Historisk arkiv

Aukar forskingsfondet til 77 milliardar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2010 å auke kapitalen i fondet for forsking og nyskaping med 5 milliardar kroner. Samla blir fondet dermed på 77 milliardar kroner. Den raudgrøne regjeringa har dermed auka kapitalen i fondet med til saman 41 milliardar kroner.

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2010 å auke kapitalen i fondet for forsking og nyskaping med 5 milliardar kroner. Samla blir fondet dermed på 77 milliardar kroner. Den raudgrøne regjeringa har dermed auka kapitalen i fondet med til saman 41 milliardar kroner.

Dei samla løyvingane til forsking og utvikling i forslaget til statsbudsjett for 2010 er på om lag 22,5 milliardar kroner. Når ein inkluderer Skattefunnordninga, blir anslaget for den offentlege FoU-finansieringa på 23,6 milliardar kroner, noko som tilsvarer 0,97 prosent av BNP.  

–  Dette viser at den raudgrøne regjeringa følgjer opp dei nye måla i stortingsmeldinga Klima for forskning med ein solid auke i løyvingane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland. 

Viktige prioriteringar i 2010:

  • Klimaforsking
  • Forsking på fornybar energi - karbonfangst og ‑lagring
  • Forskingsinfrastruktur 
  • Regional forsking og verdiskaping

I forslaget til statsbudsjett for 2010 går regjeringa inn for at to tredjedelar av den nye kapitalen i fondet for forsking  og nyskaping skal øyremerkjast forskingsinfrastruktur. Det vil gi ei stabil årleg løyving på 140 millionar kroner, noko som inneber at den delen av fondsavkastinga som er øyremerkt infrastruktur, blir dobla frå og med 2011 – frå 140 til 280 millionar kroner. – For å følgje opp målet om høg kvalitet i forskinga er det heilt avgjerande at norske forskarar har tilgang til oppdatert forskingsinfrastruktur, seier Aasland. 

Klima- og miljøforsking

Regjeringa foreslår å satse 300 millionar kroner på forsking på fornybar energi og karbonfangst og ‑lagring, inkludert opptak av CO2 og lagring av karbon innanfor landbruket. Midlane skal mellom anna nyttast til å satse meir på infrastruktur og frie arenaer innanfor grunnforsking og innovasjon. Regjeringa foreslår derfor til dømes å vidareføre og styrkje ordninga med forskingssenter for miljøvennleg energi (FME).

– Ei av dei viktigaste utfordringane vi står overfor i dag, er klimaendringane, seier Aasland. Forskingssatsinga vil gi oss betre forståing av klimaendringane og effektane dei har på natur og samfunn, og sikrare kunnskap om moglege framtidssituasjonar regionalt og globalt. 

Regjeringa har etablert Klima21 som eit strategisk samarbeidsforum for klimaforsking, og eit permanent forum vil bli etablert i 2010. Forumet skal mellom anna sjå på samanhengen mellom norsk forskingsinnsats og internasjonal klimaforsking. Strategien frå Klima21 blir eit viktig grunnlag for prioriteringane i klimaforskinga i åra framover. Med grunnlag i innspel frå Klima21 foreslår regjeringa å løyve 50 millionar kroner til anna klimaforsking i 2010. 20 millionar kroner gå til å etablere eit senter for klimaforsking i Bergen, og 23 millionar kroner skal gå til å styrkje forskingsprogrammet NORKLIMA. 7 millionar kroner av løyvinga til Klima21 vil gå til norsk deltaking i nordisk toppforskingsprogram og sekretariat for Klima21. 

Regional verdiskaping

Regjeringa foreslo i statsbudsjettet for 2009 å etablere regionale forskingsfond som skal styrkje forskingsinnsatsen i regionane og samspelet mellom næringsliv, offentlege aktørar og forskingsinstitusjonane. I 2010 vil dei regionale forskingsfonda ha ei avkastning på 212,4 millionar kroner. 

Regjeringa foreslår fleire ulike satsingar som har som mål å styrkje den regionale verdiskapinga og bidra til å utvikle eit nyskapande og berekraftig næringsliv. Løyvingane til ordninga med nærings-ph.d. er foreslått styrkt med om lag 50 millionar kroner over budsjetta til Nærings- og handelsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), eit program som skal stimulere til auka forskingsinnsats i næringslivet, blir foreslått styrkt med 18 millionar kroner. Regjeringa foreslår vidare å løyve 100 millionar kroner til ei satsing på miljøteknologi over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet. Satsinga skal bidra til å fremje forretningsutvikling som bidreg til at Noreg når miljømålsetjingane sine. 

Regjeringa vil vidare gå inn for ei målretta satsing på marin bioprospektering for å utløyse verdiskapingspotensialet i dette. Løyvingane til formålet er derfor foreslått styrkte med 19 millionar kroner over budsjetta til Fiskeri- og kystdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet som ein del av den nasjonale strategien Marin bioprospektering – ei kjelde til ny og berekraftig verdiskaping. Dette er òg ein viktig del av programmet Barents 2020 – for kunnskapsutvikling i nord, og i 2010 foreslår regjeringa ein auke på 20 millionar kroner til programmet. 

– Det å utvikle og ta i bruk ny kunnskap er avgjerande for å auke verdiskapinga i norsk økonomi og sikre at vi har omstillingsevne i møte med nye utfordringar, globalt og nasjonalt, seier Aasland. 

Regjeringa foreslår at medisinsk og helse- og sosialfagleg forsking blir styrkt med 26 millionar kroner over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet. Satsinga skal mellom anna rettast mot rus- og rustenesteforsking. 

Bruk av forskingsressursar

Regjeringa ønskjer ei meir effektiv utnytting av resultat og ressursar i forskinga. Som varsla i forskingsmeldinga set regjeringa ned eit ekspertutval som skal sjå på mål, ressursar og resultat av forskingsinnsatsen. Utvalet skal mellom anna identifisere gode resultatmål for offentlege løyvingar til forsking og formålstenlege resultatindikatorar på måloppnåing innanfor dei ni forskingspolitiske måla. Som ein del av dette målet har regjeringa òg bedt Noregs forskingsråd arbeide vidare med å utvikle og setje i gang eit forskingsprogram retta mot forsking og innovasjon, FORFI. Kunnskaps­departementet foreslår å løyve 7 millionar kroner til FORFI-programmet i 2010 som ein del av ei satsing på til saman 35 millionar kroner over fem år.