentleglova § 9 – generelt
Dokumenta som finst i det sentrale motorvogn¬registeret, er dokument som gjeld ”ansvarsområdet eller verksemda” til Vegdirektoratet, og er såleis omfatta av innsynsretten etter offentleglova §§ 3 og 4. Etter offentleglova § 9 kan det krevjast innsyn i ei samanstilling av opplys¬ningar som er elektronisk lagra i databasane til eit organ, dersom denne samanstillinga kan gjerast med enkle framgangsmåtar.

Personopplysningslova er ikkje til hinder for innsyn etter offentleglova, jf. personopplysningslova § 6. Det har som hovudregel heller ikkje noko å seie kva føremålet med innsynskravet er, jf. offentleglova § 6 fyrste ledd fyrste punktum og § 7 fyrste ledd. Men ikkje all informasjon som går fram av ei slik samanstilling, skal auto¬matisk gjevast ut. Reglane om unntak frå innsynsretten gjeld for samanstillingar som for andre dokument. Ein må vurdere for kvar av opplysningane i samanstillinga om det er rett til å gje innsyn, og om det i så fall er høve til – og behov for – å gjere unntak frå innsynsretten. 


3. Særskilt om krav om avskilting
At ei motor¬vogn er kravd avskilta, er ikkje i seg sjølv omfatta av teieplikt. Men opplysningar om grunnlaget for kravet kan vere omfatta. Dersom eigaren er ein privat¬person, kan til dømes opplysningar om misleg¬hald av betaling av årsavgift, forsikring osv. vere omfatta av teieplikt etter forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 1. I så fall skal det nektast innsyn i desse opplysningane etter offentleglova § 13 fyrste ledd. Opplysningar om at motorvogna ikkje er i god nok stand, fell nok utanfor teieplikta. Også utanfor teie¬plikt¬tilfella kan det vere aktuelt med unntak, til dømes etter offent¬leg¬lova § 24 andre ledd om opplysningar om lovbrot.

Særleg reglane om teieplikt inneber at det er naudsynt å gå igjennom oversikter over krav om avskilting før det kan gjevast innsyn i oversikta eller dei enkelte krava. Dei opplysning¬ane som er omfatta av teieplikt, eller som direktoratet elles finn grunnlag for å nekte innsyn i, må sladdast. Unntak for heile dokument kan berre gjerast der den aktuelle unntaksregelen opnar for det, eller dersom tilfellet fell inn under offentleglova § 12.

4. Identifikasjonskravet etter offentleglova § 28
Offentleg¬lova § 28 andre ledd regulerer kva eit innsynskrav må gjelde. Regelen der er at eit innsynskrav må gjelde ”ei bestemt sak” eller ”saker av ein bestemt art”. Den avgrensinga som ligg i desse uttrykka i § 28, har ikkje noko å seie dersom det blir kravd innsyn i ei samanstilling etter § 9. Avgrensingane i § 28 andre ledd kjem berre inn når innsyns¬kravet gjeld eit dokument som allereie eksisterar. 

Det ligg ikkje i vilkåra etter § 28 andre ledd at innsynskravet må knytte seg til ei bestemt ”sak” i vanleg forstand hjå organet, til dømes eit bestemt vedtak, jf. Ot. prp. nr. 102 (2004-2005) s. 99 og NOU 2003: 30 side 216-217. Bakgrunnen for avgrensinga av kva innsynskravet kan gjelde, er fyrst og fremst at meir generelle innsyns¬krav, utan noka form for identifikasjon av kva ein eigentleg ynskjer, ville vere svært vanskelege å handsame for forvaltninga. Dersom ein lett kan identifisere kva det blir kravd innsyn i, gjer ikkje dette omsynet seg gjeldande på same måten.

Det følgjer vidare av offentleglova § 28 andre ledd at det ”i rimeleg utstrek¬ning” kan krevjast innsyn i ”saker av ein bestemt art”. Vilkåret om at eit innsynskrav berre ”i rimeleg utstrekning” kan gjelde saker av ein bestemt art, er i hovud¬sak knytt til kor arbeids¬krevjande det vil vere å finne fram til dei aktuelle dokumenta. I tillegg reknar vi med at vilkåret kan gje grunnlag for å nekte innsyn i tilfelle der innsynskravet er så omfattande (gjeld så mange dokument) at arbeidsmengda som ville gått med til å handsame det, er større enn det ein ”i rimeleg utstrekning” kan krevje (sjølv om det nok skal mykje til). Ein kan ikkje nekte innsyn etter § 28 i fleire mindre krav under tilvising til at krava samla sett over tid kjem opp i eit stort omfang.  


5. Innsyn i innsynskravet
Innsynskrav er saksdoku¬ment for organet som mottek dei, og slike krav er omfatta av innsynsretten på vanleg måte. Unntak vil truleg vere lite aktuelt, men må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Eit krav om unntak frå den som står bak innsynskravet, vil ikkje vere avgjerande. Vi nemner elles at innsyn kan krevjast anonymt. Reint faktisk kan såleis den som krev innsyn, hindre at andre finn ut kven han eller ho er.    

6. Betaling
Vi reknar med at den typen oversikter over bestemte kategoriar av køyretøy som er nemnt i brevet hit, vil vere inform¬asjon som typisk blir utarbeidd berre for å dekkje behov hjå den som ber om slikt innsyn. I så fall kan det krevjast betaling i samsvar med offentlegforskrifta § 4 fjerde ledd.