17.4 Ny, desentralisert ordning for tilskot til kulturhus
Med tilvising til evalueringa av den noverande ordninga med statlege
tilskot til lokale og regionale kulturbygg vil departementet tilrå ei
ny, desentralisert ordning for tilskot til kulturhus. Ordninga bør tilførast
40 pst. av den delen av spelemiddeloverskotet som skal nyttast til
kulturbygg. Frå 2005 vil dette utgjera overslagsvis 55
mill. kroner. I 2004, då berre to tredjedelar av spelemidlane
vil vera innfasa, bør det som ei overgangsordning leggjast
til grunn at fylkeskommunane disponerer ein noko større
prosentdel av desse midlane, slik at ca. 50 mill. kroner
kan tilførast denne ordninga.
Midlane vert stilte til rådvelde for fylkeskommunane
etter ein fordelingsnøkkel som tek utgangspunkt i ibuartalet
justert med utjamningsfaktorar som tek omsyn til areal og til samferdslemessig
og annan relevant infrastruktur.
Fylkeskommunane bør stillast nokså fritt i
bruken av desse midlane, dvs. at dei statlege føringane vert
avgrensa til eit sett av premissar som skal gå fram av
det årlege brevet der midlane vert stilte til rådvelde.
Midlane bør kunna nyttast både til nybygg og ombygging
eller modernisering, men ikkje til ordinært vedlikehald
eller drift. Tilskot til bibliotekbussar kan inngå i ordninga.
Eit anna vilkår bør vera at tilskotet frå spelemidlane
ikkje skal utgjera meir enn tredjedelen av den samla finansieringa
av det aktuelle tiltaket.