Historisk arkiv

Forbod mot sexkjøp frå 1. januar 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Forbodet mot kjøp av seksuelle tenester som Stortinget vedtok i haust, tek til å gjelda 1. januar 2009. Lova vart sanksjonert i statsråd i dag.

Forbodet mot kjøp av seksuelle tenester som Stortinget vedtok i haust, tek til å gjelda 1. januar 2009. Lova vart sanksjonert i statsråd i dag.

– Mennesket er ikkje ei handelsvare. Med denne lova ønskjer vi å gjera det mindre aktuelt for menneskehandlarar å sjå mot Noreg, seier justisminister Knut Storberget.

Bøter eller fengsel i inntil seks månader blir strafferamma for den som skaffar seg seksuell omgang eller handling mot vederlag. Dersom handlinga er særleg krenkande blir strafferamme fengsel i inntil eitt år ved kjøp av sex frå vaksne, og inntil tre år ved kjøp av sex frå mindreårige. Politiet får høve til å pågripe, fengsle, ransake, overvake og avlytte samtaler dersom ein av samtalepartane samtykkjer.

Kriminaliseringa skal ikkje føre til ein forverra situasjon for dei prostituerte. Difor har regjeringa sett i gang fleire tiltak for å få flest mogleg ut av prostitusjon. Denne veka fikk justisministeren overlevert ein rapport om prostitusjonsmarknaden frå forskingsstiftinga Fafo.

– Denne kartleggjinga er viktig i arbeidet med å betre situasjonen for dei prostituerte, og for å gjere hjelpetiltaka best mogleg, seier Storberget.