Språkdagen 2009 «Grenser for språk?»
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Nyheit | Dato: 09.11.2009
Kvar går grensa mellom rett og gale i språket og mellom godt og dårleg språk? Kva er vitsen med normer for språk og språkbruk, og kvar kjem normene frå? Er dei til hjelp eller plage? Språkdagen 11. november handlar om korleis og kvifor språknormer veks fram.

Språkdagen er ein årleg konferanse som set søkjelys på ulike sider ved norsk språk og bruken av norsk i ulike samanhengar. Språkdagen vart arrangert for første gong i 2007. Meir informasjon om Språkdagen på nettsida til Språkrådet.
Følg Språkdagen og utdelinga av Språkprisen på nett-tv:
Heile arrangementet, inkludert utdelinga av Språkprisen, kan du følgje direkte på nett-tv. Direkteoverføringa begynner onsdag 11. november kl. 10.00.
Del 1: Sending frå kl. 10.00 fram til pausen
Del 2: Sending frå kl. 12.30 og utover
Opptaka vil òg vere tilgjengelege etter Språkdagen.