Historisk arkiv

Demonstrasjonsbarnehagar skal gi meir likestilling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet har i dag valt ut dei første 12 demonstrasjonsbarnehagane for arbeidet deira med å rekruttere menn. Dei 12 institusjonane skal vere eit førebilete for andre barnehagar.

Kunnskapsdepartementet har i dag valt ut dei første 12 demonstrasjonsbarnehagane for arbeidet deira med å rekruttere menn. Dei 12 institusjonane skal vere eit førebilete for andre barnehagar.

– Desse 12 barnehagane har gjort ein stor innsats for å rekruttere menn. Eg vonar dei kan inspirere andre til å arbeide meir for at menn oftare blir å finne som tilsette i barnehagane, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

I handlingsplanen for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008-2010, har regjeringa eit mål om at 20 prosent av dei barnehagetilsette skal vere menn. Eit av dei viktigaste tiltaka  for å inspirere til å  nå dette målet er å peike ut demonstrasjonsbarnehagar. Barnehagane som er valde ut,  har arbeidd aktivt og har nådd målet om at 20 prosent av dei tilsette er menn.

Departementet har i fleire år funne fram til demonstrasjonsskular som har vore viktige for andre skular som ønskjer å gjere seg nytte av den kunnskapen og dei erfaringane som demonstrasjonsskulane kan vise til. Departementet har som mål  at demonstrasjonsbarnehagane kan fungerer på same positive måten.

Demonstrasjonsbarnehagane vil i to år ta i mot 50 000 kroner i statlege midlar, som gjer at dei har plikt på seg til å informere og rettleie andre barnehagar om rekruttering av menn, og om korleis ein kan halde på dei mennene som har fått stilling i barnehagane. I tillegg skal midlane nyttast til å utvikle vidare eige arbeid med likestilling i demonstrasjonsbarnehagane.

I 2007 var det tilsett i overkant av 7 000 menn i barnehagane, dvs. 9,2 pst av alle tilsette.

 

Dess barnehagane er i dag peikte ut  til demonstrasjonsbarnehagar for 2009-2010:

 

Valhall barnehage                           Porsgrunn kommune                     Telemark

Skattekista barnehage                    Larvik kommune                           Vestfold

Reier barnehage                             Moss kommune                            Østfold

Tørtberg Kanvas-barnehage             Oslo kommune                             Oslo

Eidsvågneset barnehage                 Bergen kommune                          Hordaland

Vatnekrossen barnehage AS            Sandnes kommune                        Rogaland

Hokus Pokus barnehage                 Kristiansand kommune                   Vest-Agder

Eplehagen barnehage                    Kristiansand kommune                   Vest-Agder

Guldbergaunet Førskole AS             Steinkjer kommune                        Nord-Trøndelag

Monssveen barnehage                   Gjøvik kommune                            Oppland

Prestelva barnehage                      Sortland kommune                         Nordland

Tusseladden Friluftsbarnehage       Tromsø kommune                           Troms