Historisk arkiv

Vil arbeide heilskapleg med kvalitet i barnehagen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa vil samkøyre arbeidet med den nye rammeplanen og den planlagde gjennomgangen av barnehagelova. Målet er betre kvalitet i barnehagane.

Regjeringa vil samkøyre arbeidet med den nye rammeplanen og den planlagde gjennomgangen av barnehagelova. Målet er betre kvalitet i barnehagane.

 

-  Regjeringa har gitt eit løfte til barna, foreldra, dei tilsette og sektoren om å lyfte kvaliteten i barnehagane.  Både lovarbeidet og den reviderte rammeplanen skal medverke til barnehagetilbod av høg kvalitet. Derfor må vi sjå dei to prosessane i samanheng, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. 

I 2013 fekk ei arbeidsgruppe i oppdrag av den førre regjeringa å lage eit utkast til revidert første del av rammeplanen. Gruppa har invitert til ein open og involverande prosess der mange har gitt innspel. 

- Rammeplangruppa har gjort eit svært viktig arbeid. Eg ser fram til å setje meg inn i forslaget deira, og vil invitere til eit møte for å høyre grunngjevinga for forslaget. Når det no blir ein mellombels stopp i arbeidet med rammeplanen, er det fordi vi vil sjå dette viktige arbeidet i samanhang med lovendringane, seier Røe Isaksen. 

Rammeplanen er eit viktig dokument for alle som arbeider i barnehagesektoren. 

- Når vi skal revidere rammeplanen, er eg oppteken av at vi må sjå heile rammeplanen i samanheng. Del tre i rammeplanen har ikkje vore ein del av revisjonsprosessen fram til no. Eg ser det som mest fornuftig å sjå heile rammeplanen under eitt, seier kunnskapsministeren. 

Høyringa for rammeplanen blir utsett til 2015. Revidert rammeplan kan då ta til å gjelde i 2016.

Les også om saken hos Utdanningsdirektoratet