Historisk arkiv

All you need is love

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

«All you need is love», skriv forfattar Simen Tveitereid i boka si «Kva skal vi med barn?». Heldigvis kan barn få kjærleik og omsorg både i familien og i barnehagen, skriv kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Tveitereid si bok har vekt debatt, kanskje mest på grunn av avisintervju med forfattaren. Eg har lese boka, og kjenner meg sterkt igjen i det han skildrar.

Gleda ved å kunne vere saman med eigne barn, opplevinga av at dei har det aller best og er tryggast med familien og andre som elskar dei. Men også det dårlege samvitet og kjensla av usikkerheit ved det første møtet med barnehagen. Å levere ein eittåring som ikkje kan gå eller snakke til vilt framande menneske blant 160 andre barn i ein barnehage, er ei blanda oppleving.

Ungar treng den tryggleiken foreldre eller andre som står dei nær kan gi. Dei treng å være spesielle, å bli sett for den dei er. Dei treng å vite at dei er elska. For meg er det også kjernen i gleda av å vere far. Kvart sekund med mine eigne barn blir verdifullt.

Der Tveitereid etter mitt syn kortsluttar, er når han bestemmer seg for at barnehagen er det store hinderet for dette. At barnehagen er det motsette av «love».

Tveitereid er skeptisk til at små barn, i alderen 1-3 år, skal vere i barnehage. Det kan skape angst og stress. Forsking viser det, seier han. Han har også eigne negative opplevingar, og fortel om barnehagen at «…det er lite nærhet, kontakt, latter og glede».

Eg veit ikkje kva for barnehage Tveitereid har vore i, men mi personlege oppleving er det stikk motsette. Eg har opplevd mi eiga frykt og mine eigne spørjeteikn bli til tryggleik. Å sjå at barn blir tekne vare på og sett, at dei får venner og knyt seg til kompetente og tydelege vaksne, er ei stor glede. Men viktigare enn mi personlege oppleving er at eg har høve til å setje meg inn i breidda av norsk og internasjonal forsking om barnehagar.

I førre veke var om lag 600 av dei fremste barnehageforskarane i verda på ein stor konferanse i Stavanger. Eg åt frukost med John Bennett, mannen som har leia OECD sin gjennomgang av barnehagetilbodet i 20 land. Hans bodskap er klar når det gjeld kva hovudtyngda i internasjonal forsking seier. Barn i alderen 18 mnd. – 3 år kan ha eit stort og positiv utbytte av barnehagen – dersom kvaliteten er god. I den perioden utviklar hjernen og sansane seg aller mest, og både sosialt og språkleg vil eit kvalitetstilbod i barnehagen vere positivt. Det finst også norsk forsking som underbyggjer dette. Det er heller ikkje prov på at barn i denne alderen har ein særleg risiko for å utvikle angst eller stress. Derimot åtvarar mange mot at barn går i barnehage før dei er om lag 1 år. I denne fasen er den kjenslemessige tilknytinga til foreldre sterkast og viktigast, og det er mindre å hente ut av samspelet med andre. Dette er lite aktuelt i Noreg på grunn av vår lange foreldrepermisjon. I mange land i Europa og USA er det derimot vanleg at barn er i daginstitusjon allereie før 6 månader, mange stader med låg eller inga utdanning hos personalet.

Så bastant? NEI! Ingen må tre ei løysing nedover små ungar og foreldra deira. Dei fleste trivst med å jobbe, men nokre blir sjuke av det. Skule er bra for dei fleste, men grov mobbing kan skade deg for livet. Barnehage er knapt bra for alle barn heller.

Ingen veit kva som er best for alle barn. Ikkje Simen Tveitereid, ikkje eg. Foreldre og føresette er dei nærmaste til å vurdere. Det viktige er at vi politikarar legg til rette for at ein kan velje løysingar som passar, og at dei løysingane som er tilgjengelege, har høg kvalitet.

Det er grunnen til at eg er for å utvide fødselspermisjonen i Noreg. Eg meiner det er eit viktig gode at vi foreldre skal kunne vere lenge heime med barn, og at både mor og far skal ha del i denne perioden.

Det er grunnen til at utbygging av barnehageplassar og lågare pris har vore heilt naudsynt. For få år sidan var det ingen reell valfridom. Du fekk ikkje barnehageplass, og mange hadde ikkje råd uansett.

Det er grunnen til at vi bør avvikle kontantstøtta, som er betaling for ikkje å bruke ein barnehageplass. Kontantstøtta fungerer som eit hinder for at mange av dei med stort behov for språkleg og sosial stimulans ikkje er i barnehagen.

Det er også grunnen til at vi må betre innhaldet i barnehagen. Sjølv om norske barnehagar held høg kvalitet og får svært gode skottsmål i internasjonale samanlikningar, må vi ha enno høgare ambisjonar. For det første må vi utdanne fleire førskulelærarar, slik at vi kan fylle dei stillingane der det skal vere pedagogar. Vidare må vi satse meir på kompetanseheving både av førskulelærarar og assistentar. Vi treng også meir forsking, til dømes om korleis vi skal leggje til rette for gode tilbod for dei yngste borna.

«Kva gjorde du i barnehagen», spør eg min nesten-3åring.

«Jeg lekte med Guri og Kari og Geir», seier han

«Kva leika dokke?»

«Vi lekte mamma og pappa og baby.»

«Kven var mamma og pappa, og kven var baby da?»

«Jeg var baby og Guri var baby og Geir var baby og Kari var baby».

«Var alle baby?»

«Nei, Kari var mamma og Geir var pappa og jeg var pappa og Guri var pappa».

Kom ikkje og sei at «det er lite nærhet, kontakt, latter og glede» i barnehagen. Sei ikkje at forsking viser at barnehagen skaper angst og stress, når tyngda i nordisk og internasjonal forsking viser noko anna. Kom ikkje med bastante konklusjonar – ikkje om at alle små barn må gå i barnehage, men heller ikkje om at det skaper angst og stress.

Ganske enkelt; ikkje sprei angst og stress hos samvitsfulle foreldre som bruker kvart ledige sekund med eigne ungar, og som har barna sine i barnehage. Dei treng sakleg informasjon om fordelar og ulemper og sjansen til å treffe eigne val. Eit av dei vala skal vere ein rimeleg barnehageplass av god kvalitet, fordi vi veit at det vil vere bra for mange barn."All you need is love", men det hjelper med ein god barnehage i tillegg.