Historisk arkiv

Nye dommarar i Høgsterett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Lagdommar Erik Møse, advokat Bergljot Webster og advokat Wilhelm Matheson er utnemnde til nye dommarar i Høgsterett.

  Justisminister Knut Storberget gratulerer Bergljot Webster og William Matheson, to av dei tre nye dommarane i Høgsterett som vart utnemde i dag.

Justisminister Knut Storberget gratulerer Bergljot Webster og William Matheson, to av dei tre nye dommarane i Høgsterett som vart utnemde i dag.

Lagdommar Erik Møse, advokat Bergljot Webster og advokat Wilhelm Matheson er utnemnde til nye dommarar i Høgsterett.

I løpet av få år vil mange av dommarane i Høgsterett, derav fleire kvinner, gå av på grunn av aldersgrensa. – Eg ønskjer at Høgsterett skal femne vidt og samansetjinga bør spegle det samfunnet vi har, seier justisminister Knut Storberget. – Med utnemningane i statsråd i dag har Høgsterett fått ytterlegare tre glimrande juristar med brei og solid erfaringsbakgrunn. Vi får med dette også ein ny kvinneleg dommar i Høgsterett. Dette er eit riktig steg på vegen når det gjeld kjønnsbalansen i Høgsterett, og er med på å sikre at Høgsterett framleis er ein breitt samansett domstol, avsluttar justisministeren.

Om dei utnemnde:

Erik Møse er fødd i 1950. Han avla juridisk embetseksamen i 1976. Etter eksamen var han byråsjef og seinare lovrådgivar i Justis- og politidepartementets lovavdeling. Frå 1985 til 1986 var han dommarfullmektig ved Eiker, Modum og Sigdal sorenskrivarembete. Frå 1986 til 1993 var han tilsett som advokat og frå 1989 advokat med leiaransvar hos Regjeringsadvokaten. Frå hausten 1992 var han fungerande regjeringsadvokat. Han blei konstituert lagdommar i Borgarting lagmannsrett i 1993. I desember 1993 blei han utnemnd til lagdommar ved Borgarting lagmannsrett der han arbeidde fram til 1999. Frå 1999 har han vore dommar ved FNs straffedomstol for Rwanda. Han var domstolens visepresident frå 1999 til 2003 og president frå 2003 til 2007.

Bergljot Webster er fødd i 1966. Ho avla juridisk embetseksamen i 1992. Etter eksamen var ho advokat hos Regjeringsadvokaten fram til 2000. I perioden 2000 til 2004 var ho tilsett som advokat i Nordisk Skibsrederforening, og frå 2004 til 2005 partnar i Advokatfirmaet Sørlie Wilhelmsen ANS. Sidan 2006 har ho vore partnar i Advokatfirmaet Hjort DA.

Wilhelm Matheson er fødd i 1955. Han avla juridisk embetseksamen i 1982. Etter eksamen var han førstekonsulent/lovrådgivar i Justis- og politidepartementets lovavdeling og gjesteforskar ved Max-Planck-Institut für ausländisches und internationales Strafrecht, Freiburg, Tyskland. Han arbeidde som dommarfullmektig ved Lier, Røyken og Hurum sorenskrivarembete frå 1987 til 1988. I 1989 blei han tilsett som advokatfullmektig hos Mellbye, Schjoldager, Sejersted, Tenden. Sidan 1990 har han vore advokat og partnar i advokatfirmaet Wiersholm.