Kunnskapsministeren:
– Spennande utfordringar med realfag!
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 05.02.2008
Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell lanserte i dag realfagskampanjen "Den verkelege verda". Kampanjen skal få 15-åringane til å sjå dei spennande tilboda som ligg der om ein vel å satse på realfaga.
Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell lanserte i dag realfagskampanjen "Den verkelege verda". Kampanjen skal få alle 15-åringane i landet til å sjå dei spennande tilboda som ligg der om ein vel å satse på realfaga.
– Viktige samfunnsspørsmål i høve til klima og bistand krev auka realfagleg kompetanse. Mange spennande yrke er også baserte på realfagkunnskap, seier kunnskapsministeren.
Solhjell viser til at norsk samfunns- og næringsliv har behov for fleire tusen nye medarbeidarar med realfagkompetanse dei neste åra. –Eg vonar kampanjen vil medverke til å bryte ned nokre av mytane omkring dei yrka der realfag er nødvendige, seier han.
Kunnskapsdepartementet koordinerer arbeidet med kampanjen som har som mål å få fleire elevar til å velje realfag på vidaregåande skule. Mellom anna satsar ein på to reklamefilmar som skal gjere elevane nyfikne på kampanjesida www.denvirkeligeverden.no. På denne nettsida kan elevane finne meir informasjon om alt det spennande som opnar seg dersom dei vel ei realfagleg utdanning.
I tillegg er det utarbeidd brosjyrar og plakatar som ligg i ei kampanjepakke som skal sendast til alle ungdomsskular i landet.
Nasjonalt forum for realfag vart etablert i 2006, og mange aktørar i norsk samfunns- og næringsliv er med. Forumet skal være ein møteplass mellom regjering, arbeidsliv og utdanningssektoren der ein kan følgje utviklinga i realfaga, styrkje samarbeidet mellom ulike aktørar og foreslå tiltak retta mot utfordringane i realfaga.
I Nasjonalt forum for realfag er representantar frå desse med: NHO, LO, KS, Norsk Industri, Abelia, Oljeindustriens landsforening, Energibedriftenes landsforening, Tekniske Entreprenørers Landsforening, Tekna, NITO, Universitets- og høgskolerådet, Utdanningsdirektoratet, Noregs forskningsråd, Utdanningsforbundet, Nærings- og handelsdepartementet, Olje- og energidepartementet og Kunnskapsdepartementet.