Historisk arkiv

Gode dugleikar i språk legg grunnlag for læring seinare i livet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

- Arbeidet med norsk språk er ein av dei største utfordringane vi har i skulen dei nærmaste åra, sa kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell da han i dag opna konferansen Språkdagen 2008.

- Arbeidet med norsk språk er ein av dei største utfordringane vi har i skulen dei nærmaste åra. Det er avgjerande – både for den enkelte og for samfunnet – å leggje eit godt grunnlag tidleg. Altfor mange elevar går ut av grunnskulen utan grunnleggjande dugleikar i lesing og skriving. Vi veit at dette kan føre til problem med vidare skulegang og i arbeidslivet.

Dette sa kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell mellom anna da han i dag opna konferansen Språkdagen 2008 – ”Norsk for alle?”, som blir arrangert av Språkrådet.

Lytt her til talen som statsråden heldt