Historisk arkiv

Utval om utilreknelege og rettspsykiatrisk sakkunnige

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Regjeringa set ned eit offentleg lovutval som skal sjå på reglane i straffelova om utilreknelege og bruken av rettspsykiatrisk sakkunnige i straffesaker.

Regjeringa set ned eit offentleg lovutval som skal sjå på reglane i straffelova om utilreknelege og bruken av rettspsykiatrisk sakkunnige i straffesaker.

Straffesaka etter 22. juli har reist ein omfattande prinsipiell diskusjon om straffelova sitt omgrep om utilreknelege og om rettspsykiatrien si rolle ved avgjerda av om tiltalte er tilrekneleg.

– Det er viktig at vi tar lærdom av alle sider ved straffesaka. Difor trenger vi ei heilskapleg vurdering av desse spørsmåla, seier justis- og beredskapsminister Grete Faremo.

Regjeringa set difor i januar 2013 ned eit offentleg utval under Justis- og beredskapsdepartementet. Utvalet skal ha eit breitt mandat til å gå gjennom straffelova sine reglar om utilreknelege og rettspsykiatrien si rolle i straffesaker. Samstundes startar eit arbeid med å greie ut organiseringa av rettspsykiatrien, under leiing av Helse- og omsorgsdepartementet.

Lovutvalet må ta stilling til om det medisinske prinsippet bør oppretthaldast og i kva grad eit medisinsk diagnosesystem bør vere styrande for den rettslege vurderinga.

– Det grunnleggjande spørsmålet er i kva grad personar med alvorlege psykiske lidingar skal påleggjast strafferettsleg ansvar for handlingane sine, seier Faremo.

Utvalet skal også vurdere korleis påtalemakta og domstolen innhentar, brukar og kontrollerer kvaliteten på rettspsykiatriske sakkunnigerklæringar. Det skal òg gjere framlegg om reglar for korleis ei rettspsykiatrisk undersøking skal vere og kva erklæringane skal innehalde. Vidare skal utvalet vurdere korleis vi best tar omsyn til samfunnsvernet når ein utilrekneleg person blir dømt til særreaksjonen tvunge psykisk helsevern.

Regjeringa meiner at utvalet bør vere breitt samansett med representantar frå ulike fagområde, profesjonar og interessegrupper. Utvalet får med juristar frå både dommar- og advokatstanden og akademia. Det vil ha medisinsk ekspertise, både psykiatrar og psykologar. For å få ei breiare tilnærming, vil regjeringa dessutan hente inn annan akademisk kompetanse, innan filosofi og teologi. Regjeringa vil også invitere interesseorganisasjonar.