Verdas bokdag 23. april
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kunnskapsdepartementet
Nyhet | Dato: 23.04.2008
Bok- og litteraturvenner over heile verda feirar 23. april, Verdas bokdag. Boka - både den skjønnlitterære og den faglitterære - har vore og er viktige berebjelkar i skulen vår. - På Verdas bokdag er det på sin plass å gi uttrykk for kor viktig boka er for utviklinga og danninga til elevane, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell
Bok- og litteraturvenner over heile verda feirar 23. april, Verdas bokdag. Boka - både den skjønnlitterære og den faglitterære - har vore og er viktige berebjelkar i skulen vår. - På Verdas bokdag er det på sin plass å gi uttrykk for kor viktig boka er for utviklinga og danninga til elevane, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.
Gjennom åra har mange tusen norske skulebarn fått sitt første møte med både klassikarar og samtidslitteratur gjennom norskfaget og i skulebiblioteket. Læreboka er ein viktig ressurs for elevar og lærarar, også i den digitale samtida.
Norsk skule møter i dag store kvalitetsutfordringar. Resultata frå dei internasjonale undersøkingane som vart offentleggjorde hausten 2007 viser at norske skulebarn kan forbetre lesedugleiken sin. Å kunne lese godt er ein viktig nøkkel til forståing og glede. Mange fag krev at elevane har god leseforståing for å kunne meistre oppgåver og utfordringar i faget. Lesedugleik gir elevane eit utgangspunkt for å ta del i og gle seg i møtet med god litteratur. Gjennom språkleg meistring får dei unge utfalde seg intellektuelt og kunnskapsmessig. Og i språket får dei ein reiskap for tanke og refleksjon.
- Boka står heilt sentralt i forsøka våre for å styrkje lesedugleik og å stimulere lesegleda til elevane, seier Solhjell.
Kunnskapsministeren understrekar at Regjering legg stor vekt på arbeidet for å gjere norske skulebarn til betre lesarar: - Vi går no gjennom læreplanane for å sjå på korleis vi kan styrkje leseundervisninga. Kompetanseutvikling og rettleiingstiltak vil bli gjennomførde, og denne våren kjem eg tilbake til korleis vi skal realisere planane for eit program for skulebibliotekutvikling, seier Solhjell.