Kampen mot mobbing fortsetter
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kunnskapsdepartementet
Nyhet | Dato: 06.02.2012
I dag var partane som samarbeider om manifest mot mobbing samla til møte i Kunnskapsdepartementet. Tala frå elevundersøkinga og anna kunnskap om mobbing viser at det framleis er viktig med stor innsats frå partane si side.
I dag var partane som samarbeider om manifest mot mobbing samla til møte i Kunnskapsdepartementet. Tala frå elevundersøkinga og anna kunnskap om mobbing viser at det framleis er viktig med stor innsats frå partane si side, for å gi alle barn og unge eit trygt og godt oppvekst- og læringsmiljø, fri for diskriminering, antisemittisme, rasisme og mobbing.
Manifest mot mobbing vart underskrive av regjeringa Stoltenberg i 2006, 2009 og 2011. I siste periode har det vore viktig å forankre arbeidet lokalt og få alle ordførarane til å underskrive lokale manifest. Per 1. februar har heile 324 kommunar skrive under, og vi håpar at dei siste kommunane kjem raskt etter. Dei lokale manifesta skal forplikte partane til å samarbeide om konkrete tiltak for å redusere mobbing og betre lærings- og oppvekstmiljøet i kommunen.
For skuleåret 2012/13 har partene i dag bestemt sette i gang en kampanje som gir auka toleranse for kvarandre og sikrar god inkludering. Alle barn, uavhengig av kjønn, seksualitet, religion, etnisitet, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn skal oppleva å bli akseptert og inkludert i fellesskapet. Partane peika på viktigheita av venskap og samarbeid for å få til dette.
- Arbeidet mot mobbing skal vera eit kontinuerleg arbeid som må prega alt læringsarbeid i barnehagane, skulefritidsordningane, i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. I tillegg er det viktig at andre barne- ungdomstilbod som er i kommunane, deltar aktivt for å fremje eit trygt, godt og inkluderande miljø, seier statssekretær Elisabet Dahle
- Arbeidet mot mobbing skal være et kontinuerlig arbeid, sier statssekretær Elisabet Dahle. (Foto: KD)