Ønskjer tidlegare lærarar tilbake til skulen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 13.12.2011
Tidlegare lærarar ønskte mindre totalbelastning, mindre klassar, meir tid til den einskilde eleven og betre mogelegheit for fagleg utvikling. - Mange av endringane som dei etterlyser har vi gjort noko med, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Kunnskapsministeren seier
at ho har gjort noko med
mange av endringane lærarane vil ha.
(Illustrasjonsbilde: Colourbox)
Tidlegare lærarar ønskte mindre totalbelastning, mindre klassar, meir tid til den einskilde eleven og betre mogelegheit for fagleg utvikling. - Mange av endringane som dei etterlyser har vi gjort noko med, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Ni av ti lærarar blir i skulen frå eitt år til eitt anna viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Søkninga til lærarutdanningane har auka med nesten 50 prosent på tre år. Likevel treng norsk skule mange lærarar i åra som kjem. I 2020 kan vi mangle opp mot 18 000 lærarar i følgje framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå.
I ei undersøking frå Kunnskapsdepartementet og GNIST har tidlegare lærarar blitt spurt om kva som skal til for at dei vender tilbake til yrket.
På spørsmål om kva som skal til for å ta opp yrket att, svarde dei tidlegare lærarane at dei ønskte mindre totalbelastning, mindre klassar, meir tid til den einskilde eleven og betre mogelegheit for fagleg utvikling.
Når dei blei spurde om kvifor dei ein gong valde læraryrket, svarde dei blant anna at dei ønskte å jobbe med barn og unge og ha ein meiningsfull jobb.
- Vi ønskjer at tidlegare lærarar skal kome tilbake til skulen. Denne gruppa er ein verdifull ressurs som norsk skule treng. Mange av endringane som dei etterlyser har vi gjort noko med. Til no har 1000 rektorar og lærarar gjennomført rektorutdanninga, og nyutdanna lærarar får tilbod om rettleiing. Vi har også sendt eit forslag om nasjonal norm om lærartettleik i grunnskulen på høyring, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Om GNIST:
GNIST er eit partnarskap og ein overbygning for ei rekkje tiltak som samla sett skal betre rekrutteringa til og sikre utviklinga av lærarutdanningane og lærarprofesjonen.
Kampanja ”Har du det i deg” er eit av tiltaka i GNIST-paraplyen.
Kampanja har bidrege til at søkninga til lærarutdanningane har auka med nesten 50 prosent dei siste tre åra. Samstundes har læraryrket sin attraktivitet også auka. Derfor blir det kampanje dei to neste åra også.
GNIST består av: Utdanningsforbundet, KS, NHO, LO, Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet, Norsk Studentorganisasjon, Norsk Lektorlag, Skolenes landsforbund, Nasjonalt råd for lærarutdanning, Skolelederforbundet, Elevorganisasjonen