Historisk arkiv

Betre grunnlag for val i vidaregåande opplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

- Med faget ”Utdanningsval” får elevane betre grunnlag for å gjere rette val når dei byrjar i vidaregåande opplæring, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

- Med faget ”Utdanningsval” får elevane betre grunnlag for å gjere rette val når dei byrjar i vidaregåande opplæring, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

 

Ny læreplan for faget ”Utdanningsval” (tidlegare ”Programfag til val”) på ungdomssteget er no fastsett. Det er òg fastsett ein ny regel om at elevane på ungdomssteget kan ta fag frå vidaregåande opplæring.

”Utdanningsval” – obligatorisk for alle frå hausten

Ved innføring av Kunnskapsløftet la Stortinget stor vekt på å styrkje ungdomssteget. ”Programfag til val” vart innført som eit eige emne på ungdomssteget. Etter to år med lokale utprøvingar, er det no fastsett ein læreplan for faget som blir obligatorisk for alle skular frå skulestart til hausten. Faget har fått nytt namn, ”Utdanningsval”, og har eit omfang på 113 timar. Elevane skal prøve ut minst to av utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring. Ordninga inneber eit samarbeid mellom grunnskular og vidaregåande skular, både på studieførebuande - og yrkesfaglege utdanningsprogram. Elevane får ikkje karakter, men ”delteke” i faget.

Fag frå vidaregåande på ungdomssteget

Elevar på ungdomssteget får no også høve til å ta matematikk, engelsk, andre framandspråk, naturfag eller samfunnsfag frå vidaregåande opplæring medan dei er elevar på ungdomssteget, dersom skulen legg til rette for det.

- No får vi på plass to ordningar som er viktige reiskapar for betre tilpassa opplæring på ungdomssteget. Eg har tru på at dette kan vere med på å redusere talet på elevar som fell frå i vidaregåande opplæring, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Læreplanen ligg på nettstaden til Utdanningsdirektoratet