Historisk arkiv

Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling – 100 år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjells tale ved feiringa av 100-årsjubileet til Institutt for lærerutdanning og skuleutvikling ved Universitetet i Oslo, Universitetets Aula, 2. november 2007.

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjells tale ved feiringa av 100-årsjubileet til Institutt for lærerutdanning og skuleutvikling ved Universitetet i Oslo, Universitetets Aula, 2. november 2007.

Kjære jubilant og jubilantar!

Ein kan ikkje å unngå å kjenne drag av vindar frå historia i ein situasjon som denne. 100 år med lærarutdanning er ikkje kort tid i norsk skulehistorie, og jubileet fortener å bli markert nettopp i Aulaen, under Edvard Munchs storslagne verk. Derfor er eg glad for å vere her og feire ein kjerneinstitusjon i norsk lærarutdanning.

Eg skal ikkje prøve å repetere historia frå Pedagogisk seminar i 1907 til ILS i 2007, den har instituttet godt presentert i jubileumstidsskriftet. Eg vil berre understreke den sentrale rolla ILS har spela – og spelar - i utdanninga av norske lærarar og skuleleiarar, først og fremst for gymnasa og seinare dei vidaregåande skolane, men også for realskolane og ungdomsskolane.

Tradisjonelt sett var denne utdanninga ei påbygging på fagstudia ved universiteta, slik at dei som hadde studert vitskapsfaga, fekk dei pedagogiske kvalifikasjonane til å undervise i faga sine i norsk skule. Mye har skjedd sidan lektorane og adjunktane for 100 år sidan blei førebudde på å undervise i gymnas og realskule. Rekruttering, innhald, arbeidsformer og hjelpemiddel er endra. Skuleslaget var ein utvalsskule, og dei som ikkje fann seg til rette i denne skulen, kunne finne alternativ utanfor.

Slik er ikkje dagens arbeidsliv. Det etterspør kunnskap og kompetanse som omfattar fag, evne til å samarbeid, evne til å levere. Ser vi på nasjonalformuen i Noreg i dag, utgjer arbeidsinnsatsen 87 prosent av nasjonalformuen. Utan eit godt utdanningssystem ville ikkje dette vore mogleg.

Læringa til elevane er den viktigaste oppgåva til skulen. Lærarane er den viktigaste ressursen i skulen. Slik har det alltid vore. Slik vil det alltid vere. Vi har fått ei mye meir mangfaldig lærerrolle i dagens skule. Læraren skal utøve yrket sitt i ein skule som skal vere inkluderende, der opplæringa skal vere tilpassa den enkelte eleven og der tilbodet skal vere likeverdig. Alle elevar skal ha same sjansar til å nå måla sine for opplæringa i skulen.

Forskinga er klar på at kompetansen til lærarane er det viktigaste for læringa til elevane, og det er særleg elevar med veike ferdigheiter som har mest å vinne på å ha gode lærarar. Norsk skule treng kompetente og profesjonelle lærarar for å skape eit godt læringsmiljø som utfordrar elevane til å yte sitt beste.

  • Eg ønskjer meg lærarar som er godt utdanna og sikre i faga sine og i utøvinga av yrket sitt.
  • Eg ønskjer meg lærarar som har autoritet utan å vere autoritære.
  • Eg ønskjer meg lærarar som framstår som tydelege vaksne med klar struktur på arbeidet sitt.
  • Eg ønskjer meg lærarar som er i stand til å skape både arbeidsrom og arbeidsro og motivere til innsats.

Eg er altså opptatt av at vi skal ha kompetente lærarar. Vi skal rekruttere dei dyktige. Vi skal halde på dei og deira entusiasme, og dei skal få høve til å halde vedlike og utvikle kompetansen sin. Dei skal få hjelp og støtte i arbeidet sitt.

For å greie dette treng vi for det første ei lærarutdanning som er relevant, som førebur lærarstudenten på den faktiske oppgåva som kvar enkelt lærar vil møte i jobben sin. Eg har stor tru på at kombinasjonen fagleg tyngd og profesjonskunnskap er det som gir den beste basisen for lærarjobben.

ILS har gitt bidrag til å utvikle lærarutdanninga på mange vis. Noko av det mest synlege i dag er dei såkalla Lektor- og adjunktprogramma, eller LAP-programma som dei blir kalla, der studentane kan følgje målretta studium med sikte på læraryrket, innan mellom anna framandspråk eller realfag. Søkinga tyder på at det er mange unge som kan tenkje seg å arbeide i skulen. Eg trur dette grepet kan vere med på å førebyggje ei eventuell lærarkrise i framtida.

Mens læraren er den enkeltfaktoren som sterkast påverkar læringa til elevane, er skuleleiaren den viktigaste enkeltfaktoren for korleis lærarane fungerer og for kulturen ved den enkelte skulen. Det inneber at det er ein nær samanheng mellom korleis skuleleiaren utøver leiarskapet sitt på og læringa til elevane. Rollene som skuleleiar og som lærar er komplementære og gjensidig avhengige av kvarandre.

Det viser seg at kvaliteten på arbeidet i kunnskapsorganisasjonar er nært knytt til om dei som arbeider der, opplever seg om aktør eller brikke. I stor grad dreier det seg om å vise tillit. Dette gjeld i høgste grad skulen. Skular med tydelege leiarar, og sjølvstendige lærarar, som får tillit og tar ansvar, oppnår dei beste resultata. Skuleleiarar som er i stand til å verdsetje det arbeidet som blir utført, bidrar til å skape kultur for læring og meistring.

Den moderne skuleleiaren arbeider i eit samfunn som har gjennomgått store forandringar. Skulen blir stadig viktigare for læringa til barn og unge i vid forstand. Skulen har utvida funksjonen sin og tar i aukende grad på seg oppgåver som tilsyn, omsorg og oppdraging på vegne av familien og samfunnet.

Dagens skuleleiarar har fått ei meir kompleks rolle. Skuleleiaren skal vere representant for arbeidsgivaren og arbeide for å nå målsetjingane til skuleeigaren. Skuleleiaren skal også vere pådrivarar i arbeidet med å nå nasjonale mål i utdanningspolitikken, dvs. sjå til at vi har skular som er i stand til å forstå og ta imot reformer. Skuleleiaren skal dessutan utøve pedagogisk leiarskap, det vil seie å ta et ansvar for læringsresultata til elevane.

Vi ser her ei leiarrolle som står i klar kontrast til den tradisjonelle skuleleiaren. Dagens og framtidas skuleleiarar er forventa å spele ei meir aktiv rolle som fornyarar og leiarar av endringsprosessar. Dei skal vere opne for impulsar utanfrå, samtidig som dei skal ha eit nært og aktivt forhold til lærarpersonalet og det arbeidet dei utfører.

Eg vil gi ros til ILS for det arbeidet som er gjort innafor feltet skuleleiing. Det gjeld både forskingsinnsatsen og at det er blitt oppretta eit masterprogram i skuleleiing. Etter mitt syn viser dette ein institusjon med ei brei tilnærming til arbeid i skulen. Vidare har forskingsmiljøet ved ILS gitt god støtte til arbeidet med skuleutvikling, både ved konkret innsats og stundom ved å formulere kritikk av norsk skule og skulepolitikk. Dette skal de halde fram med! Vi treng kunnskap som grunnlag for debatt og handling om dei vegvala vi skal gjere no og i åra som kjem.

Gratulerer med jubileet og lykke til med framtida!