Fleire studentbustader og auka studiestøtte
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 07.10.2008
Regjeringa meiner at utdanningsfinansieringa skal leggje til rette for at det skal vere mogleg for alle å ta utdanning og at alle skal ha høve til å studere på heiltid. For å auke talet på studentbustader foreslår ein å løyve 220,8 millionar kroner i 2009. Det vil gi om lag 1000 nye studentbustader i 2009.
Regjeringa meiner at utdanningsfinansieringa skal leggje til rette for at det skal vere mogleg for alle å ta utdanning og at alle skal ha høve til å studere på heiltid. For å auke talet på studentbustader foreslår ein å løyve 220,8 millionar kroner i 2009. Det vil gi om lag 1000 nye studentbustader i 2009.

For å sikre at kjøpekrafta til studentane blir halden ved like, foreslår regjeringa at alle støttesatsar i utdanningsstøtteordninga blir oppjusterte med 3 prosent frå undervisningsåret 2009–2010. Det tilsvarer den forventa auken i konsumprisindeksen. Basistøtta til studentar i høgare utdanning vil auke frå 85 000 kroner i året i 2008–2009 til 87 600 kroner i året i 2009–2010.
Regjeringa foreslår å løyve 220,8 millionar kroner til om lag 1000 nye studentbustader i 2009, avhengig av kvar i landet dei blir bygde. Det er ein auke på om lag 70 millionar kroner frå 2008 til 2009. Det blir òg foreslått å auke kostnadsramma for tilsegner med opp til 100 000 kroner når behovet er knytt til miljø- og energifremjande tiltak og universell utforming.
– Ved å byggje 1000 nye studentbustader oppfyller regjeringa løfta i Soria Moria-erklæringa, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland. I samsvar med Soria Moria-erklæringa ønskjer regjeringa å setje i gang eit omfattande program for bygging av ikkje-kommersielle utleigebustader, låginnskotsbustader, studentbustader og små eigarbustader.
Regjeringa har med dette forslaget totalt gitt tilsegner til om lag 2600 studentbustader sidan 2006.
Utvida fødselsstipend og støtte til funksjonshemma studentar
Regjeringa ønskjer å leggje betre til rette for studentar som får barn i studietida. Derfor vil regjeringa at perioden med fødselsstipend skal utvidast med to veker, frå 42 til 44 veker.
Fokus på lik rett til utdanning inneber òg å ta omsyn til dei særskilde behova funksjonshemma har for utdanningsfinansiering. Etter regelverket som gjeld i dag, blir det gitt støtte til eitt års forseinking for alle studentar. Regjeringa foreslår at funksjonshemma studentar skal ha rett til støtte til utsetjing ut over eit år når det blir dokumentert at forseinkinga kjem av at læringsmiljøet ved lærestaden ikkje er tilpassa den nedsette funksjonsevna til studentane.
Lenke til Kunnskapsdepartementets budsjettsider