Historisk arkiv

Kunnskapsdepartementets budsjett for 2009:

Kunnskap for framtida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Den raudgrøne regjeringa satsar på barnehage, utdanning og forsking for å utvikle Velferds-Noreg. Regjeringa foreslår mellom anna å bruke om lag 2 milliardar kroner på å styrkje kvaliteten i skulen i 2009. Tiltak knytte til å lyfte lærarstatusen, gjere læraryrket meir attraktivt og heve kvaliteten i grunnopplæringa skal prioriterast.

Illustrasjonsbilde

– Vi skal satse kraftig på skulen i åra som kjem. Særleg vil vi ta grep for å få fleire lærarar og gi lærarane eit betre grunnlag for å utføre yrket sitt, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell og forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland.   

Lærarbudsjett

Lærarane er ein av dei viktigaste faktorane for at elevane skal få eit godt læringsutbytte. Regjeringa meiner at det trengst fleire lærarar i grunnopplæringa, og vil derfor satse langsiktig på dei. Til saman blir det foreslått løyvt om lag 1 milliard kroner til slike tiltak i 2009.

Behovet for fleire og betre lærarar er stort. Regjeringa vil derfor bruke om lag 50 millionar kroner på ulike tiltak for å rekruttere fleire til læraryrket. Det må særleg satsast på å rekruttere til vidaregåande opplæring, der behovet er størst. Regjeringa vil til dømes innføre ei ordning for ettergiving av studiegjeld for å rekruttere fleire lærarar i framandspråk og realfag i vidaregåande skule. 

Regjeringa foreslår vidare å bruke om lag 100 millionar kroner til ulike tiltak for å styrkje lærarutdanninga i 2009. Fleire nyutdanna lærarar vil få rettleiing, og det skal opprettast 180 nye studieplassar innanfor praktisk-pedagogisk utdanning. Regjeringa vil ved årsskiftet 2008–2009 leggje fram ei stortingsmelding om lærarrolla og lærarutdanninga der tiltak for å styrkje kvaliteten i lærarutdanninga og betre rekrutteringa til yrket blir nærmare konkretiserte.

Regjeringa vil bruke om lag 400 millionar kroner på å opprette eit varig system for etter- og vidareutdanning av lærarar og rektorar frå 2009.

Rektorutdanninga skal etablerast hausten 2009 og skal vere eit tilbod til alle nytilsette rektorar og ein del rektorar som ikkje har slik utdanning frå før. 

 

Andre viktige satsingar i 2009-budsjettet: 

Skule

Regjeringa legg opp til å bruke 430 millionar kroner på å gjere det mogleg for fleire lærarar å gi betre opplæringa i norsk/samisk og matematikk på 1.–4. steget frå hausten 2009. Det vil gi tettare oppfølging av kvar elev. Regjeringa foreslår vidare at det blir sett av meir tid til fysisk aktivitet på barnesteget, tilsvarande to veketimar frå hausten 2009.

Regjeringa vil òg vidareutvikle det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Frå hausten 2009 skal elevar på alle steg i vidaregåande opplæring få gratis læremiddel.

Det skal i tillegg øyremerkjast midlar til tiltak mot mobbing og til å styrkje arbeidet for eit trygt og inkluderande læringsmiljø. 

Kunnskapen om utdanningssektoren skal òg styrkjast gjennom auka satsing på utdanningsforsking. 

Regjeringa foreslår å innføre ei ny rentekompensasjonsordning for skule- og symjeanlegg. Over ein periode på åtte år tek regjeringa sikte på at ordninga skal setje kommunesektoren i stand til å ta opp rentefrie lån på til saman 15 milliardar kroner. I budsjettet for 2009 foreslår regjeringa å setje av 2 milliardar kroner til dette formålet. 

Forsking

Regjeringa foreslår å opprette om lag 200 nye rekrutteringsstillingar, fordelte på stipendiat-, postdoktor- og nærings-Ph.D.-stillingar. I tillegg ønskjer regjeringa å auke satsen per nye rekrutteringsstilling til 800 000 kroner for å dekkje meir av kostnadene som er knytte til stillinga. 

For å sikre ei langsiktig og stabil finansiering av forsking foreslår regjeringa å auke kapitalen i fondet for forsking og nyskaping med 6 milliardar kroner. Regjeringa foreslår å nytte 190 millionar kroner av den auka avkastinga til vitskapleg utstyr frå 2010. I 2009 blir det i tillegg foreslått ei eingongsløyving på 80 millionar kroner til forskingsinfrastruktur. 

Samla aukar løyvingane til forsking og utvikling i statsbudsjettet med om lag 1,6 milliardar kroner, til om lag 19,7 milliardar kroner. Det er ein realauke på om lag 4,4 prosent samanlikna med 2008. 

Nye bygg

Regjeringa foreslår å løyve totalt 80 millionar kroner til nybygg ved Det odontologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen og bygg for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo i 2009. Regjeringa foreslår at arbeidet på nytt bygg for samlokaliseringa av Høgskolen i Bergen blir sett i gang i 2010.  

Studiestøtte

Regjeringa foreslår vidare å auke satsane i utdanningsstøtteordningane gjennom Lånekassa med 3 prosent frå undervisningsåret 2009–2010. Det tilsvarer den venta auken i konsumprisindeksen. Basisstøtta i høgare utdanning blir 87 600 kroner for undervisningsåret 2009–2010. Regjeringa foreslår òg å byggje opp til 1000 nye studentbustader i 2009. 

I mål med barnehagesatsinga

Regjeringa foreslår at ein frå og med 2009 vidarefører maksimalprisen for foreldrebetaling nominelt inntil prisen er redusert til 1750 kroner (2005-kroner) per månad. Maksimalprisen for ein heiltidsplass i 2009 blir derfor foreslått sett til 2330 kroner per månad, tilsvarande 25 630 kroner per år. 

Regjeringa foreslår å etablere 150 nye studieplassar i ordinær førskulelærarutdanning og 150 studieplassar i eittårig etter- og vidareutdanningstilbod, og å styrkje satsinga på førskulelærarutdanning for mellom anna assistentar i barnehagane. Det er foreslått å auke løyvinga til dette formålet med 15 millionar kroner i 2009. 

Lenke til Kunnskapsdepartementets budsjettsider