Illustrasjonsbilde_Samfoto

OECD la i dag fram ein rapport om norsk fag- og yrkesopplæring. – Rapporten stadfester det biletet vi kjenner. Den norske fag- og yrkesopplæringa er god, men alt for mange fell frå, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell. - Vi treng ein meir praktisk skule der alle skal få utfordringar og lære meir. 

I OECD-rapporten ”Learning for Jobs” skryt organisasjonen av norsk fag- og yrkesopplæring, men peiker òg på nokre utfordringar. Betre opplæring av instruktørar og tiltak mot det store fråfallet i vidaregåande opplæring er område som Noreg må gjere noko med. 

Etterutdanning av instruktørar

-   Vi deler i all hovudsak synspunkta som kjem fram i OECD-analysen, seier Solhjell. Derfor foreslår vi 70 millionar i statsbudsjettet for 2009 til etterutdanning av instruktørar i yrkesfaga. Utdanningsdirektoratet får no i oppgåve å leggje fram forslag til korleis vi kan gjennomføre denne opplæringa. Det er òg nødvendig å gjere noko med fråfallet. I dag fullfører berre to av tre den vidaregåande opplæringa på normert tid. 

Meir praktisk og røyndomsnær ungdomsskule

I kommentaren til OECD-rapporten peikte kunnskapsministeren på behovet for å gå gjennom Kunnskapsløftet for å sikre at skulen passer betre for fleire. Mellom anna varsla ministeren ein meir praktisk og røyndomsnær ungdomsskule, ein praktisk start på vidaregåande opplæring for fleire yrkesfag og meir støtte til dei som slit. 

-   Samstundes tek  mykje av arbeidet mot fråfall til mykje tidlegare enn i vidaregåande. Innsatsen startar allereie i barnehagen. I grunnskulen og i ungdomsskulen blir det gjort mykje: fleire lærarar, timetalsutviding, fleire kartleggingsprøver, meir rådgiving, høve til å ta praksisbrev og auke i talet på læreplassar. Det nye faget utdanningsval i ungdomsskulen gjer det mogleg for flinke elevar til å velje fag frå høgare nivå, seier Solhjell. 

Store utfordringar krev stor innsats

-   Fråfallstalet har vore stabilt dei siste ti åra. Det tyder på at det ikkje finst enkle løysingar på problema. Men store utfordringar krev stor innsats, seier kunnskapsministeren. Han legg òg vekt på at det må vere større utfordringar for dei som er fagleg sterke. 

Frå hausten 2008 er ordninga med praksisbrev utvida til å gjelde fleire fagområde og alle fylka. Praksisbrev gir verdifull kompetanse som seinare kan føre fram til fullt fagbrev.

Du kan lese rapportene på OECDs nettsider

Se nett-tv overføring av pressekonferansen