Kunnskapsministeren inviterer til forskingspolitisk konferanse og lanserer Forskningsbarometeret 2013.

Tid: Mandag 3. juni 2013 kl. 09–16.00
Stad: Radisson Blu Plaza Hotell, Sonja Henies plass 3, Oslo

Konferansen tek for seg to viktige forskingspolitiske tema: djervskap og fornying, og internasjonalisering av forsking. Det siste er også eit hovudtema i rapporten Forskningsbarometeret 2013, som blir lagd fram under konferansen. Barometeret ser også nærare på temaet forsking og utvikling i næringslivet, og nærings- og handelsministeren vil òg delta på konferansen.

Hovudinnleiar er professor Luke Georghiou frå University of Manchester, ein internasjonalt leiande forskar på forskings- og innovasjonspolitikk. På programmet står også to panel med framståande deltakarar som skal diskutere dei to temaene.

Konferansen vil bli vist på nett-tv