St.meld. nr. 14 (1997-98)

Om foreldremedverknad i grunnskolen

2 Samarbeidet mellom heimen og skolen i Noreg og andre land

I dette kapitlet blir det gjort greie for korleis staten har lagt til rette for samarbeid mellom heimen og skolen på ulike nivå: den einskilde eleven, klassen, skolen, i kommunen og nasjonalt. Dei viktigaste statlege verkemidla er lover og føresegner, medrekna læreplanverket, informasjon, opplæring og etterutdanning, forsking- og utviklingsarbeid og økonomisk tilskott. Det er her lagt størst vekt på lovgjevinga og andre formelle sider ved styringssystemet. I tillegg til Noreg omtalar vi dei andre nordiske landa, Nederland, England og Skottland.

2.1 Om tilhøva i Noreg

I lovgjevinga blir det understreka at foreldra har ansvaret for at barnet får utdanning. Både i lova og i føresegnene blir det lagt vekt på samarbeidet mellom heimen og skolen. Det bør vere klassekontaktar i alle klassar, det skal vere foreldreråd og samarbeidsutval på alle skolane, og det er eit statleg rådgjevande foreldreutval for departementet.

2.1.1 Den historiske utviklinga av samarbeidet mellom heimen og skolen

Foreldreretten har historisk vore ein sjølvsagd og uformell rett i Noreg. Det heiter til dømes i føremålet til allmugeskolelova av 1848 at skolen skal støtte foreldra i oppsedinga av barna. Ved lovendringa i 1889 vart det lagt vekt på at ein skulle styrkje påverknaden frå lokalsamfunnet på skolen. Det vart lovfesta at det på kvar skole skulle vere ei tilsynsnemnd. 3 av 5 medlemmer skulle veljast av foreldra. Tilsynsnemnda skulle innstille på nye lærarar og uttale seg om viktige spørsmål ved drift av skolebygningane.

Først gjennom grunnskolelova av 13. juni 1969 nr. 24 vart det vedteke vesentlege endringar om korleis foreldra skulle ta del i skolesamfunnet. Foreldreansvaret og det nære samarbeidet mellom heimen og skolen vart framleis lagt til grunn for opplæringa, sjå pkt. 2.1.2. Grunnskolelova vart eit nytt fundament for den vidare utviklinga av samarbeidet mellom heimen og skolen.

Ved kongeleg resolusjon av 10. oktober 1969 vart det oppnemnt ein komite for å greie ut samverkeformer i skolen (samverkekomiteen). Komiteen la i si tilråding vekt på at dersom foreldra skal inn i grunnskolen slik lova legg opp til, må ein både stimulere trongen hos foreldra for å gjere noko for eigne barn og leggje tilhøva til rette for at det kan skje. Komiteen la fram eit utkast til normalinstruksar for mellom anna elevråd, foreldreråd og samarbeidsutval bygd på grunnskolelova. Instruksane vart følgde opp gjennom endringar i føresegnene til lova. Komiteen rådde til at grunnskolelova vart endra, slik at samarbeidsutvalet også fekk styringsfunksjonar. Dei peika på behovet for ein foreldreorganisasjon på landsbasis. Fordi organiseringa måtte avgjerast av foreldra sjølve, vart det ikkje fremja retningsliner om dette i innstillinga.

Noregs Husmorforbund tok eit stort ansvar med å skolere foreldrerepresentantar til å ta det ansvaret grunnskolelova la opp til. Med støtte frå departementet laga dei materiell og kursopplegg. I 1976 vedtok departementet å oppretta ei Referansegruppe for foreldre under Grunnskolerådet, kalla RFG. Gruppa skulle mellom anna:

  • formidle aktuell informasjon til foreldra

  • drive kurs og møteverksemd for å støtte foreldra

  • ha kontakt med nordiske foreldreorganisasjonar

  • vere talerøyr for foreldra overfor skolestyresmaktene

I 1979 vart namnet endra til Foreldreutvalet under Grunnskolerådet (FUG). Sekretariatet var knytt til Grunnskolerådet og hadde ei fast stilling. I 1983 vart namnet igjen endra, denne gongen til Foreldreutvalet for grunnskolen. Då vart sekretariatet organisatorisk skilt frå Grunnskolerådet og knytt direkte til departementet. I 1987 vart FUG heimla i grunnskolelova (§ 35).

1. januar 1976 vart lov om spesialskolar oppheva, og grunnskolelova vart utvida til å femne om alle barn i skolepliktig alder. I samband med spesialundervisning og rådgjeving frå den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) og kompetansesentra, er samarbeidet mellom heimen og skolen understreka både i grunnskolelova og i føresegnene.

Gjennom Mønsterplanen av 1987 (M 87) vart det teke eit nytt viktig steg for å utvikle samarbeidet mellom heimen og skolen. Samarbeidet skal skje på fire plan: om den einskilde eleven, om den einskilde klassen, om skolen og om oppvekstmiljøet. Det vart understreka at både heimen og skolen treng dette samarbeidet, og at skolen har ansvaret for å ta det første initiativet.

I St meld nr 37 (1990-91) Om organisering og styring i utdanningssektoren vart det understreka at skolenivået burde få større innverknad på ressursbruk, organisering og personalspørsmål. Det vart peika på etablering av driftsstyre som ein effektiv styringsmodell, som og tek vare på interessene til brukarane og til lokalsamfunnet.

Gjennom St meld nr 47 (1995-96) Om elevvurdering, skolebasert vurdering og nasjonalt vurderingssystem, jf. Innst S nr 96 (1996-97), er det lagt opp til å strukturere og systematisere elevvurderinga utan karakter og samarbeidet med heimen. Det skal vere faste og planlagde samtalar mellom lærarane, elevane og foreldra, som skal medverke til å klargjere roller og forventningar mellom partane og munne ut i ei forpliktande oppsummering. Dette er følgt opp i nye føresegner til grunnskolelova, som vart sette i verk 1. oktober 1997.

Frå hausten 1997 vart grunnskolen utvida til 10 år. Samtidig vart det nye læreplanverket innført, som mellom anna fører til endringar i det faglege innhaldet og i undervisningsmetodar, og som legg større vekt på samarbeid mellom heimen og skolen (sjå kap. 2.1.4).

2.1.2 Lov om grunnskolen med føresegner

Lov om grunnskolen, vedteken 13.06.1969 nr. 24, legg eit svært viktig grunnlag for samarbeidet mellom heimen og skolen. I § 1 i grunnskolelova heiter det om føremålet:

«Grunnskolen skal i forståing og samarbeid med heimen hjelpe til med å gje elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle deira evner, åndeleg og kroppsleg, og gje dei god allmennkunnskap så dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.»

Kommunane har driftsansvaret og skal syte for at grunnskolen blir styrt i samsvar med dei lover, føresegner og læreplanar som gjeld. Grunnskolelova slår fast at det er opplæringsplikt, men ikkje skoleplikt i Noreg. Foreldra kan i prinsippet velje andre alternativ, dersom tilbodet er godkjent (privatskole eller heimeundervisning). Om lag 98 % av elevane går i den offentlege skolen. Mindre enn 1 % av elevane går på spesialskolar, institusjonsskolar eller på andre særskilde tiltak.

På kvar skole skal det vere eit foreldreråd. Medlemmer er alle foreldre som har barn på skolen. I føresegnene er det fastsett at foreldrerådet skal arbeide for å:

  • skape ein god kontakt mellom den einskilde heimen og skolen

  • leggje tilhøva til rette for trivsel og positiv utvikling hos elevane

  • skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet

Foreldrerådet skal velje eit arbeidsutval (Foreldrerådets arbeidsutval - FAU). FAU vel 2 medlemmer til samarbeidsutvalet. I føresegnene heiter det at foreldra til elevane i kvar klasse bør velje ein kvinneleg og ein mannleg klassekontakt. FAU bør vere samansett av klassekontaktane.

På kvar skole skal det vere eit samarbeidsutval med representantar frå lærarane, andre tilsette, elevane, foreldrerådet, rektor som representant frå kommunen og i tillegg ein representant oppnemnd av kommunen. Samarbeidsutvalet er eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande ledd for partane i skolesamfunnet. Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen. Kommunen kan delegere styringsoppgåver til samarbeidsutvalet, og kan då nemne opp fleire representantar til utvalet.

I føresegnenetil grunnskolelova er samarbeidet med foreldra understreka i fleire andre samanhengar. Det gjeld til dømes i samband med:

  • flytting til ein annan klasse eller til ein annan skole

  • vurdering av om ein skal redusere eller auke undervisningstida

  • vurdering av trong for spesialundervisning

  • kontakt med PP-tenesta

  • undersøking og tiltak for å redusere vantrivnad, konfliktsituasjonar eller dårleg samarbeid

  • arbeidet for å få eit arbeidsmiljø som hindrar skadar på elevane i skoletida og på skolevegen

  • i samarbeidet om vurdering av eleven

Klassestyraren skal skipe til foreldremøte eller klassekonferansar i samarbeid med klassekontaktane og minst to gonger i året ha samtale med foreldra.

Stortinget vedtok visse endringar i grunnskolelova våren 1997, jf Innst O nr 95 (1996-97). I § 5 vart det presisert at klassestyraren mellom anna skal ha eit særleg ansvar for kontakten med heimane. Dessutan vart § 13 nr. 9 endra. Det handlar om retten for foreldra til fritak frå visse delar av undervisninga i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.

Departementet er det øvste forvaltningsorganet for grunnskolen og skal syte for at brukarane blir gjorde kjende med det lovverket Stortinget vedtek. Dessutan arbeider departementet ut nærare føresegner og fastset læreplanar for grunnskolen.

Statens utdanningskontor fører tilsyn med verksemda etter grunnskolelova (§ 34) og er klageinstans for einskildvedtak i grunnskolen.

Departementet legg auka vekt på vurdering og rapportering. Det er utvikla system for resultatrapportering som kan nyttast både av staten og kommunane. Samarbeidet mellom heimen og skolen er ein viktig rammefaktor for opplæringa. Departementet har derfor gjennomført analysar for å sjå korleis samarbeidet fungerer, jf. kap. 3.2.

2.1.3 Lov om barn og foreldre

I lov om barn og foreldre (barnelova) av 8. april 1981 nr. 7, paragraf 30 «Innhaldet i foreldreansvaret», heiter det mellom anna:

«Barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. Dei har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve innanfor dei grensene som § 31 og § 33 set. Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet sine interesser og behov.

Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad.»

Foreldreansvaret tek slutt når barnet har fylt 18 år. Barn som har fylt 15 år, avgjer etter barnelova sjølve spørsmål om val av utdanning. Opplæringsplikta gjeld ut det 10. skoleåret, jamvel om barnet har fylt 15 år.

Barnelova slår fast at foreldra har ansvaret for at barnet får utdanning. Det er i samsvar med opplæringslovgjevinga i Noreg opp gjennom tidene. I barnelova blir det og lagt vekt på at foreldra skal høyre kva barnet har å seie før foreldra tek avgjerd om personlege tilhøve for barnet.

2.1.4 Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen

Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen er ei føresegn og dermed eit forpliktande styringsdokument for opplæringa i grunnskolen. Læreplanverket (L97 og L97 samisk) er samansett av:

  • Læreplan for grunnskolen, den vidaregåande opplæringa og vaksenopplæringa. Generell del. Sett i verk frå september 1993.

  • Prinsipp og retningsliner for opplæringa i grunnskolen. Dette er brua mellom den generelle delen og læreplanane for faga.

  • Læreplanar for faga, utforma med grunnlag i dei to delane ovanfor.

I tillegg er det læreplanar for døve. Eit viktig fundament for læreplanverket er einskapsskolen - ein skole for alle - der alle elevar får eit likeverdig tilbod med opplæring tilpassa føresetnadene sine.

I den generelle delen blir det lagt vekt på at skolen skal vere eit aktivt ressurs-, kraft- og kultursenter for lokalsamfunnet, og på ansvaret og samspelet med foreldra. I Prinsipp og retningsliner for opplæringa i grunnskolen er det trekt opp klare liner for samarbeidet mellom heimen og skolen og foreldreansvaret. Det heiter:

«Skulen skal støtte heimen i oppfostringa av ein ny generasjon og førebu dei unge på oppgåver i samfunnet.

Foreldra/dei føresette har hovudansvaret for oppsedinga av sine eigne barn, og må derfor ha medansvar i skulen. Samarbeidet mellom heimen og skulen er eit gjensidig ansvar. Skulen pliktar å leggje tilhøva til rettes slik at samarbeidet med heimen kjem i stand. Ein føresetnad for eit godt samarbeid er god kommunikasjon. Då er det første kravet at heimen får god informasjon. Foreldra/dei føresette må vite korleis opplæringa er lagd opp, kva elevane skal møte på dei ulike stega, og kva for arbeidsmåtar som skal brukast. Heimen og skulen må saman arbeide for framgang og utvikling hos elevane og halde kvarandre gjensidig informert. God kommunikasjon og kontakt mellom lærarane og foreldra til elevar frå språklege og kulturelle minoritetar er særleg viktig for samarbeidet heim-skole og for opplæringa av den enkelte eleven. Det skal leggjast til rettes for at foreldra/dei føresette kan vere aktivt med i utviklinga av skulen, men i eit omfang og på ein måte som er overkommeleg når det gjeld aktivitetar og virke. Samarbeidet skal baserast på gjensidig respekt og vilje til å setje eleven i sentrum. Elevane må ta del i samarbeidet mellom heimen og skulen som aktive og sjølvstendige deltakarar og ha høve til å vise initiativ og ta ansvar.

Samarbeidet om den enkelte eleven er primært eit ansvar for klassestyraren og heimen. Saman med elevane og lærarane skal foreldra/dei føresette vere med og få til eit godt klassemiljø, slik at klassen blir eit aktivt og trygt fellesskap. Skulen må be om råd og informasjon om situasjonen til elevane, også utanfor skulen når det har noko å seie for opplæringa. Samarbeidet skal gje gjensidig støtte, motivasjon og rettleiing. Dersom det blir usemje og konfliktar, må ein prøve å arbeide med og løyse dei i fellesskap. Som klassekontaktar, som representantar i samarbeidsorgana og i anna samvirke har foreldra/dei føresette høve til å få innverknad på og medansvar for klassen, for skulesamfunnet og for den rolla skulen har i nærmiljøet. det er og viktig at dei tek del i arbeidet med skulevurdering. Personalet i skulen, elevane og foreldra må samarbeide om å utvikle eit miljø fritt for mobbing og krenkjande åtferd.»

Rådsorgana i skolen bør arbeide for at det blir lagt til rette for ein variert og allsidig bruk av skoleanlegget, slik at det kan vere ein samlingsstad for ulike kultur- og aktivitetstilbod.

2.1.5 Lov om kommunar og fylkeskommunar

I lov om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) av 25. september 1992 nr. 107 er føremålet å leggje til rette for eit funksjonsdyktig kommunalt og fylkeskommunalt folkestyre, og for ei effektiv og rasjonell forvaltning. Kommunelova er ei styringslov som gjev generelle reglar om korleis verksemda i kommunar og fylkeskommunar skal organiserast og administrerast. Kommunelova pålegg kommunane m.a. å ha eit kommunestyre, formannskap, kontrollutval og administrasjonsutval. Det er også høve for alle kommunar til å velje ei parlamentarisk styringsform. Då vert formannskapet erstatta med eit kommuneråd. Grunnskolelova pålegg kommunane å ha eit samarbeidsutval på alle grunnskolane. Ein viktig intensjon med kommunelova er at det ikkje skal leggjast sterkare bindingar på den interne organiseringa i kommunen, enn det som er nødvendig ut frå omsynet til nasjonal styring. Eit viktig prinsipp i kommunelova er at primærkompetansen i kommunane skal liggje till kommunestyret. Dei skal i stor utstrekning sjølve ha fridom til å avgjere korleis verksemda skal organiserast.

Dersom kommunestyret ønskjer det, kan dei velje eit styre for ei kommunal bedrift eller ein kommunal institusjon, til dømes ein skole (kommunelova § 11). Kommunestyret kan gje styret avgjerdsrett på område som har å gjere med drift og organisering av verksemda. Det skal då vere minst to foreldrerepresentantar i styret, jf. § 32 i grunnskola.

Dersom samarbeidsutvalet får styringsoppgåver delegert frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar til utvalet.

2.1.6 Lov om forsøk i offentleg forvaltning

I lov om forsøk i offentleg forvaltning (forsøkslova) av 26. juni 1992 nr..... er føremålet (§ 1):

«Formålet med denne lov er gjennom forsøk å utvikle funksjonelle og effektive organisasjons- og driftsformer i den offentlige forvaltning, og en hensiktsmessig oppgavefordeling mellom forvaltningsorganer og mellom forvaltningsnivåer. Det skal legges særlig vekt på å forbedre den offentlige tjenesteyting overfor borgerne og få til best mulig ressursutnyttelse. Ved forsøk som omfatter folkevalgte organer skal det også legges vekt på å fremme gode demokratiske styringsformer.»

I § 3 er det mellom anna nemnt at Kongen kan godkjenne forsøk med avvik frå gjeldande lovar og føresegner om korleis kommunen organiserer verksemda si og løyser oppgåvene sine. Etter dette kan Kongen godkjenne forsøk knytte til styringsformer både på skole- og kommunenivå som har konsekvensar for innverknaden til foreldra i skolen.

Kongen kan godkjenne forsøk for ein periode på inntil fire år. Forsøket kan forlengjast med inntil to år, eller inntil eventuelt planlagde reformer i samsvar med forsøket, tek til å gjelde.

2.1.7 Om internasjonale plikter

Retten til utdanning og den plikta staten har til å respektere foreldreretten og vere med i avgjerder om utdanninga til eigne barn, er regulert i fleire konvensjonar. Noreg har ratifisert UNESCO-konvensjonen mot diskriminering i undervisninga, vedteken på generalkonferansen 14. desember 1960. Konvensjonen legg vekt på jamstilling i undervisninga, uavhengig av mellom anna kjønn, rase, politisk syn, nasjonal eller sosial bakgrunn, økonomiske tilhøve og religion (artikkel I). I artikkel IV er partane forplikta til å arbeide mot og gjere elementær undervisning gratis og obligatorisk, og å sikre at undervisningsnivået er likeverdig i alle offentlege undervisningsinstitusjonar på det same steget.

Artikkel V omtalar mellom anna foreldrerettane (artikkel V, pkt. 1b):

«Det er vesentlig å respektere foreldrenes og eventuelt de rettslige foresattes rett, for det første til å velge for sine barn andre institusjoner enn de som opprettholdes av de offentlige myndigheter, men som oppfyller de minimumskrav til undervisning som måtte være fastsatt eller godkjent av de kompetente myndigheter, og for det annet å sikre, på en måte som er i samsvar med den fremgangsmåte som følges i vedkommende stat for anvendelse av dens lovgivning, den religiøse og moralske undervisning av barna i samsvar med deres egen overbevisning. Ingen person eller gruppe av personer skal tvinges til å motta religiøs opplæring som ikke er i samsvar med deres overbevisning.»

I menneskerettskonvensjonen artikkel 13, punkt 3 heiter det:

«Konvensjonspartene forplikter seg til å respektere foreldres og, når det er aktuelt, vergers frihet til å velge andre skoler for sine barn enn dem som er opprettet av offentlige myndigheter, forutsatt at skolene oppfyller eventuelle minstekrav til undervisningen fastsatt eller godkjent av staten, og til å sikre sine barn en religiøs og moralsk undervisning i samsvar med deres overbevisning.»

EØS-direktivet av 25. juli 1997 har som føremål å betre vilkåra for fri rørsle av arbeidstakarar, gjennom integrering av barna til arbeidstakarane i skolemiljøet i vertslandet og elles i utdanningssystemet. Direktivet fastset at medlemsstatane har plikt til å tilby gratis undervisning tilpassa behovet til barna, mellom anna undervisning på det offisielle språket i vertslandet. Medlemslanda skal setje i verk naudsynte tiltak for å fremje undervisning i morsmålet og i kulturen i heimlandet.

FN vedtok på generalforsamlinga i desember 1993 standardreglar for å sikre rettane for dei funksjonshemma. Reglane er ikkje juridisk forpliktande. Det heiter mellom anna at opplæringa for funksjonshemma bør vere ein integrert del av det vanlege utdanningssystemet, og at organisasjonane til foreldregrupper og funksjonshemma bør bli dregne inn i utdanningsprosessen på alle nivå.

2.2 Om dei andre nordiske landa

I Danmark har foreldra fleirtalet i skolestyret, som kan avgjere prinsippa for verksemda i skolen. I Sverige har det vore liten tradisjon for at foreldra skal medverke i skolen. Ei lovendring i 1996 opnar for at det kan etablerast styre på skolane med foreldrefleirtal. I Finland avgjer kommunane om det skal vere styre («direktion») på skolane. I Island skal det vere eit rådgjevande foreldreråd på kvar skole, og ein foreldrerepresentant kan vere med i skolenemnda. I alle desse landa er det sjølvstendige foreldreorganisasjonar.

2.2.1 Danmark

Utviklinga i Danmark er prega av desentralisering, kommunalt sjølvstyre, fridom for foreldra til å velje skole og fridom til å starte skolar. Foreldra har gjennom lov sidan 1814 hatt hovudansvaret for å gje barnet sitt ei utdanning. Det vart sett inn i grunnlova i 1915 at plikta til undervisning kan bli gjeven av private skolar («friskoler»). Også grupper av foreldre kan etablere sin eigen skole. Frå 1919 har dei private skolane hatt rett til offentlege tilskott. I dag går om lag 12 pst av alle grunnskolebarn i private skolar. Kommunane har ansvaret for dei offentlege skolane.

I 1933 vart det teke inn i lov om folkeskolen (folkeskolelova) at ein kunne velje foreldreråd på skolen. Foreldra måtte sjølve ta initiativet. Foreldrerådet hadde liten innverknad på skolen. Ansvaret auka noko då foreldrerådet vart erstatta med skolenemnder i 1949. I samband med kommunereforma i 1970 vart skolenemndene obligatoriske. Foreldra hadde fleirtalet i nemndene. I 1975 vart det dessutan presisert i folkeskolelova at skolen skulle samarbeide også med foreldre som ikkje er tillitsvalde.

Folkeskolelova vart endra i 1989 (sett i verk frå 1990). Då vart mellom anna skolenemnda erstatta med eit skolestyre («skolebestyrelse») på kvar skole, og kommunen kunne delegere kommunal avgjerdsrett til dette skolestyret, med unnatak av løyvingar og arbeidsgjevarkompetanse. Skolestyret kan avgjere prinsippa for verksemda i skolen, mellom anna:

  • organisering av undervisninga, til dømes timetalet på kvart klassesteg, tilbod av valfag, spesialundervisning og plassering av elevar i klassar

  • samarbeidet mellom heimen og skolen

  • tilbakemelding til heimen om det utbytet eleven har av undervisninga

  • fordeling av arbeidet mellom lærarane

  • fellesarrangement for elevane

Skolestyret kan godkjenne budsjettet innanfor rammer gjevne av kommunen, godkjenne undervisningsmidlar og fastsetje ordensreglar. Dei skal uttale seg i samband med tilsetjing av leiarar og lærarar i skolen. Skoleleiaren har den daglege administrative og pedagogiske leiinga på skolen og er ansvarleg for verksemda i skolen overfor skolestyret og kommuneleiinga. Skolestyret fører tilsyn med verksemda i skolen. Tilsynet femner om alle sider ved skolen, også det som er kompetanseområdet til skoleleiaren.

Foreldrerepresentantane skal ha fleirtalet i skolestyret. Foreldra blir valde for fire år av alle foreldre med barn i denne skolen. Skoleleiaren er sekretær og har ikkje røysterett.

I mai 1997 vedtok folketinget nokre endringar i folkeskolelova, m.a. for å betre kommunikasjon mellom skolestyret og alle foreldra.

Folkeskolelova legg og på andre måtar stor vekt på samarbeidet mellom heimen og skolen. I føremålet heiter det mellom anna:

«Folkeskolens opgave er i samarbejde med forældrene at fremme elevernes tilegnelse av kunskaber, færdigheder, arbejdsmetoder og utryksformer, der medvirker til den enkelte elevs alsidige personlige udvikling.

Elever og forældre samarbejder med skolen om at leve op til folkeskolens formål.»

Foreldra kan krevje at barnet får tidlegare skolestart, og barnet har krav på å bli teke opp på ein skole utanfor sin eigen skolekrins. Det krev at skolen er villig, og at det kan skje innafor dei økonomiske rammene til denne skolen. Foreldra skal minst to gonger i året bli informerte av skolen om den faglege og sosiale utviklinga til sine eigne barn. Eit barn kan bli friteke for å vere med i kristendomsundervisninga når foreldra skriftleg stadfester at dei vil sørgje for religionsundervisninga til barnet.

Det er ingen føresegner om organisering av medverknaden til foreldra på klassenivå, i kommunen eller på regionalt nivå. Det er likevel vanleg at foreldra i ein klasse vel to til fire klassekontaktar som tek på seg eit særleg ansvar for kontakten med klassestyraren, for felles aktivitetar og for informasjon mellom klassen og heimane.

På nasjonalt nivå set undervisningsministeren ned eit folkeskoleråd. Det er eit rådgjevande organ på 15 medlemmer, oppnemnde av ministeren. To av medlemmene blir oppnemnde etter innstilling frå organisasjonen Skole og Samfund.

Skole og Samfund er ein frittståande medlemsorganisasjon for foreldrerepresentantane i skolestyra. Dei har lokalavdelingar i alle amt (fylke) og i København, men er elles ikkje organiserte på kommunenivået. Om lag 88 pst av alle folkeskolar er med. Organisasjonen blir finansiert av kontingenten frå medlemmene. Skole og Samfund har i 1997 eit budsjett på 4,3 mill. danske kroner og 5,5 stillingar i sekretariatet. Dei får eit tilskott frå staten på 0,2 mill. kroner, som skal dekkje reiseutgiftene til medlemmer av Skole og Samfund som tek del i statlege utval og liknande. Skole og Samfund er eit rådgjevande organ for undervisningsministeriet, og tek del i alle viktige komitear og i utgreiingar som har med samarbeidet mellom heimen og skolen å gjere. Dei legg elles stor vekt på rettleiing og skolering av foreldrerepresentantane i skolestyra.

2.2.2 Sverige

Skolen i Sverige har vore sentralstyrt, og det er liten tradisjon for at brukarane skal medverke i skolen eller at foreldra skal ha eigne organ i skolen. I 1981 vart det lovfesta at rektor skulle informere og ta med på råd representantar for elevane og foreldra i viktige spørsmål om skolen.

Endå om det ikkje er lovfesta, har mange skolar etablert forvaltningsråd, eit rådgjevande organ der elevar, foreldre og tilsette er likt representerte.

Det vart vedteke vesentlege endringar i styringa av skoleverket i 1991, då detaljert statleg styring vart erstatta av eit målstyrt system med stort lokalt ansvar. Kommunane fekk ansvaret for grunnskolen, medrekna arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette.

I målet for skolen er det lagt vekt på samarbeidet mellom heimen og skolen. Frå 1. juli 1994 har foreldra fått rett til å velje grunnskole innanfor kommunen. Retten gjeld ikkje når det går ut over andre elevar, eller når det fører til store organisatoriske eller økonomiske ulemper for kommunen. Når særlege grunnar tilseier det, kan elevar og gå på skole i ein annan kommune.

Foreldra avgjer om barna skal begynne på skolen som 6-åring eller 7-åring. Kommunen kan ikkje nekte for å gje tilbod, til dømes av økonomiske årsaker.

Tidlegare kunne det berre etablerast alternative skolar, dersom det var eit pedagogisk alternativ eller det var ein internasjonal skole. Frå 1994 vart det mykje lettare å etablere frittståande skolar. Dei har stor fridom i undervisningsopplegg, tilsetjingar og styring av skolen, men skal godkjennast av Skolverket. Desse skolane blir finansierte av dei kommunane elevane kjem frå.

Det er i lov eller føresegner ikkje sagt noko om medverknad frå foreldra på klassenivå, i kommunen eller på regionalt nivå. Det er likevel vanleg med klassekontaktar.

Den nye læreplanen frå 1994 (Lpo 94) dreg opp dei overordna måla og prinsippa for faga. Planen gjev eit stort ansvar og eit stort handlingsrom for den einskilde kommunen og skolen. I planen heiter det at innverknaden til foreldra på skolen skal aukast. Rektor har fått større ansvar for skolen, mellom anna for samarbeidet mellom heimen og skolen. Foreldra skal få informasjon om korleis det går med deira eigne barn. Minst ein gong i halvåret skal det vere ein utviklingssamtale mellom skolen, foreldra og eleven. Foreldreorganisasjonen Riksförbundet Hem och Skola ser på denne samtalen som kanskje den viktigaste kontakten mellom heimen og skolen. Samtalen har som føremål å utvikle samarbeidet, der innsatsen frå alle partar er like viktig. Det skal og leggjast vekt på at eleven skal ta ansvar og ha innverknad på sin eigen skolesituasjon.

9. mars 1995 gav regjeringa utdanningsministeren i oppdrag å setje ned ein komité som skulle sjå på det indre livet i grunnskolen, og komme med tilrådingar for å stimulere den pedagogiske utviklinga. Komiteen fekk namnet Skolkommitteen, og er samansett av personar med pedagogisk bakgrunn. I tillegg vart det sett ned ei referansegruppe med representantar for alle partia i Riksdagen og ei referansegruppe med representantar for sentrale interesseorganisasjonar (foreldre-, elev- og lærarorganisasjonar). Komiteen kom med sluttrapporten sin hausten 1997 (SOU 1997:21 «Skolfrågor. Om skola i en ny tid.» Slutbetänkande av Skolkommitéen). Første delinnstillinga var SOU 1995:103 «Föräldrar i självförvaltande skolor» frå november 1995. I utgreiinga er det lagt vekt på dei store endringane i samfunnet som stiller andre krav til skolen, og at samarbeidet mellom heimen og skolen blir svært viktig. Utgreiinga er og oppteken av at foreldra må få innverknad på det som er viktig for dei, det vil seie på sjølve undervisninga.

Det blir lagt stor vekt på at foreldra skal ha innverknad fordi dei er foreldre, med ein annan bakgrunn og eit anna perspektiv på skolen enn dei har som arbeider i skolen. Det er i dette møtet mellom ulike ståstader og synspunkt komiteen trur det kan skje ei positiv utvikling.

Komiteen tilrår at det blir opna for ulike forsøk med styre i grunnskolen. Det bør vere få grenser for kva styra kan få ansvaret for. Det bør vere opp til skolane og kommunane sjølve å komme med framlegga. Det bør i alle høve vere eit foreldrefleirtal i styret. Det blir grunngjeve med at dersom foreldra skal ha makt i skolen, må dei ha fleirtal. Komiteen seier vidare at dette ikkje er den viktigaste kanalen for foreldreinnverknad. Viktigare er kvardagskontakten med læraren og kontakten med klassen. Dei ser framlegget som ein prøvestein og eit signal om at foreldra må få større innverknad i skolen.

Riksdagen følgde opp tilrådingane frå Skolkommitten. I «Forordning om forsöksverksamhet med lokala styrelser i skolan» frå regjeringa, datert 6. juni 1996 heiter det at foreldra skal vere i fleirtal. I tillegg skal rektor og representantar for dei tilsette vere med. Representantar for elevane skal kunne møte og seie meininga si. Det er ikkje gjeve meir detaljerte føresegner om samansetjinga, eller om korleis vala skal skje. Endringa vart sett i verk frå 15. juli 1996 og gjeld ut juni år 2001. Den einskilde skolen må ta initiativet for å bli med på forsøk. Kommunen avgjer om skolen kan vere med og sender melding om det til Skolverket. Dei registrerer alle forsøk i ein database.

Det lokale styret er eit kommunalt organ som er lagt under den politiske nemnda som har ansvaret for utdanning. Den kommunale nemnda kan derfor gripe inn dersom ho meiner styret ikkje fungerer.

Kommunen avgjer kva for oppgåver og ansvar styret skal ha. Styret kan omfatte heile skolen eller delar av skolen. Rektor er framleis pedagogisk ansvarleg og ansvarleg for personalet. Styret kan ikkje få oppgåver som gjer at rektor ikkje kan utøve dette ansvaret. Styret kan heller ikkje ha avgjerdsrett i saker som gjeld einskildpersonar.

Lova er møtt med stor interesse og har skapt mykje debatt på skolane. Det blir registrert stor interesse for å gjennomføre forsøk.

Frå 1. august 1997 kan elevane ta del i det lokale styret som fullverdige medlemmer.

Riksförbundet Hem och Skola er ein sjølvstendig foreldreorganisasjon oppbygd av lokale foreiningar. Det er lokalforeiningar på om lag 1800 skolar, og 30-35 pst av foreldra med barn i grunnskolen er medlemmer i lokalforeiningane. Organisasjonen har eit budsjett på omlag 10 mill. svenske kroner. Dei viktigaste inntektskjeldene er kontingent frå lokalforeiningane, statstilskott og sal av informasjonsmateriell. Det er sju årsverk i sekretariatet. Organisasjonen har eit felles organ på fylkesnivået og arbeider for å få eit organisasjonsledd på kommunenivået. Lokalforeiningane har tradisjonelt arbeidd mykje med sosiale aktivitetar på skolen. Dei opplever nedgang i talet på medlemmer og har dei siste åra redusert talet på tilsette i sekretariatet.

2.2.3 Finland

Kommunane har ansvaret for drifta av grunnskolane. Frå 1984 måtte kommunestyret for valperioden oppnemne eit styre («direktion») på kvar skole. Styret kan vere felles for fleire skolar. Det har samanheng med at grunnskolane ofte er svært små i Finland. Det skulle vere sju medlemmer i styret, ein representant for lærarane, ein for andre tilsette og minst tre frå foreldra. Rektor er medlem og sekretær. Frå slutten av 1980-åra har kommunane sjølve avgjort om dei vil ha eit styre og korleis det skal setjast saman. Omlag 40 pst av kommunane har valt å fjerne styret.

I 1994 vart læreplanen vesentleg endra. Den nasjonale planen trekkjer opp dei overordna måla og prinsippa, medan skolane sjølve skal utvikle lokale planar ut frå dette. Heile skolesamfunnet - medrekna foreldra - skal arbeide ut planen. På den måten har foreldra fått større medverknad i det som skjer innanfor skolen.

Etter søknad kan elevar bli fritekne for religionsundervisning. Dei får i staden opplæring i livssynskunnskap. Finland arbeider med framlegg til ei ny utdanningslov. I høyringsutkastet er det mellom anna tilrådd at kommunane skal stå svært fritt til å organisere seg administrativt og politisk. Dei blir gjort framlegg om eit frivillig 6-års tilbod i skolen, der foreldra avgjer, og om at foreldra skal kunne velje skole for barna sine.

Det er ikkje i lova sagt noko om korleis foreldremedverknaden kan organiserast på skolane, i kommunane eller på nasjonalt nivå. Det er likevel vanleg med klassekontaktar, ofte representantar frå dei lokale foreldreorganisasjonane.

Det er to sjølvstendige foreldreorganisasjonar, ein for dei finskspråklege og ein for dei svenskspråklege (som omfattar om lag 6 pst av folketalet i Finland). Den finskspråklege organisasjonen arbeidde tidlegare mykje med temaet oppseding av barn, og hadde flest lærarar som medlemmer. Dei siste tjue åra har organisasjonen endra arbeidsmåte og hatt stor medlemsvekst. I 1995 skifta han namn frå Riksförbundet för skoleelevernas föräldrar i Finland til Finlands foreldreforbund (Suomen Vanhempainliitto). Organisasjonen har i dag 850 lokallag, medrekna 31 foreiningar av finskspråklege i Sverige. Dei er opne for foreldra frå barnehagen til den vidaregåande skolen, men har dei fleste lokallaga i grunnskolen.

Organisasjonen byggjer på lokale lag. Dei har ikkje medlemskontingent. Dei viktigaste inntektskjeldene er statstilskott og tilskott frå ein organisasjon som driv med speleautomatar (Penningautomatforeningen). Foreldreorganisasjonen har eit sentralt sekretariat på fem tilsette og to deltidstilsette i distrikta. Dei har ikkje noko organisasjonsledd på kommune- eller fylkesnivået. Sentralt arbeider dei mykje med å støtte det lokale arbeidet, i tillegg til å prøve og påverke den nasjonale utdanningspolitikken.

Förbundet Hem och Skola i Finland er ein medlemsorganisasjon for svenskspråklege foreldre med barn i grunnskolen og i den vidaregåande skolen. Dei har no 153 lokallag. Om lag ein tredel av alle svenskspråklege foreldre som har barn i grunnskolen eller i den vidaregåande skolen, er medlem. Forbundet har eit budsjett på 1,4 mill. norske kroner. Dei viktigaste inntektskjeldene er tilskott frå Penningautomatforeningen og statstilskottet. Dei har ein liten medlemskontingent. Sekretariatet har to tilsette. Dei har ikkje noko organisasjonsledd på kommune- eller fylkesnivået. Forbundet arbeider ut skriftleg materiell for foreldra og lærarane som støtte til samarbeidet på klasse- og skolenivå, og prøver å påverke den nasjonale utdanningspolitikken.

2.2.4 Island

Foreldra har ansvaret for oppseding og utdanning av barna. Det vart vedteke ei ny lov om grunnskolen i 1995. Kommunane fekk då ansvaret for den samla drifta av grunnskolen. Etter lova skal skolen samarbeide med heimen. I tillegg er foreldremedverknaden no tydelegare og sterkare organisert gjennom lova:

  • I kvart skoledistrikt skal det vere ei skolenemnd, som har ansvaret for skolen innanfor dei nasjonale rammene og innanfor pålegg frå kommunen.

  • Ein foreldreforeining, eller ei samanslutning av foreldra i skoledistriktet, vel ein forelder til skolenemnda. Foreldrerepresentanten har rett til å komme med framlegg. Den same retten har representantar for lærarane og skoleleiarane.

Dei tilsette på skolen skal arbeide for å styrkje samarbeidet mellom heimen og skolen, mellom anna gje informasjon til foreldra om arbeidet til sine eigne barn og om anna på skolen som er viktig for foreldra. Foreldra kan setje ned ei foreldreforeining på skolen for å støtte skolearbeidet og betre kontakten mellom heimen og skolen. På kvar grunnskole skal det vere eit foreldreråd. Foreldrerådet er samansett av tre foreldre, som ikkje arbeider på skolen, og er valt for to år. Foreldrerådet er eit rådgjevande organ, som tek opp og gjev fråsegn til skolen og skolenemnda om ulike planar for skolen, kontrollerer at planane blir presenterte for foreldra og at planane blir gjennomførte. Skoleleiaren skal minst to gonger i året kalle inn lærarrådet, elevrådet og foreldrerådet til felles møte for å gje opplysningar om arbeidet i skolen og drøfte saker som råda tek opp.

Det blir no arbeidd med å revidere læreplanen for grunnskolen og den vidaregåande skolen. Ei arbeidsgruppe med representantar for alle partia i Alltinget har drege opp retningsliner for arbeidet. Gruppa ser på skolen som eit samfunn med tre likeverdige partar: elevane, dei tilsette og foreldra. Gruppa seier det er viktig at samarbeidet i skolen byggjer på tillit og på gjensidig respekt. I denne samanhengen meiner utvalet at foreldreforeiningane spelar ei viktig rolle. Det er avgjerande at foreldra får nok informasjon om skolearbeidet og om alle planar som ligg føre. Resultatrapportar skal og gjerast tilgjengelege. Det må setjast opp spelereglar for korleis ein kan løyse usemje i skolesamfunnet. Det heiter dessutan at det er viktig at foreldra følgjer godt med i skolegangen til barna for å fremje ei positiv holdning til opplæring. Den nye læreplanen skal følgje opp desse retningslinjene og vil leggje stor vekt på foreldrerolla i opplæringa. Planen skal vere ferdig kring årsskiftet 1998/99.

Den nasjonale foreldreorganisasjonen (Landssamtökin Heimili og Skoli) vart skipa i 1992. Einskildpersonar eller familiar er direkte medlemmer. Det er foreldreforeiningar på dei fleste skolane, som er knytte til foreldreorganisasjonen. Det er samarbeidsorgan for foreldreforeiningane i nokre av dei større kommunane, men ingen organisasjon på regionalt nivå. Omlag ein tredel av alle familiar med barn i grunnskolen er medlem. Organisasjonen får no 160 000 norske kroner i året frå departementet til å lage informasjonsmateriell til foreldra. Organisasjonen avgjer kva som skal lagast, og må rapportere til departementet to gonger i året. Organisasjonen arbeider for å støtte det lokale foreldrearbeidet, mellom anna for å få fleire lokale foreldrelag, og for å påverke den nasjonale utdanningspolitikken.

2.3 Aktuelle land utanom Norden

I Nederland, England og Skottland kan foreldra velje kva for skole barnet skal gå på. I Nederland skal det på skolane vere eit deltakarråd med like mange foreldre og tilsette som skal drøfte viktige saker i skolen. Styret på skolen har mykje ansvar, men det er ikkje lovregulert om foreldra skal vere med. Det er fleire sjølvstendige foreldreorganisasjonar.

I England skal foreldra ha ein firedel av representantane i styret. I Skottland har foreldra fleirtal i styret, men styret har lite ansvar. I England og Skottland er det felles foreldre- og lærarorganisasjonar.

2.3.1 Nederland

Det er lovfesta at foreldra har hovudansvaret for opplæring av sine eigne barn. Alle innbyggjarar i landet har rett til å etablere ein skole utan statleg godkjenning. Grupper av innbyggjarar kan etablere skolar ut frå til dømes religiøs tru, ideologiske syn eller pedagogiske prinsipp. Kommunane eig om lag 35 pst av grunnskolane, resten er private. Dei to store kyrkjesamfunna, den romersk-katolske kyrkja og den protestantiske kyrkja, eig om lag 30 pst kvar. I tillegg er det andre livssynsskolar og ideologiske skolar, til dømes Montessoriskolar og Steinerskolar. Alle skolane er fullt ut finansierte av staten.

Det er ingen nasjonal læreplan, men ein felles avsluttande eksamen for alle elevane. Skolane vert kontrollerte av eit utdanningsdirektorat. Det er administrativt ein del av departementet, men fagleg uavhengig. Direktoratet vitjar skolane i gjennomsnitt ein gong annakvart år. Rapportane frå skolane er ikkje offentlege.

Etter utdanningslova skal foreldre, studentar og tilsette både på offentlege og private skolar ha rett til å vere med i diskusjonar og avgjerder av alle slag som er viktige for skolen. I 1992 vart det lovfesta at det skal vere eit deltakarråd på alle skolar. Rådet er samansett av like mange tilsette som foreldre. Styret på skolen skal leggje fram alle viktige saker for deltakarrådet før dei blir drøfta. Rådet har ei rådgjevande rolle i nokre saker, men har ei godkjennande rolle i særleg viktige saker, til dømes saker knytte til undervisningsmetodar og den lokale læreplanen. På den måten kan rådet hindre at vedtak i styret blir gjennomførte.

Det er ikkje regulert gjennom lov om foreldra skal ha medlemmer i styret på skolane. På dei private skolane har styret det overordna ansvaret. Eigaren nemner opp alle medlemmene til styret. Kommunestyret, eller eit utval under det, er styre for dei kommunale skolane. Rektor har det pedagogiske og administrative ansvaret for skolen. Det er foreldrerepresentantar i dei fleste styra på dei private skolane. I om lag ein firedel av dei protestantiske skolane er styret berre samansett av foreldrerepresentantar. Kommunane kan delegere ansvaret for leiinga av skolen til ein skolekomité der foreldra er med. Det er ein slik komité på om lag ein tidel av alle kommunale skolar.

I 1992 vart det lovfesta at foreldra kan velje eit foreldrerådpå skolen. I 1996 vart innverknaden til foreldra på skolen endå meir understreka. Alle foreldre som møter skolen for første gong, skal få ei skolehandbok, som inneheld oversikt over rettar og plikter i utdanninga. Det vart og presisert at det skal vere god kontakt mellom eventuelle foreldrerepresentantar i styret og dei andre foreldra. Det er i lov eller føresegner elles ikkje fastsett korleis foreldreengasjementet kan organiserast på andre nivå, til dømes klassen. Det er ikkje vanleg med klassekontaktar.

Foreldra blir i stor grad bruka på skolen, både til praktisk hjelp og i delar av undervisninga. Mange foreldre tek seg og fri frå arbeidet for å kunne hjelpe til.

Det er fire uavhengige nasjonale foreldreorganisasjonar, knytte til kven som eig skolen. Det vil seie at det er organisasjonar for dei offentlege skolane, dei katolske, dei protestantiske og andre private skolar. Alle er organiserte ut frå skolenivå, med skolen som medlem. I tillegg har eit par organisasjonar individuelle medlemmer.

Organisasjonane legg stor vekt på å skolere foreldrerepresentantane i deltakarråda og dei foreldra som er med i styret, støtte det lokale foreldrearbeidet og påverke den nasjonale utdanningspolitikken. Overfor skolane er det prioritert å få organisert foreldrearbeidet i klassen og å utvikle samarbeidet mellom foreldre og lærarar basert på at det er eit samarbeid mellom to likeverdige partar.

Etter avtale mellom utdanningsdepartementet og foreldreorganisasjonane blir ein viss sum overført til foreldreorganisasjonane for at dei skal organisere opplæring, rådgjeving og informasjon for foreldra. I gjennomsnitt omfattar dette 60 pst av inntektene til foreldreorganisasjonane. I tillegg kjem kontingentar, sal av materiell og liknande og andre tilskott.

Det er ein etablert rutine at utdanningsministeren kvar månad møter representantar for foreldreorganisasjonane, lærarorganisasjonane og dei som organiserer styra på skolane for informasjon og diskusjon om utdanningspolitiske spørsmål.

2.3.2 England

Dei kommunale styresmaktene (Local Education Area - LEA) har ansvaret for dei fleste grunnskolane. I tillegg er det nokre skolar knytte til ein spesiell religion («kyrkjeskolar«), private skolar (med foreldrebetaling) og sjølvstyrte skolar (Grant Maintained Schools - GM Schools). Den statlege styringa av alle skolane skjer gjennom utdanningslovgjeving og ein nasjonal læreplan med klart definerte utdanningsmål. Det er innført nasjonale testar. Resultata for kvar skole er offentlege.

Foreldra har etter lova ansvaret for å sikre at barna deira får utdanning når dei er mellom 5 og 16 år, og det blir lagt til grunn at barna skal få opplæring i samsvar med ønska til foreldra. Etter læreplanen kan foreldra velje at deira eigne barn ikkje skal følgje opplæringa i religionsundervisning og seksualundervisning. Foreldra i England fekk i 1980 på visse vilkår rett til å velje skole for barnet sitt. I 1988 vart retten forsterka, slik at alle foreldre no aktivt må søkje barnet inn på ein skole.

Skoleeigaren avgjer kriteria for inntak av elevar. Skolen pliktar å informere foreldra om kriteria før dei skal søkje skole for barnet sitt. Regjeringa legg stor vekt på at skolane skal gje god informasjon om skolevalet.

I 1988 fekk foreldra rett til, gjennom røysting, å avgjere om dei ville søkje om sjølvstyrte skolar (GM schools). Ein sjølvstyrt skole er ikkje lagd under dei lokale styresmaktene, men står direkte ansvarleg og blir finansiert av staten. Frå 1993 har frivillige grupper, mellom anna grupper av foreldre, fått rett til å etablere eigne sjølvstyrte skolar. Det er no om lag 1050 sjølvstyrte skolar i England, av totalt 22 200 primary schools og secondary schools.

Det har vore eit styre (Governing Body) på skolane sidan 1944. I 1986 vart utdanningslova endra, slik at styret fekk eit større ansvar. Det vart samstundes lovfesta at foreldra skal vere med i styret på skolen, med ein firedel av representantane. I tillegg sit rektor, representantar for dei tilsette og den lokale styresmakta i styret. Ingen grupper har fleirtal. Styret har eit overordna ansvar for skolen, og står ansvarleg overfor foreldra og dei lokale styresmaktene for korleis skolen fungerer. Det er understreka at styret skal halde nær kontakt med alle foreldra. Rektor har den daglege leiinga for og det daglege ansvaret på skolen.

I 1991 introduserte den britiske regjeringa foreldrecharteret. Det er ei samling av dei viktigaste rettane og pliktene til foreldra. Det er sendt til alle heimane i landet.

Det engelske skolesystemet legg vekt på kontroll av skolane. I 1992 etablerte regjeringa Office for Standards in Education (OFSTED). Målet med OFSTED er å betre resultata og kvaliteten på undervisninga gjennom fast og uavhengig inspeksjon, offentlege rapportar og rådgjeving. OFSTED inspiserer skolane, følgjer undervisninga og arbeidet i styret. Det er og vanleg at dei sender ut spørjeskjema til foreldra og held eit møte med alle foreldre for å få synspunkta deira.

Det er ikkje i lov eller føresegner regulert korleis foreldra skal medverke på ulike nivå. Dei fleste skolane har likevel ei felles foreldre- og lærarforeining (og somme stader reine foreldreforeiningar). Foreldra er representerte i tre firedelar av alle dei kommunale skolenemndene (LEA).

Labour-regjeringa la 7. juli 1997 fram ei stortingsmelding (White paper) med tittelen Excellence in schools. Regjeringa slår fast at utdanning har høgaste prioritet. Det blir lagt vekt på å auke standarden for dei mange i skolen. Regjeringa meiner ein berre kan få det til gjennom samarbeid, der skolen, lærarane og foreldra er dei mest sentrale. Regjeringa ser elles ut til å ville føre vidare viktige sider ved det noverande skolesystemet, mellom anna ordninga med fritt skoleval og stor vekt på kontroll av skolane. Endringar som er viktige i denne samanheng, er mellom anna:

  • Heim-skoleavtalar på alle skolar. Avtalen skal ikkje vere juridisk bindande. Avtalen kan ta opp kva foreldra kan vente av standarden på undervisninga, verdigrunnlaget på skolen, krav til eleven om regulært og presist oppmøte, reglar for disiplin, heimearbeid og avklaring av kva for informasjon foreldra og skolen vil gje til kvarandre.

  • Større representasjon av foreldra i styret på skolen (men ikkje fleirtal).

  • Obligatorisk foreldrerepresentasjon med røysterett i utdanningskomiteen i kommunane (LEA)

  • Nasjonale retningsliner for heimearbeid.

  • Alle skolar på barnesteget (Primary schools) skal ha ein plan for å involvere foreldra i korleis barna lærer å lese og korleis dei kan bli dyktigare i matematikk og litteratur.

  • Oppmuntre til meir effektiv læring i familiane. Stimulere til prosjekt for å få til læreprosessar i familiar som ikkje er vande med det.

  • Tilrå overfor styra på skolane at dei arbeider for å skipe lokale heim-skoleforeiningar.

  • Klarare retningsliner og betre informasjon om val av skoleplass.

  • Departementet skal arbeide meir utoverretta og i samarbeid med foreldra, lærarane, skolane og kommunane.

Endringane vart følgt opp i framlegg til ny utdanningslov 4. desember 1997.

National Confederation of Parent Teacher Associations (NCPTA) er ein nasjonal foreldre-lærarorganisasjon for grunnskolen og dei vidaregåande skolane. Dei har 11 000 medlemsskolar, det vil seie om lag halvparten av alle grunnskolane og dei vidaregåande skolane. I det nasjonale styret skal det alltid vere eit fleirtal av foreldre. Organisasjonen har eit nasjonalt sekretariat med fem tilsette. Organisasjonen blir finansiert med kontingentar frå medlemmene og sal av forsikringar. Skolen er medlem direkte i den nasjonale foreininga. Foreldra og lærarane er og organiserte på kommunenivå (LEA-nivå). Overfor skolane legg NCPTA vekt på å auke foreldreengasjementet og betre samarbeidet mellom heimen og skolen. Dei lokale foreldre-lærarorganisasjonane arbeider mykje med å samle inn pengar til ulike formål på skolen.

2.3.3 Skottland

Det skotske skolesystemet byggjer på eigne lover, som på fleire område skil seg frå dei engelske. Landet er oppdelt i 32 utdanningsområde (Education Authorities - EA), som er ansvarlege for undervisninga både på grunnskolenivå og på nivået for dei vidaregåande skolane. Om lag 95 pst av skolane er statlege, resten er private skolar. Skottland har ikkje ein nasjonal læreplan, men nasjonale retningsliner for utdanninga. I tillegg er det sett opp nasjonale standardar som alle skolane skal prøve å nå opp til.

Foreldra har etter lova ansvaret for å sikre at barna deira får ei utdanning når dei er mellom 5 og 16 år, og det blir lagt til grunn at barna skal få ei opplæring i samsvar med ønska til foreldra. Skotske foreldre har tidlegare ikkje hatt noko særleg sentral rolle i skolen. Det er tradisjon for at rektor har ei sterk rolle. Det har skjedd store endringar i det skotske utdanningssystemet frå 1980-åra, på same måten som i England.

I 1981 vart lova endra slik at foreldra fekk rett til å velje skole for barnet sitt. Den lokale skoleeigaren (EA) fastsette inntaksreglane innanfor visse nasjonale rammer. I motstening til i England høyrer elevane i utgangspunktet framleis til eit inntaksområde, og må berre søkje om skoleplass dersom dei ikkje vil gå på den skolen som høyrer til inntaksområdet.

I 1988 vart det lovfesta at det kanetablerast styre på skolen (School Board). Styret er samansett av foreldrerepresentantar, representantar frå dei tilsette og frå kommunen. Foreldra skal ha fleirtalet. Styret blir berre etablert dersom fleirtalet av foreldra vil det. No har 74 pst av skolane på barnesteget og 93 pst på ungdomssteget etablert eit styre. Styret har relativt lite ansvar og få fullmakter. Etter lova kan styret søkje om å få meir ansvar. Det er ikkje noko ønskje frå foreldre-lærarorganisasjonen om å gje styret større ansvar.

I 1991 la den britiske regjeringa fram foreldrecharteret for foreldre i Skottland. Det klargjer både rettane og pliktene til foreldra. Charteret vart revidert i 1995.

Skottland har følgt England med at ein kan etablere sjølvstyrte skolar, som er heilt uavhengige av den lokale skoleeigaren. Styret har då det fulle ansvaret for skolen, som blir finansiert direkte frå The Scottish Office (det skotske utdanningsdepartementet). Det er no berre to slike skolar av totalt 2738 skolar i landet.

Det blir lagt stor vekt på inspeksjon av skolane. Den viktigaste reiskapen er HM Inspectors of Schools, som inspiserer og evaluerer skolane. Dei er fagleg uavhengige, men administrativt ein del av det skotske utdanningsdepartementet. HM Inspectors of Schools skal mellom anna be om synspunkt frå foreldra og frå styret på skolen i evalueringa. Rapportane er offentlege.

Skoleeigaren må publisere informasjon om skolane, til dømes eksamensresultata, kor mange elevar som fell ut, skolekostnader og fråvære. Dersom foreldra spør, skal dei få ei handbok som gjev nærare informasjon om desse resultata på deira eigen skole. Alle skolane må i tillegg informere foreldra om den faglege utviklinga til barna deira.

Det er ikkje i lov eller føresegner regulert korleis foreldra skal medverke på klassenivå.

Labour-regjeringa seier dei legg større vekt på foreldrerolla i skolen. Foreldrecharteret blir revidert, og regjeringa ønskjer å auke samarbeidet mellom heimen og skolen i opplæringa av barnet. Konkrete framlegg til omleggingar i skolesystemet blir først framlagde når det skotske parlamentet blir etablert.

Scottish Parent Teacher Council (SPTC) er ein nasjonal foreldre-lærarorganisasjon for grunnskolen og den vidaregåande skolen. Den einskilde skolen er medlem av organisasjonen. Dei viktigaste inntektskjeldene er medlemskontingent og sal av forsikringar. Dei har eit sekretariat som no er på eitt årsverk. SPTC gjev informasjon til foreldra og lærarane og tek vare på foreldreinteressene i statlege komitear. Medlemmene blir informerte om utviklinga gjennom nyhendebrev, og synspunkta deira blir kartlagde gjennom ei årleg undersøking.

Styret på skolane blir støtta og skolerte av the Scottish School Board Association (SSBA). Sekretariatet har fire årsverk. Det er ein sjølvfinansiert organisasjon, som hovudsakleg blir finansiert av medlemskontingent, sal av materiell og liknande.

2.4 Oppsummering

Denne gjennomgangen av korleis foreldremedverknaden og samarbeidet mellom heimen og skolen er organisert, viser (jfr. tabell 2.1):

  • Noreg er det einaste landet der det i lov eller føresegner til lov er slått fast at det bør vere klassekontaktar. I nokre andre land blir det også etablert klassekontaktar. Foreldreorganisasjonane, legg vekt på å få til slike ordningar.

  • Berre i Noreg er det gjennom lov slått fast at det skal vere eit fellesorgan av alle foreldre på skolen med eit arbeidsutval (FAU). På Island og i Nederland er det heimla i lov, men avhengig av at foreldra sjølve vil det.

  • Det er store skilnader på om det er eit styre på skolen med avgjerdsrett. Det er lovfesta i Danmark, Nederland, England og Irland. I Sverige er det vedteke ei forsøkslov som gjer det mogeleg, dersom skolen og kommunen ønskjer det. Berre i Danmark og i forsøkslova i Sverige har foreldra fleirtalet i eit styre med avgjerdsrett.

  • Berre på Island har foreldrerepresentantane lovfesta møte- og talerett i skolenemnda. Labour-regjeringa i England har og gjort framlegg om at foreldra skal vere med i det kommunale organet som har ansvaret for skolen.

  • Noreg er det einaste landet der det i lov er slått fast at det skal vere eit rådgjevande statleg foreldreorgan. I alle dei andre landa er det ein eller fleire nasjonale foreldreorganisasjonar, bygde på medlemskap og lokale kontingentar.

Tabell 2.1 Oversyn over det formelle samarbeidssystemet basert på gjeldande lovgjeving.
LandTillitsvalde foreldre i klassenFellesorgan for foreldre på skolenStyre på skolen med avgjerdsrettForeldrerepresentant i styretForeldra organisert på kommunenivå e.l.Statleg foreldreorgan
NoregTilrådd i føresegn med ein kvinneleg og ein mannleg klassekontaktJaTil vanleg berre uttalerett. Kommunen kan delegereJa, min. 2Ikkje heimla i lov, men vanleg med kommunale foreldreutvalUtval oppnemnd av departementet (FUG)
DanmarkIkkje heimla i lov, men vanlegNeiJaJa, fleirtalNei, berre på fylkesnivåNei**
SverigeIkkje heimla i lov, men vanlegIkkje heimla i lov, men sjølvstendig foreldreorganisasjonTil vanleg ikkje. ForsøkslovForeldra har fleirtal etter forsøkslovenNeiNei**
FinlandIkkje heimla i lov, men vanlegIkkje heimla i lov, men sjølvstendig foreldreorganisasjonFrivillig, men 60 pst av kommunane har detJa, min. 3NeiNei**
IslandIkkje heimla i lovJa, dersom foreldra vilNei, berre rådgjevande foreldreråd-Foreldrerepresentant møte- og talerett i skolenemndaNei**
NederlandIkkje heimla i lovJa, dersom foreldra vil. I tillegg sjølvstendige foreldreorganisasjonarJa. I tillegg deltakarråd med uttale- og dels godkjenningsrettEigar avgjer styresamansetjing. Foreldra halve deltakarrådetBerre foreldreorganisasjon for dei kommunale skolaneNei**
EnglandIkkje heimla i lovIkkje heimla i lov, men vanleg med felles foreldrelærar organisasjonJaJa, 1/4 av representantane*Ikkje heimla i lov, men vanleg med felles foreldrelærarorganisasjon*Nei**
SkottlandIkkje heimla i lovIkkje heimla i lov, men mange foreldre-lærarorganisasjonarJa, dersom foreldra vil. Styret har liten avgjerdsrettJa, fleirtalIkkje heimla i lov, men mange foreldre-lærarorganisasjonarNei**

* Den nye regjeringa gjer framlegg om at talet på foreldrerepresentantar i styret skal auke noko, og at foreldra skal ha minimum éin representant med fulle rettar i utdanningskomiteen i kommunen.

** Det er ikkje noko statleg foreldreorgan, men uavhengige foreldreorganisasjonar i desse landa. I England og Skottland er det foreldre-lærarorganisasjonar.