I dag har Justis- og beredskapsdepartementet godkjent overføringa av kontrakten og leverandøransvaret for utbygging av landsdekkjande Naudnett. Kontrakten og leverandøransvaret er overførd frå Nokia Siemens Networks Norge AS til Motorola Solutions Norway AS.

Naudnett er det nye digitale og avlyttingssikre sambandssystemet for brann, politi og helse. 

Nokia Siemens Networks Norge har ikkje lenger naudkommunikasjon som si kjerneverksemd og har derfor blitt einige med den største underleverandøren om at Motorola overtek hovudansvaret for leveransane til Naudnett. Motorola Solutions Norway AS har vært i prosjektet helt frå starten, som leverandør av kjerneteknologien (radionettet). Motorola kjenner difor Naudnettprosjektet vel og er ein sentral aktør i planlegginga av den vidare landsdekkjande utbygginga. Motorola er ein av dei leiande leverandørane av viktige kommunikasjonsprodukt og tenester til offentleg og privat sektor, med spesiell vekt på offentleg naudkommunikasjon.

– Eg vurderer dette leverandørbytet som positivt, og ser fram til samarbeidet om landsdekkjande utbygging av Naudnett med ein kompetent og motivert leverandør, seier justis- og beredskapsminister Grete Faremo.

Kjøpet vil rutinemessig bli meldt til Konkurransetilsynet av Motorola Solutions Norway AS.

Ved ev. spørsmål, kontakt avdelingsdirektør Andreas Agersborg i Rednings- og beredskapsavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet, på telefon 911 42 378