Høring: Lovfesting av yrkesprøving
Vedlagt følgjer til høring
Utdannnings- og forskingsdepartementets forslag til endringar av
opplæringslovas § 4A-3 om å utvide ordninga for
realkompetansevurdering og yrkesprøving. Forslaget går ut på at
vaksne som i dag har rett til vidaregåande opplæring, også får rett
til yrkesprøving med sikte på arbeid. Tidlegare har denne retten
berre blitt gjort gjeldande for vaksne som grunnlag for opptak til
vidaregåande opplæring. Nyleg komne innvandrarar skal kunne få
tilbod om yrkesprøving ved at dei blir vist vidare frå kommunen.
Registrerte arbeidssøkjarar som Aetat viser vidare til
fylkeskommunen, vil også få tilbod om dette.
Ei liste over høringsinstansane er
lagt ved. Send eventuelle merknader til utkastet til Utdannings- og
forskingsdepartementet innen
05.08.2002
Kontaktpersonar i departementet er
Astri Hildrum og Heidi Keseler Venner.
Med helsing
Dag Johnsen e.f.
fung. ekspedisjonssjef
Astri Hildrum
rådgjevar