Historisk arkiv

40 millionar kulturkroner fordelt til born og unge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

For tredje år på rad er det fordelt 40 millionar kroner frå Kulturløftet II til prosjekt og tiltak med ynskje om å stimulere til eit betre kulturtilbod for born og unge. I år er det tildelt mest støtte til prosjekt som fremjar samarbeid mellom kulturskular og skular/SFO. For første gang er det i år gitt støtte til prosjekt som involverer dei nye valfaga på ungdomstrinnet.

– Regjeringas mål er at fleire skal utvikle sine talent og få ei god oppleving med kunst og kultur. Samstundes skal kunst og kultur ha ein sentral plass i skulen, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kommunar, kulturskular og organisasjonar har vist stor interesse for desse midlane. Det blei motteke 353 søknader, og av desse har 224 fått støtte. Mesteparten av tildelinga i år går til prosjekt som fremjar samarbeid mellom kulturskulen og skulen/SFO.  Dette gjeld ikkje minst ungdomstrinnet og dei nye valfaga. Målet er å byggje ein arena for samarbeid mellom kulturskulane og skulane.

– Desse prosjekta vil kunne skape eit endå tettare samarbeid mellom kulturskular og skular/SFO. Samarbeidet vil gje eit kulturskuletilbod til langt fleire elevar og gje meir kvalitet i opplæringa. I skulen skal kunst og kultur ha ein sentral plass og fremjast gjennom alle skulens fag, i tillegg til kompetansemåla i dei praktisk- estetiske faga, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Prosjekta får støtte til å utvikle eit mangfaldig og betre kulturtilbod til fleire elevar, utvikle den kulturelle kompetansen til elevane, og leggje til rette for betre utnytting av dagens ressursar.

– God tilgang til kunst og deltaking i kulturelle aktivitetar kan bidra til at born og unge betre meistrar tilveret og får eit større utbytte av opplæringa. Skapande verksemd gjer varierte arbeidsmåtar og stimulerar meistring i skulearbeidet, seier Kristin Halvorsen.

Det har blitt gitt tilskot til tre ulike prosjekttypar: kombinerte stillingar til skule/kulturskule, nye utviklingsprosjekt og vidareføring av etablerte prosjekt.

I søknadsbehandlinga er det lagt vekt på låg terskel for å nytte tilbodet, tilbod til fleire og nye elevgrupper, og utviklingsprosjekt som når alle barn og unge i heile opplæringslaupet. Det vert lagt vekt på fagleg så vel som skapande verksemd og refleksjon.

I fjor fekk 210 prosjekt tildelt midlar, medan det for 2010 var 184 prosjekt som fekk tildelt midlar frå Kulturløftet II.

Talet på prosjekt som får støtte i kvart fylke: 

Akershus              60   Oslo    16
Aust-Agder 18   Rogaland 11
Buskerud 18   Sogn og Fjord 13
Finnmark 6   Sør-Trøndelag 35
Hedmark 24   Telemark 8
Hordaland 30   Troms 10
Møre og Romsdal 14   Vest-Agder 13
Nordland 18   Vestfold 13
Nord-Trøndelag 15   Østfold 10
Oppland 25      

                                                            

 

 

 

 

 

 

 

Sjå fullstendig fordeling i vedlegget.