Historisk arkiv

Prioriterer kunnskap og utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Budsjettet til Kunnskapsdepartementet aukar med totalt 4,1 milliardar kroner i 2011, noko som inneber ein vekst på 4,4 prosent. – Vi er glade for at regjeringa innanfor eit stramt budsjett har valt å prioritere det viktigaste for framtida, kunnskapssektoren, seier statsrådane Kristin Halvorsen og Tora Aasland.

Budsjettet til Kunnskapsdepartementet aukar med totalt 4,1 milliardar kroner i 2011, noko som inneber ein vekst på 4,4 prosent. – Vi er glade for at regjeringa innanfor eit stramt budsjett har valt å prioritere det viktigaste for framtida, kunnskapssektoren, seier statsrådane Kristin Halvorsen og Tora Aasland.

Kvalitet i barnehagane, nye barnehageplassar og tiltak som skal sikre at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring, er klare prioriteringar i budsjettforslaget til Kunnskapsdepartementet for 2011. Til desse tiltaka blir det til saman foreslått å løyve ein milliard kroner. I tillegg skal opptakskapasiteten ved universitet og høgskular aukast tilsvarande 2200 nye studieplassar. Grunnforskinga blir styrkt med 60 millionar kroner.

Fleire skal fullføre vidaregåande

I budsjettet styrkjer ein innsatsen for at fleire skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Til satsinga Ny GIV (Gjennomføring i vidaregåande opplæring) blir det sett av 175 millionar kroner. Til saman blir det sett av 425 millionar kroner til at fleire skal fullføre vidaregåande i 2011.

Gjennom satsinga Ny GIV skal regjeringa i samarbeid med fylka og kommunane sørgje for tettare oppfølging av elevar som står i fare for å falle frå. Midlane som blir løyvde, skal mellom anna brukast til å sikre dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane i overgangen mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring, til etterutdanningstilbod for lærarar på ungdomstrinnet og til betre yrkesretting i den vidaregåande opplæringa. – Regjeringa legg med dette til rette for ei utvida satsing på utdanning for å møte det stadig større behovet samfunnet kjem til å ha for kompetanse i framtida, og på den enkelte sitt behov for ei utdanning som gir ein trygg ståstad i arbeidslivet, seier Kristin Halvorsen.

Barnehage og skule

  • Kvalitetstiltak i barnehagane blir auka med 25 millionar kroner til 130 millionar kroner, mellom anna til rekruttering til førskulelærarutdanninga, tiltak for læringsmiljøet i barnehagane og vidareutdanning for fagarbeidarar.
  • Foreldrebetalinga blir reelt sett redusert ved at ein held maksimalprisen på same nivået som i fjor. Regjeringa har sett ned maksimalprisen med 31 prosent frå 2005 til og med 2011. Det tilsvarer ei årleg innsparing på nesten 20 000 kroner for ein familie med to barn i barnehage.
  • Som eit ledd i ein femårig opptrappingsplan for likeverdige tilskot til ikkje-kommunale barnehagar blir det foreslått å løyve 92,5 millionar kroner ekstra.
  • Regjeringa vidarefører dei øyremerkte tilskota til etablering av barnehageplassar. Det blir sett av 73 millionar kroner til å etablere om lag 4900 barnehageplassar i 2011.

Totalt har løyvingane frå staten til barnehagane auka frå 13,5 til 28,6 milliardar kroner under denne regjeringa. Dryge 28 milliardar kroner blir i 2011 innlemma i rammetilskotet til kommunane. 

  • Rentekompensasjonsordninga for rehabilitering av og investering i skule- og symjeanlegg blir styrkt med ei investeringsramme på ytterlegare 2 milliardar kroner i 2011.
  • Tilskotsmodellen for private grunnskular er justert, slik at han betre fangar opp dei reelle kostnadene som skal inkluderast etter privatskulelova. Det inneber at løyvinga til private grunnskular blir styrkt med 43 millionar kroner.
  • Tilskota til kommunane blir auka med over 350 millionar kroner til vidareføring av gratis leksehjelp og til timetalsutvidinga for 1. til 4. trinnet som regjeringa innførte i 2010.
  • For å kompensere kommunane og fylkeskommunane for at det er innført rett til skyss for funksjonshemma til og frå skulefritidsordninga i skuleåret, blir det foreslått løyvd 26,6 millionar kroner. 

Høgare utdanning og forsking

– Det blir stadig fleire personar i alderen 20–25 år. Regjeringa har derfor valt å prioritere betre utdanningskapasitet ved institusjonane. Dette er òg den beste investeringa landet kan gjere på lang sikt. Det blir foreslått å opprette 2200 nye studieplassar hausten 2011. Det inneber at regjeringa vil ha fullfinansiert nesten 18 000 fleire studieplassar i 2015 samanlikna med 2008, seier statsråd Tora Aasland.

Høgare utdanning

  • For å styrkje den langsiktige kunnskapsutviklinga i samfunnet og auke utdanningskapasiteten foreslår regjeringa at det blir oppretta 2200 nye studieplassar frå hausten 2011.
  • Lærarutdanningane får høgare utteljing i finansieringssystemet. I 2014 vil det medføre ei styrking av lærarutdanningane med om lag 114 millionar kroner.
  • Alle igangsette byggjeprosjekt blir vidareførte, med ein kostnad på 1,2 milliardar kroner i 2011. Det blir dessutan sett av 470 millionar kroner i utstyrstilskot til byggjeprosjekta i 2011. Andre fasen av restaureringa av sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo får ei startløyving på 45 millionar kroner.
  • Det blir foreslått å løyve 50 millionar kroner til ulike samarbeidsprosessar i universitets- og høgskulesektoren også i 2011. Dei felles administrative einingane i sektoren blir styrkte med 19 millionar kroner i 2011-budsjettet (NOKUT, Samordna opptak, BIBSYS og Artsdatabanken).
  •  Det skal byggjast fleire studentbustader, og det blir foreslått bygd om lag 1000 nye hybeleiningar i 2011.
  • Det blir sett av 14 millionar kroner til å styrkje studiefinansieringa for studentar med redusert funksjonsevne.

Forsking

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett inneber offentlege investeringar i forsking og utvikling på om lag 24,3 milliardar kroner. Det tilsvarer ein nominell vekst på 550 millionar kroner frå saldert budsjett for 2010. Dessutan blir det foreslått å auke kapitalen i Forskingsfondet med tre milliardar kroner.

– Den banebrytande forskinga er heilt avgjerande for at ein skal finne løysinga på kva Noreg skal leve av når oljen tek slutt. Regjeringa har derfor prioritert å auke løyvingane til grunnforsking med 60 millionar kroner i 2011. Ved å utvide den opne konkurransearenaen for framifrå forsking (FRIPRO) sikrar vi finansiering til dei beste forskingsmiljøa, seier Aasland. – Med dette tiltaket legg vi grunnlaget for dei uventa forskingsfunna. 

Utvalde satsingar:

  • Regjeringa foreslår å styrkje innsatsen på den opne konkurransearenaen for framifrå forsking (grunnforsking) gjennom Forskingsrådet med 60 millionar kroner i 2011.
  • Kapitalen i Forskingsfondet blir foreslått auka med 3 milliardar kroner i 2011.
  • Regjeringa foreslo i 2009 og 2010 å øyremerkje delar av avkastinga frå kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping til forskingsinfrastruktur. Det vil i 2011 utgjere 280 millionar kroner til forskingsutstyr.
  • Regjeringa styrkjer satsinga på utdanningsforsking. I 2011 vil departementet tildele 65 millionar kroner til utdanningsforsking og etablering av eit nytt kunnskapssenter for utdanning frå 1. januar.
  • Polarforskinga blir styrkt med 45 millionar kroner.
  • Vidare vil det bli løyvd 10 millionar kroner til å byggje ein ny vêrradar i Finnmark i 2011.