Historisk arkiv

KRL-faget blir endra til religion, livssyn og etikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

KRL-faget som vi har i dag, blir endra til religion, livssyn og etikk (RLE). Det vil bli lagt vekt på at kristendommen, andre verdsreligionar, livssyn og etikk skal formidlast på ein kvalitativt likeverdig måte. Kunnskap om kristendommen skal framleis vere den kvantitativt største delen av lærestoffet.

Dette er hovudpunkta i det forslaget regjeringa no legg fram om endringar i den delen av opplæringslova som gjeld KRL-faget. Endringane følgjer opp dommen mot den norske staten i Den europeiske menneskerettsdomstolen i saka om KRL-faget.

- Vi får no eit fag som er i samsvar med menneskerettane, og som gir elevane eit   godt grunnlag for å setje seg inn i viktige problemstillingar knytte til religion, livssyn og etikk. RLE-faget gir også eit viktig signal til skulane om at alle religionar skal behandlast på ein likeverdig måte i undervisninga, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Han legg samstundes vekt på at kristendommen framleis har den kvantitative største delen av faget, ut frå den verdien kristendommen har for norsk historie og kulturarv.

29. juni 2007 kom dommen i Den europeiske menneskerettsdomstolen om fritaksordninga i det norske KRL-faget. Domstolen slo fast at den opphavlege ordninga med KRL-faget var i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Dommen kritiserte mellom anna delar av korleis lova presenterte innhaldet i faget. Regjeringa fremmar derfor no også forslag om endringar i den delen av lova som tek for seg innhaldet.

Domstolen har som utgangspunkt at ei obligatorisk opplæring om religionar og livssyn skal vere objektiv, kritisk og pluralistisk. Desse tre omgrepa er derfor tekne inn i lovregelen som ei rettesnor for korleis skulen skal undervise i faget. Departementet vil seinare i vår fastsetje ny læreplan i faget på grunnlag behandlinga av forslaget i Stortinget.

Regjeringa har tidlegare lagt fram forslag om nytt formål for opplæringa. Dommen tek også opp forholdet mellom formålet og KRL-faget. Ei eventuell endring av formålet for opplæringa vil derfor vere del av tiltaka for at skulane i framtida skal vere trygge på at dei underviser i samsvar med menneskerettane.

Lenke til Ot. prp. nr. 54