-  Fleire undervisningstimar og gratis leksehjelp skal sikre meir og betre læring. Vi trappar òg opp kampen mot fråfall i den vidaregåande skulen, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell om forslag til statsbudsjett for 2010.

Det blir foreslått å løyve til saman 241 millionar kroner til å utvide skuledagen og innføre leksehjelp. I tillegg blir det foreslått 58 millionar kroner til auka fullføring i den vidaregåande opplæringa og 40 millionar kroner til kultur i skulen. 

Heilskapleg skuledag

– Fleire undervisningstimar er viktig for å sikre betre læring. Gratis leksehjelp er eit målretta tiltak for elevar og foreldre som ønskjer ekstra støtte i opplæringa, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell. Regjeringa foreslår å løyve til saman 241 millionar kroner som eit ledd i å innføre ein heilskapleg skuledag for elevar på 1.–7. trinnet.

For 1.–7. trinnet blir det foreslått å utvide undervisningstimetalet med éin veketime frå hausten 2010. 64 millionar kroner skal gå til dette tiltaket. For å bidra til betre læring gjennom tidleg innsats foreslår regjeringa òg å innføre eit tilbod om åtte veketimar gratis leksehjelp fordelte på 1.–4. trinnet. 

Auka fullføring

– Målet vårt er at fleire skal fullføre den vidaregåande opplæringa. Det vil gjere ungdom godt rusta til arbeidsliv og vidare utdanning, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

I dag oppnår berre om lag 70 prosent av elevane studie- eller yrkeskompetanse etter fem år i vidaregåande opplæring. Regjeringa foreslår derfor å satse 58 millionar kroner i 2010 mellom anna for å følgje opp elevar med svake resultat på kartleggingsprøvar og for å prøve ut eit nytt praktisk fag i fag- og yrkesopplæringa. 

Kulturskular

– Vi vil at alle barn som ønskjer det, skal få eit kulturskuletilbod av god kvalitet og til ein rimeleg pris, seier Solhjell. For å styrkje kulturskuletilbodet blir det i 2010 foreslått å løyve 40 millionar kroner frå Kulturløftet II som eit øyremerkt statleg stimuleringstilskot til kulturskular eller kulturaktivitetar i skulen. Midlane skal gå til forsøk med ulike modellar av kulturtilbod på 1.–4. trinnet. 

Rentekompensasjonsordninga for skule- og symjeanlegg

Regjeringa vidarefører rente­kompensasjons­ordninga for skule- og symjeanlegg. Det blir foreslått å fase inn ytterlegare to milliardar kroner i 2010. Budsjetteffekten vil vere 28 millionar kroner i 2010. Regelverket for ordninga vil bli endra, slik at kommunar og fylkeskommunar innanfor den tildelte ramma òg kan søkje om rentekompensasjon til rehabilitering og vedlikehald av skulebygg på vegner av private grunnskular og private vidaregåande skular med rett til statstilskot. 

Tilskot til lærebedrifter

Regjeringa foreslår å løyve 190 millionar kroner i auka tilskot til lærebedrifter gjennom rammeoverføringane til fylkeskommunane i 2010. Det er ei vidareføring frå tiltakspakken som blei lagd fram i januar i år. Det blir opna for at tillegget kan bli brukt til å stimulere bransjar eller bedrifter med konjunkturproblem til å vidareføre eksisterande lærekontraktar og til å stimulere nye bedrifter til å ta inn lærlingar. Regjeringa vil òg vidareføre auken i løyvinga til lærlingar med særskilde behov med 10 millionar kroner i 2010. 

Toppidrett

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at private toppidrettsgymnas skal kunne gi eit tilbod om særleg tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, og foreslår å løyve 10 millionar kroner ekstra til det.