Illustrasjonsbilde abrnehager

 

Regjeringa aukar måltalet for utbygging av barnehageplassar i 2008 frå 7 700 til 18 000 heiltidsplassar. Med dette er det lagt til rette for at 264 000 barn vil ha eit barnehagetilbod innan utgangen av året.

Måltalet for etablering av nye barnehageplassar i 2008 blir auka som følgje av at utbygginga i 2007 vart noko lågare enn det som har vore føresetnaden, og fordi ei undersøking frå TNS Gallup viser at kommunane har planar om å byggje 18 000 heiltidsplassar i 2008. Foreløpige tal syner at det også i 2007 vart etablert 18 000 nye heiltidsplassar, som gav plass til 14 500 fleire barn i barnehage.  

For å kunne ta i bruk fleire barnehageplassar raskt er det formålstenleg å nytte barnehagelokale for mellombels bruk. Regjeringa foreslår derfor å auke tilskottet til faste plassar i slike lokale. Satsen for ein heiltidsplass er foreslått auka frå kroner 8 400 til kroner 20 000, og satsen for ein deltidsplass blir auka frå kroner 4 200 til kroner 10 000. 

 – Vi aukar tilskottet til etablering av barnehagelokale for mellombels bruk slik at  kommunane lettare kan nå målet om full barnehagedekning , seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Lenke til Kunnskapsdepartementets budsjettsider