- Gode lærarar er ein føresetnad for at elevane skal lære. Eg er glad for at vi no kan leggje fram eit varig opplegg for vidareutdanning av lærarar, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.
Strategien for vidareutdanning av lærarar er utarbeidd i samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, KS, lærarorganisasjonane og Universitets- og høgskulerådet.
- Vi veit at kompetansen til lærarane og resultata til elevane heng saman, men berre ein femdel av lærarane i den norske grunnskulen har fordjuping på minst eitt år i faga dei underviser i. No legg vi til rette for at fleire lærarar skal få betre fagleg kompetanse, seier Solhjell.
Partane har blitt samde om eit system for finansiering der staten dekkjer alle kostnader til studieplassar. Staten dekkjer 40 prosent av kostnadene til vikar, det same gjer kommunane. Dei siste 20 prosentane blir dekte av lærarane sjølve. Dei ordinære arbeidsoppgåvene som lærarane har, skal bli reduserte i studietida.
Vidareutdanninga blir først og fremst retta mot fagområde og emne som det på landsbasis er behov for å styrkje. Frå 2009 til 2012 vil mellom anna vidareutdanning i matematikk, norsk, samisk og engelsk bli prioritert. Opplegget gir vidareutdanning til dei lærarane som er med, i eit omfang på inntil 60 studiepoeng i det enkelte fag eller område. Ordninga skal omfatte både lærarar som ikkje har fordjuping frå før, lærarar som har noko fordjuping og lærarar som ønskjer å la vidareutdanninga gå inn i ein mastergrad.
- Eg er glad for at vi har fått på plass ei langsiktig vidareutdanningsordning som gjer det lettare for lærarar og kommunar å planleggje kompetanseutvikling, seier kunnskapsministeren.
Lenkje til "Kompetanse for kvalitet. Strategi for videreutdanning av lærere." (pdf)

Bilete: Partane la fram strategien på konferansen "Kvalitet i opplæringa" måndag. Frå venstre: Knut P. Hanevik (Nasjonalt råd for lærarutdanninga), Helga Hjetland (Utdanningsforbundet), hovedstyremedlem, Gunn Berit Gjerde (KS) og kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.