Elevane skal få bøker i tide
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 30-08 | Dato: 25.04.2008 | Sist oppdatert: 28.04.2008
– Det er svært uheldig om elevane skal starte på nok eit skuleår utan nødvendige bøker, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i samband med at Utdanningsdirektoratet har spurt fylkeskommunane om korleis dei førebur innkjøp av læremiddel til elevane til skulestarten hausten 2008.
Utdanningsdirektoratet har spurt fylkeskommunane om korleis dei førebur innkjøp av læremiddel til elevane til skulestarten hausten 2008. Rapportane viser at fleire fylkeskommunar ikkje følgjer godt nok opp. – Det er svært uheldig om elevane skal starte på nok eit skuleår utan nødvendige bøker, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.
Hausten 2007 opplevde mange elevar i vidaregåande opplæring at det ikkje fanst læremiddel til skulestart. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell tok derfor initiativ til fleire tiltak for å hindre at læremidla blir forseinka også no til hausten. Eit av tiltaka var å syte for rapportering frå fylkeskommunane om korleis dei førebur læremiddelinnkjøpa til hausten.
Det er særleg på to område rapporteringa viser at nokre fylkeskommunar ikkje følgjer opp godt nok. Det gjeld å setje tydlege og tidlege fristar for bestillingar av læremiddel frå skulane, og det gjeld å krevje at læremidla ligg føre i begge målformer til same tid og same pris.
– Ein kan ikkje gjere avtale i august om levering av læremiddel dersom elevane skal ha dei til skulestart, seier Solhjell.
Sju fylkeskommunar kontrollerer ikkje at bøkene dei kjøper inn, ligg føre i begge målformer. – Eg har ønskt å spørje fylkeskommunane spesielt om nynorske læremiddel, fordi eg veit at dette er eit område mange ikkje tek alvorleg nok, seier kunnskapsministeren. – Dette har eg no fått stadfesta. Fleire fylkeskommunar kontrollerer ikkje om læremidla ligg føre til same tid og til same pris på bokmål og nynorsk slik opplæringslova seier.
Solhjell vil no be Utdanningsdirektoratet følgje opp rapporteringa mellom anna gjennom å seie frå til fylkeskommunane at rutinane må bli betre.
Utdanningsdirektoratet: "Innkjøp av læremidler til skoleåret 2008/2009"