Illustrasjonsbilde av to jenter.Tal, rom og form er eit nytt fagområde i rammeplan for oppgåvene til barnehagen, og Kunnskapsdepartementet lanserer no eit temahefte med opplegg for aktivitetar.

 – Vi har eit stort behov for at elevar i skulen skal få betre matematikkunnskapar. Det er derfor viktig å starte arbeidet tidleg og gjere barn alt medan dei er i barnehagen, nyfikne på matematikk, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

”Matematikk omgir oss og angår oss hele livet.” Slik startar temaheftet Antall, rom og form som Kunnskapsdepartementet no sender ut til alle barnehagane i landet.

I barnehagen er matematikk ein naturleg del av leiken og kvardagen til barna. Behovet for kunnskap og kompetanse om korleis fagområdet kan leggjast til rette i barnehagane, er likevel stort. 

 

Fagområdet Tal, rom og form er tett knytt saman med dei andre fagområda i rammeplanen for barnehagen. Temahefte skal auke kunnskapen om kva matematikk for små barn er, og skal gi idear og inspirasjon til korleis vaksne gjennom leik og aktivitetar i kvardagen kan møte barn med matematikk og stimulere dei på dette området. Temaheftet er derfor i stor grad bygt opp med utgangspunkt i døme frå barnehagen.