Bilde av barn.– Fleire menn i barnehagen er viktig både for barna og for å klare å sikre nok kvalifisert personale i barnehagane, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell. Solhjell delte i dag ut prisar til Kråkeslottet barnehage i Tromsø, Bergen kommune og Universitetet i Agder. Prisvinnarane har merkt seg ut i arbeidet med gjennomføring av handlingsplanen "Den gode barnehagen er ein likestilt barnehage" (2004 -2007) det siste året.

 

Prisane vart delte ut i Tromsø på avslutningskonferansen for handlingsplanen.

- Arbeidet har vore med på å auke medvitet og gi meir kunnskap om likestilling i barnehagane. Men framleis er det langt att til at alle barnehagar følgjer opp ansvaret sitt etter rammeplanen. Kommunar og barnehagar må arbeide aktivt for å tilsetje fleire menn. Innsatsen for likestilling i barnehagen skal førast vidare i ny strategi for likestilling i barnehage og grunnopplæring frå 2008 til 2012, seier Solhjell. 

Prisen for beste barnehage gjekk til Kråkeslottet barnehage i Tromsø. Barnehagen har over 40 prosent menn blant dei tilsette og har drive likestillingsarbeid i mange år. Barnehagen satsar spesielt på friluftsliv og kulturaktivitetar.

Prisen til beste kommune gjekk til Bergen kommune. Bergen har hatt den største prosentvise auken av menn i barnehagane i handlingsplanperioden. Bergen starta på 8 prosent menn i 2004 og har no godt over 15 prosent menn.

Prisen til beste utdanningsinstitusjon gjekk til Universitetet i Agder. Universitetet har tatt eit heilskapeleg grep om likestillingsarbeidet i dei utdanningane universitetet tilbyr. Universitetet  har mellom anna oppretta eit eige Senter for likestilling.

Det er tredje året at likestillingspriser for godt arbeid for å få fleire menn i barnehagen blir delte ut.