Historisk arkiv

TIMSS - på rett veg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

- Men framleis store utfordringar, seier kunnskapsministeren.

For første gongen sidan 1995 ser vi ei positiv utvikling i prestasjonane frå norske elevar i matematikk og naturfag, det gjeld særleg elevar på fjerde steget. - Pila no har snudd, norske elevar lærer meir, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell om dei norske resultata i den internasjonale undersøkinga ”TIMSS 2007”.

Illustrasjonbilde av barn i skolenFor første gongen sidan 1995 ser vi ei positiv utvikling i prestasjonane frå norske elevar i matematikk og naturfag, og det gjeld særleg elevar på fjerde steget.
- Pila har no snudd, og norske elevar lærer meir, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell om dei norske resultata i den internasjonale undersøkinga ”TIMSS 2007” - som vart offentleggjorde i dag.

TIMSS
Trends in International Mathematics and Science Study (TIMSS) er ein internasjonal studie som måler kunnskapar i matematikk og naturfag for elevar på fjerde og åttande steget i meir enn 60 land. TIMSS blir gjennomførd kvart fjerde år, og Noreg var også med i 1995 og 2003. Her i landet er det Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling ved Universitetet i Oslo (ILS) som står for undersøkinga.  

Resultata viser framgang
Samanlikna med tidlegare år viser resultata  framgang i matematikk- og naturfagprestasjonane til elevane, spesielt på fjerde steget. Solhjell meiner det særleg er to forhold som forklarer den positive utviklinga: 

- Vi legg auka vekt på tidleg innsats i den norske skulen og styrkjer innsatsen på dei første stega i barneskulen med fleire timar og betre oppfølging, seier Solhjell.

Forskarane peiker òg på at fleire lærarar enn før har fått fagleg relevant etter- og vidareutdanning.

- Vi ser no at ei slik satsing gir resultat. Gode lærarar er det viktigaste for læringa til elevane. Vi har derfor denne hausten lagt fram eit nytt, varig opplegg for vidareutdanning av lærarar, seier Solhjell. 

Han peiker òg på at skulen gjennom Kunnskapsløftet dei siste åra har lagt større vekt på kunnskap og grunnleggjande dugleikar og lover å halde fast ved dette i åra som kjem. 

 

TIMSS Norge (Institutt for lærerutdanning og skoleutvikkling, Universitetet i Oslo)
www.timss.no

TIMSS hos IEA (International Association for the Evaluation of Educational Achievement)
www.iea.nl/timss2007

TIMSS hos Utdanningsdirketoratet
www.udir.no