9.1.1 Grunnleggjande perspektiv
9.1.1.1 Innleiing
Arbeidet med å styrkja norsk språk handlar
ikkje berre om å hindra domenetap til engelsk; like viktig
er det å sikra grunnlaget for den nynorske skriftkulturen
og for nynorsken sin posisjon i det norske språksamfunnet
meir allment. Difor må språkstyrkingsarbeidet
omfatta både norsk språk generelt og nynorsk spesielt.
Dette er no også slått klart fast i formålsparagrafen
til Språkrådet, statens fagorgan i språkspørsmål.
9.1.1.2 Nynorsk – formelt likestilt, reelt diskriminert
Nynorsk og bokmål er lingvistisk sett to variantar av
norsk språk som har status som likeverdige målformer.
Som skriftformer fungerer dei som eigne språk; dei er formelt
likestilte skriftspråk i offentleg bruk. Nynorsk og bokmål
har dermed nøyaktig den same offisielle status.
Dei formelle mekanismane som sikrar bruk av nynorsk i opplæring
og utdanning, i nasjonale allmennkringskastingskanalar, i lover
og forskrifter, i offentleg politikk og administrasjon, inneber
at nynorsk er eit samfunnsberande språk på linje
med bokmål. Nynorsk er nasjonalspråk i Noreg på same måte
som det bokmål er.
I viktige samfunnssektorar – ikkje minst i næringslivet,
i reklame og teknologiutvikling, i dei riksdekkjande avisene – er
nynorsk så godt som fråverande. Som bruksspråk
har difor ikkje nynorsk ein like fullverdig posisjon som det bokmål
har – i alle fall ikkje på landsbasis.
I somme delar av landet er nynorsk ikkje berre eit samfunnsberande,
men også eit fullverdig bruksspråk. Her er nynorsk
det dominerande språket, også i høve
til bokmål.
Likevel, det gjennomgåande biletet når vi ser landet
under eitt, er at nynorsk er eit språk som er diskriminert.
Ikkje minst slår dette ut overfor brukarane av språket.
Særleg gjeld dette innanfor privat sektor, men det er i
høg grad tilfellet også innanfor det offentlege.
Mykje av denne diskrimineringa ligg innebygd i samfunnsstrukturane
og har å gjera med dei ulempene som følgjer av
at nynorsk i utgangspunktet er eit mindre brukt språk enn
bokmål.
Men i tillegg kjem negative haldningar, både meir eller
mindre uttalte haldningar og dei meir skjulte. Her viser vi ikkje
minst til dei nærare analysane i kap. 5 om tilhøvet
mellom språk og makt.
9.1.1.3 Nynorsk domeneerobring i kampen mot norsk domenetap
Til dels står nynorsk svakt innanfor delar av samfunnet
der norsk språk er særleg utsett for domenetap
til engelsk. Det går difor an å hevda at det er bokmål
som har mest å forsvara.
Men språkstyrking kan ikkje vera rein forsvarskamp.
Ein offensiv språkpolitikk må også ha
domeneerobring som mål, og då er det særleg
behovet for å utvida bruksområdet og bruksfrekvensen
for nynorsk som peiker seg ut. I dette perspektivet er det ikkje
konkurransen frå engelsk som er mest påtrengjande.
Sett med eit nynorsk blikk er det dominansen frå bokmål
som representerer den mest direkte utfordringa.
Som bokmål er pressa av engelsk, står nynorsk under
press frå bokmål. Indirekte gjev dette ei kjede
der engelsk også pressar nynorsk. For i den grad bruksområdet
for bokmål verkeleg tek til å krympa til fordel
for engelsk, vil også nynorsk få stadig mindre
olbogerom. Når alt kjem til alt, er det difor liten tvil
om at bokmål og nynorsk står i ein lagnadsfellesskap.
I
Norsk i hundre!
blir det såleis slått
klart fast: Nynorsken har ingen sjanse til å overleva i
ein situasjon der bokmålet skulle bli alvorleg truga som
samfunnsberande og fullverdig språk.
Det å styrkja nynorsk språk spesielt vil dessutan vera
eit viktig bidrag til å styrkja norsk språk generelt.
Som eit mindre brukt språk har nynorsk alltid måtta
kjempa seg fram til formell status og sosial aksept. Av dette er
det skapt ein språkvilje som også bør
kunna koma den overordna kampen for norsk språk til gode.
Difor blir verdien av norsk språk sterkare og tydelegare
framheva takk vera den nynorske språktradisjonen. Stilt
overfor den engelske utfordringa må vi utnytta
den samla språkstyrken til nynorsk og bokmål.
Til dømes kan det oppstå ein eigen språkleg
dynamikk når terminologi skal utviklast både
på nynorsk og bokmål. Denne dynamikken kan fungera
som ein kulturell konkurranseføremon for norsk
i møtet med det store globaliseringsspråket.
9.1.1.4 Nynorsk – ein sjølvstendig og nødvendig del
av norsk språkkultur
Teknisk kunne vi klara oss godt med éi norsk målform
og eitt norsk skriftspråk, men kulturelt er dette i dag
ein utenkjeleg tanke.
Etter at Stortinget i 2002 samrøystes oppheva den såkalla
tilnærmingsparagrafen i den dåverande
lova om Norsk språkråd, er det ikkje aktuelt å byggja
ein ny språkpolitikk på den føresetnaden
at dei to målformene skal smelta saman til eit felles norsk
skriftspråk. Det å gå inn for eitt norsk skriftspråk
i dag ville difor i praksis bety å gjera bokmål
til einaste riksspråk i landet, dvs. å ta frå nynorsken
offisiell status og offentleg støtte.
Det ville vera alvorleg, ikkje berre for alle nynorskbrukande
nordmenn, men også eit åtak på ein integrert
del av norsk skriftkultur og norsk språktradisjon. Dette
ville bety eit kulturtap for alle og for Noreg som nasjon; det ville
vera å fjerna eit offisielt uttrykk for det språklege
mangfaldet i landet, i strid med det som i dag er gjengs politikk
i internasjonalt kultursamarbeid.
Nynorsk er i dag både ei sjølvstendig målform og
eit sjølvstendig skriftspråk og samstundes ein nødvendig
del av norsk kultur og norsk språk. Ingen strategisk språkpolitikk
for framtida kan gå utanom nynorsken.
Nynorsk språk og kultur eksisterer som ein integrert
del av det norske kulturgrunnlaget og den norske kvardagen. Slik
sett vedkjem nynorsken alle som lever i Noreg i dag.
I moderne tid har særleg radio og fjernsyn ført til
at nynorsk språk stort sett kjem inn i alle heimar over
heile landet.
Nynorsk er ei dagleg påminning om at Noreg har ein tradisjon
for språkleg og kulturelt mangfald. Og mange fleire nordmenn
enn dei som sjølve føretrekkjer å skriva
nynorsk, har eit opphavleg talemålsgrunnlag som i større
eller mindre grad fell saman med typiske språkdrag i normert nynorsk.
Vi treng å halda begge dei norske skriftspråka våre
levande dersom vi ikkje skal fornekta ein vesentleg del av vår
sosiale, kulturelle og historiske arv. Det at vi ikkje berre har
eitt, men to norske skriftspråk med kvart sitt historiske
og språklege opphav og kvar sin skriftkultur,
gjev norsk språk eit dobbelt uttrykksregister og ein dobbel verdi
og representerer ein rikdom for norsk kultur og samfunnsliv.
9.1.1.5 Utjamning av konkurransevilkår
Ein ansvarleg språkpolitikk for vår tid kan
ikkje byggja på føresetnaden om eit framhald av
den historiske rivaliseringa mellom nynorsk og bokmål. Det
betyr at vi ikkje kan sjå på forholdet mellom nynorsk
og bokmål som ein språkstrid der ein nøytral
stat skal halda seg passivt utanfor.
Staten må tvert imot ta eit ansvar for å leggja
til rette for meir likeverdige vilkår, slik at begge målformene – også nynorsk – skal
vera sikra vekst og utvikling. Ulike tiltak i offentleg regi vil
likevel berre eit stykke på veg kunna vega opp for dei
særlege motkreftene som nynorsk i alle høve vil
vera utsett for jamført med bokmål.
Dette er motkrefter som har å gjera med marknads-
og mediemakt, med teknologisk og demografisk utvikling, med geografisk
og sosial mobilitet og med at nynorsk som eit mindre brukt språk har
eit dårlegare utgangspunkt enn bokmål.
Ein politikk tufta på eit oppriktig ønske om å sikra
ein levande nynorsk språkkultur for framtida må difor
omfatta tiltak som er særleg innretta på å støtta
opp under nynorsk språk.
9.1.1.6 Positiv særbehandling og aktiv støtte
At ein politikk for styrking av norsk språk også må omfatta
tiltak for å styrkja nynorsk spesielt, er inga ny erkjenning
i denne meldinga. Dette prinsippet kom til uttrykk i kulturmeldinga
frå Bondevik II-regjeringa, St.meld. nr. 48 (2002–2003).
I den tilhøyrande innstillinga frå familie-,
kultur- og administrasjonskomiteen, Innst. S. nr. 155 (2003–2004),
gav medlemmene frå dei noverande regjeringspartia uttrykk
for at dei særleg ville streka under følgjande
av det departementet uttalte om nynorsk skriftkultur i meldinga:
«Både for å ta vare på det
kulturelle mangfaldet som det representerer å ha to norske
skriftkulturar, og for at dei som soknar til nynorsk, skal kunna
bruka og utvikla språket sitt på nokolunde like
vilkår, må det offentlege prinsipielt kunna favorisera
nynorsk språk og kultur. Ei viss positiv diskriminering
av nynorsk er rimeleg både ut frå allmenne rettferdsprinsipp
og med basis i internasjonal språkrettstenking.»
I tråd med dette prinsippet vart det i meldinga teke
til orde for aktiv støtte til nynorsk språk generelt
og nynorsk skriftkultur spesielt. Alle partia i komiteen med unntak
av Framstegspartiet var samde i at slik aktiv støtte var
nødvendig, og gav uttrykk for at dei også støtta
departementet si grunngjeving for dette.
9.1.1.7 Nynorsk for nynorskbrukarane – nynorsk for alle
Behovet for ein slik aktiv politikk for å sikra og styrkja
stillinga for nynorsk som bruksspråk har både samanheng
med den generelle verdien som nynorsk språk og kultur representerer
for heile det norske samfunnet og dermed for alle nordmenn, og med
den særlege verdien denne målforma har for det
mindretalet i folket som sjølve har nynorsk som det primære
skriftsspråket sitt. Begge desse omsyna stiller krav også til
det fleirtalet som helst bruker bokmål.
For det første må kjennskap til og kompetanse i
begge dei to offisielle formene av det norske fellesspråket
sjåast som ein nødvendig og sjølvsagd del
av norsk allmenndanning som alle nordmenn i utgangspunktet bør
ha rett og plikt til å få del i.
For det andre er eit alminneleg krav om kunnskap og kompetanse
i begge målformer eit instrument for å leggja
til rette for at også nynorskbrukarane som eit mindretal
i folket skal få dei språklege rettane sine innfridde,
og for at nynorsk skal vera godt synleg som bruksspråk
på så mange språkbruksarenaer som råd
er.
9.1.1.8 Nynorsk – bruksfrekvens og bruksområde
For nynorsken si stilling i det norske språksamfunnet
i dag og i morgon har både å gjera med kor mange
språkbrukarar som primært nyttar nynorsk, og med
kor mykje nynorsk blir brukt innanfor ulike samfunnssektorar.
Utan ein kjerne av primærspråksbrukarar av ein
viss storleik vil eit mindre brukt språk nesten alltid
vera på vikande front.
Og på den andre sida – utan at språket
blir brukt i eit visst omfang innanfor viktige samfunnssektorar,
vil også talet på primærspråksbrukarar vera
vanskeleg å halda oppe.
Utfordringa er difor å unngå at vi kjem inn
i ein vond sirkel der minkande bruk av nynorsk og svikt i talet
på primærspråksbrukarar blir faktorar
som forsterkar kvarandre gjensidig.
Å gjera nynorsk til eit mest mogleg fullverdig bruksspråk
inneber at nynorsk skal kunna brukast, og at bruk av nynorsk skal
bli akseptert og respektert innanfor alle delar av samfunnet. I
alle samanhengar der ein kan nytta norsk språk, må det
vera like naturleg at det er nynorsk som at det er bokmål.
Nynorsk må kunna brukast uavhengig av sak, innhald eller
emne.
Dette gjer det språkpolitisk nødvendig å stimulera
bruken av nynorsk i samfunnet meir systematisk og aktivt enn det
som har vore tilfellet til no.
For det første må det på ulike måtar
sikrast at nynorsk ikkje blir oversedd, utegløymt og underrepresentert
som ein konsekvens av bokmålsdominansen.
For det andre må vi halda fast ved og meir aktivt følgja
opp eksisterande krav til bokmålsbrukarar om også å bidra
til den nynorske tekstproduksjonen i samfunnet. Her må det
offentlege og særleg staten gå føre med
eit godt eksempel.
9.1.1.9 Sidemålsundervisning i skulen og språkkrav
i staten
Direkte språkkrav av sistnemnde slag retta til enkeltpersonar
er først og fremst aktuelt innanfor den delen av samfunnet
som har ei form for offentleg tilknyting. Her vil lov om målbruk
i offentleg teneste også i framtida vera eit svært
viktig språkpolitisk instrument.
Eit fundament i denne lova er den plikta ei nærare definert
gruppe av tilsette i staten har til å nytta begge dei norske
målformene i arbeidet sitt, ei plikt som i praksis byggjer
på føresetnaden om ein grunnkompetanse som igjen
har basis i den pliktige skriftlege sidemålsundervisninga
i skulen.
Desse to pliktene støttar gjensidig opp om kvarandre,
og dei gjeld for nynorskbrukarar så vel som for bokmålsbrukarar.
Som verkemiddel i norsk språkpolitikk har dei lang tradisjon,
og som grunnleggjande prinsipp er det viktig at dei blir liggjande
fast også for framtida. Nødvendige unntak eller
tilpassingar må utformast og praktiserast slik at dei ikkje
rokkar ved sjølve det prinsipielle utgangspunktet.
9.1.2 Nynorsk for minoritetsspråklege
9.1.2.1 Innvandrar-Noreg og Nynorsk-Noreg
Det er særleg viktig at også nordmenn med eit anna
morsmål enn norsk så langt råd er, blir
fortrulege med den norske språkdelte kulturen. Difor må heller
ikkje nynorsk ekskluderast som alternativ når språklege
minoritetar i landet vårt skal få informasjon
eller undervisning på norsk.
Nynorsk og bokmål ligg kvarandre så nær
at vi som utgangspunkt må leggja til grunn at dei som har
lært seg nok bokmålsnorsk til at dei kan tileigna
seg tekstar på denne målforma, også vil kunna
ta til seg ein normal nynorsk tekst, jamvel om dei kanskje må ha
litt meir hjelp.
Noko av det som er utfordrande når det gjeld å fremja
språkkontakt mellom det nynorske Noreg og Innvandrar-Noreg,
er at det bur relativt sett langt færre personar med innvandrarbakgrunn
i det nynorske kjerneområdet enn i resten av landet.
Dermed har også nynorskbrukarar færre kontaktpunkt
med innvandrarbefolkninga enn det bokmålsbrukarane har.
Det gjer det desto viktigare å fremja fleire språk-
og kulturmøte mellom nynorskbrukarar og innvandrarar.
9.1.2.2 Nødvendig lemping av språkkrav
Jamvel om vi ikkje kan tilpassa nynorsken og bruken av nynorsk
etter nordmenn som ikkje har norsk som morsmål, kan vi
likevel ikkje utan vidare krevja av desse at dei skal ha same aktive dugleik
i begge målformer som andre nordmenn.
Særleg gjeld dette dei som er komne til Noreg i vaksen
alder, men det gjeld også dei med samisk eller annan minoritetsspråkleg
bakgrunn elles. Dette er utgangspunktet for dei reglane vi lenge
har hatt med heimel i opplæringslova om rett til fritak frå undervisning
eller vurdering i norsk sidemål.
På dette grunnlaget har mange minoritetsspråklege
elevar opp gjennom åra valt bort norsk sidemål,
kanskje utan at dei alltid har fått full informasjon om
konsekvensar for seinare tilsetjing i statlege stillingar med plikt
til å nytta begge målformer.
Departementet finn det nødvendig å sjå nærare på praktiseringa
av den aktuelle føresegna i lov om målbruk i offentleg
teneste, mellom anna for å sikra at ho ikkje blir misbrukt
til automatisk å stengja minoritetsspråklege søkjarar
ute frå statlege stillingar berre fordi dei manglar karakter
i sidemål frå vidaregåande skule.
Personar med minoritetsspråkleg bakgrunn representerer
ein fleirspråkleg kompetanse som det er verdifullt å få inn
i staten, og det er dessutan eit prioritert mål at den
statlege arbeidsstyrken så langt råd er, skal
spegla heile befolkninga.
Behovet for integrering og inkludering av den aukande innvandrarbefolkninga
tilseier at staten i større grad opnar også for
tilsetjing av personar utan norsk som morsmål.
9.1.2.3 Språkleg kompetanseplan
Formålet med føresegna i mållova om
plikt for tilsette til å nytta både bokmål
og nynorsk er at alle statsorgan skal ha ein stab med god realkompetanse
i begge målformer slik at dei er i stand til å veksla
mellom nynorsk og bokmål slik lova krev.
Å sikra at dei har slik kompetanse, er ei plikt for kvart
enkelt organ, og det er behov for å sjå nærare på korleis
dette i praksis blir følgt opp, slik at det ikkje einsidig
blir lagt vekt på rein formalkompetanse ved tilsetjing.
I dag er det fastsett i forskrift til mållova at statsorganet
har ansvar for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig
opplæring i bokmål og nynorsk. Det er likevel
ingen tvil om at svært mange tilsette i dag har for dårleg
språkkompetanse, først og fremst i nynorsk.
Det er difor eit klart behov for meir systematisk oppfølging
på dette området. Som grunnleggjande verkemiddel
i dette oppfølgingsarbeidet legg departementet opp til
at kvart statsorgan heretter skal ha ein oppdatert språkleg
kompetanseplan.
Planen bør peika ut ein eller fleire interne språkkoordinatorar
som har særleg god kompetanse i nynorsk, og som difor kan
hjelpa til med språkleg kvalitetssikring. Kompetanseplanen
må såleis sjåast i samanheng med etableringa
av eit system for språkleg internkontroll og eit nettverk av
språkkontaktar og språkkonsulentar som er omtalt
under kap. 8.6.5.3 og 8.6.5.4 ovanfor.
Når ein som del av ein slik språkleg kompetanseplan
får styrkt den interne nynorskkompetansen og organisert
den nynorske kvalitetssikringa på ein meir systematisk
måte, vil planen også kunna leggja til rette for å tilsetja
medarbeidarar med minoritetsspråkleg bakgrunn utan formalkompetanse
i begge målformer.
Det bør difor presiserast i forskrift til mållova
at ein statleg arbeidsgjevar kan frita ein medarbeidar frå plikta
til å nytta begge målformer, men berre når
dette inngår i ein plan som sikrar at organet samla sett
har den nødvendige kompetansen i både nynorsk
og bokmål.
9.1.2.4 Rett til nynorsk for alle minoritetsspråklege
Men ein statleg arbeidsgjevar må ikkje ha høve
til automatisk å frita ein medarbeidar frå denne
plikta for dermed å sleppa unna sitt eige ansvar for å gje nødvendig
språkopplæring dersom medarbeidaren har arbeidsoppgåver
der det i utgangspunktet er behov for å nytta begge målformene.
Også alle med minoritetsspråkleg bakgrunn må ha
full rett til å kvalifisera seg i begge målformer
både før og etter tilsetjing. Heller ikkje i skulen
må fritaksretten framstillast eller praktiserast slik at
han riv grunnen vekk under den retten alle elevar må ha – også dei
med minoritetsspråkleg bakgrunn – til å få opplæring
og vurdering i begge dei norske målformene.
I eit brev av 5. oktober 2006 frå MIRA – Ressurssenter
for innvandrar- og flyktningjenter til Likestillings- og diskrimineringsombodet
er det vist til at det ikkje finst forsking som tilseier at minoritetsspråklege
barn ikkje vil kunna tileigna seg nynorsk på lik linje
med sine norske medelevar. At minoritetsspråklege barn
er rådde frå å velja nynorsk sidemål
i skulen, kan difor etter MIRA-senterets syn ikkje grunngjevast
i minoritetsspråklege årsaker, heiter
det i brevet.
Ved Holmlia skule i Oslo er det på ungdomsskulenivå dei
siste åra gjennomført forsøk med nye undervisningsmetodar
og vurderingsformer for å fornya sidemålsopplæringa.
Om lag 30 prosent av dei elevane som deltok, hadde minoritetsspråkleg bakgrunn,
og ei av røynslene frå prosjektet er at mange
av dei meistrar begge målformer like godt som elevar med
norsk som morsmål.
1
Inntrykket frå prosjektet er dessutan at dei minoritetsspråklege
elevane ofte har ei opnare haldning til nynorsk og til sidemålsopplæringa, fordi
dei ikkje har med seg dei same fordommane og mytane heimanfrå som
det ein del av dei andre elevane har.
Det som her er referert, gjev ikkje nødvendigvis eit
uttømmande bilete av situasjonen, men dei kan tena som
ei nyttig motvekt til stereotype haldningar om at meir nynorsk og
betre integrering er omsyn som ikkje går i hop.
Minoritetsspråklege og nynorskbrukarar er mindretalsgrupper
som begge på ulike vis kan vera utsette for språkleg
diskriminering, og dette gjer det ikkje mindre viktig å avvisa
alle forsøk på å setja dei opp mot kvarandre.
Like viktig er det å motarbeida konflikt mellom den tradisjonelle språkdelte
norske kulturen og det nye fleirkulturelle mangfaldet i landet vårt.
9.1.3 Oppslutninga om nynorsk
9.1.3.1 Talet på nynorskbrukarar
Akkurat kor stort talet på nynorskbrukarar er, om det
går opp eller ned, er slett ikkje avgjerande når det
gjeld stillinga for nynorsk, og slike tal er ikkje utan vidare dei
som fortel mest om utviklingstendensane for nynorsk.
Likevel kjem vi ikkje utanom at det er eit viktig grunnlag for å styrkja
nynorskens posisjon at talet på nynorskbrukarar held seg
høgt.
I utgangspunktet vil samfunnsutviklinga naturleg tendera til å redusera
oppslutninga om det minst brukte språket. Det er difor
nødvendig med språkpolitiske tiltak som kan stimulera
og leggja til rette for at så mange som råd er,
bruker nynorsk som skriftsspråk i både privat
og offentleg samanheng.
9.1.3.2 Utviklinga i skulemålsprosenten
Utgangspunktet for fordelinga av nynorsk- og bokmålsbrukarar
er reglane om opplæringsmålet i skulen.
Etter lova er det kommunen som avgjer kva målform som
skal nyttast i skriftleg opplæring og skriftleg arbeid
i kvar enkelt skule. Ved skifte av opplæringsmål
eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst fjerdeparten
av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande
avrøysting. Røysterett har i dag alle røysteføre
som bur i det området i kommunen som soknar til skulen,
dessutan foreldre eller forsørgjar til barn på barnesteget
ved skulen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap.
2
I tidsrommet 1965–2006 har det vore halde 352 slike
folkerøystingar. Til saman vel 65 000 personar
har teke del i desse avstemningane, og 46 prosent av dei har røysta
nynorsk, 54 prosent bokmål. I 205 krinsar vart det fleirtal
for bokmål, i 144 krinsar for nynorsk. Nynorsk er i denne
perioden ofte røysta ut med liten margin, etter tidlegare å ha vore
røysta inn med til dels klart fleirtal.
3
I tida fram til 1944 var det nemleg framgang for nynorsk i skulen.
Det året hadde etter statistikken 34,1 prosent nynorsk
som hovudmål. Tjue år seinare hadde prosenten
falle til vel 20, om lag det same som i 1930.
4
Dei siste førti åra er så nynorskprosenten
i skulen redusert ein del meir, til i underkant av 14. Størstedelen
av denne nedgangen skjedde likevel det første tiåret,
fram til midten av 1970-talet. Då var reduksjonen på 4
prosentpoeng. Deretter låg nivået stabilt rundt
16,5–17,0 prosent nynorsk i tjue år, medan det
så har skjedd ein ny nedgang på vel 2,5 prosentpoeng
den siste tiårsperioden.
5
Mykje av tilbakegangen for nynorsk i skulen i den første
etterkrigstida må sjåast i samanheng med den aukande
urbaniseringa i samfunnet, og ikkje minst med den skulesentraliseringa
som for alvor skaut fart i 1950- og 1960-åra. I mange kommunar
hadde dei små utkantkrinsane nynorsk, medan skulane i det
halvurbane bygdesenteret hadde bokmål. Når det
så vart bygd ny fellesskule for eit større område,
vart målforma ved den nye skulen gjerne den same som i
sentrum.
I tillegg kjem at ein del av overgangen til nynorsk som skulemål
fram mot 1945 skjedde i krinsar der målforma aldri vart
ein sosial eller formell konvensjon i lokalsamfunnet utanom skulen.
I røynda stod ho dermed svakt også som skulemål.
6
At omslaget i negativ
lei for nynorsken kom rett etter 1945, har dessutan vore forklart
med at motstandskampen under krigen hadde vore med på å gjera
bokmålet meir nasjonalt stovereint.
7
9.1.3.3 Den nynorske lekkasjen
Éin ting er kor stor del av elevane som til kvar tid får
opplæring på nynorsk dei første skuleåra;
ein annan ting er kor mange som held fast ved nynorsk når
dei kjem opp i høgare klassesteg, og når dei seinare
går over i arbeid og yrke.
Etter folkeskulelova av 1959 kunne elevane frå og med
8. klasse sjølve avgjera hovudmålet sitt, og frå 1985
fekk dei denne retten eitt år tidlegare, frå og
med det første året i ungdomsskulen. Elevane skal
stadfesta eller gjera om dette valet når dei tek til i
vidaregåande skule, og kan skifta på ny før avsluttande
eksamen tre år seinare.
8
Av dei som i skulemålsstatistikken vart rekna som nynorskelevar
i 1940- og 1950-åra, var det truleg mindre enn halvparten
som heldt fast ved nynorsk. Det vil seia at årskull på om
lag 15 000 nynorskbrukarar i første klasse med
tida skrumpa inn til ca. 7500. I seinare år er dei nynorske årskulla vortne
mindre. Til gjengjeld er det fleire som blir verande nynorskbrukarar.
Men framleis er den såkalla nynorske lekkasjen ganske
stor, og i dag er det rekna som sannsynleg at kvar tredje nynorskelev
vil skifta til bokmål før vedkomande har fylt
tjue år.
9
Analysar viser likevel at skifte frå nynorsk til bokmål
i dag gjennomgåande skjer i høgare alder enn tidlegare.
Det har nok samanheng med at lengre utdanning gjev mindre
press frå arbeidsgjevar og andre i retning av målskifte
i dei sårbare tenåra. Fleire arbeidsplassar enn
før gjev no også rom for å bruka nynorsk,
i større eller mindre grad.
10
9.1.3.4 Tre spørjeundersøkingar om målform
Éin ting er målform i skulen og i kva grad
den enkelte skiftar målform gjennom livet; ein annan ting
er kor stor del av heile befolkninga som på eit bestemt
tidspunkt kan reknast som nynorskbrukarar, heilt eller delvis.
I kap. 3.1 er det referert tre spørjeundersøkingar
frå åra 1985, 1995 og 2005 som gav som resultat at
ca. 8 prosent opplyste at dei helst brukte nynorsk når
skreiv i private samanhengar, medan vel 5 prosent svarte at dei
nytta begge målformene omtrent like mykje. Dersom vi tek
med begge desse svargruppene, er det altså om lag 13 prosent, svarande
til nokså nøyaktig 600 000 personar,
som kan reknast som nynorskbrukarar.
Når totaltalet blir nesten like høgt som skulemålsprosenten,
trass i den omtalte lekkasjen frå nynorsk til bokmål,
er det truleg at ein del av dei som svarer både-og, er
personar som har hatt nynorsk som opplæringsmål,
men som seinare i større eller mindre omfang har byrja å skriva
bokmål.
9.1.3.5 Prosent nynorskbrukarar etter region og busetjingsmønster
Den sterke regionale variasjonen i oppslutninga kjem også tydeleg
fram i materialet frå TNS Gallup.
Av fylka er det berre i Sogn og Fjordane at nynorskbrukarane
er i fleirtal. I 2005 var det her vel 75 prosent som brukte anten
berre nynorsk eller både nynorsk og bokmål.
Men også dei tre andre vestlandsfylka skil seg klart
ut. Såleis var det tilsvarande talet for Møre
og Romsdal 39,1 prosent, for Hordaland 31,9 prosent og for Rogaland
24,1 prosent. Også Telemark og Oppland låg over
landsgjennomsnittet med respektive 18,5 og 13,4 prosent nynorskbrukarar.
Men like viktig som den fylkesvise variasjonen er skilnadene
mellom byar og bynære strok på den eine sida og
meir landlege og grisgrendte strok på den andre sida. Ikkje
minst i vestlandsfylka Rogaland og Hordaland representerer veksten
i og omkring dei store byregionane ei utvikling som naturleg svekkjer
grunnlaget for nynorsken. Noko tilsvarande gjeld til dels også i
Møre og Romsdal.
Ein indikasjon på samanhengen mellom nynorskbruk og
busetjingsmønster får ein når ein konstaterer
at dei 36,6 prosent av kommunane i landet som har gjort vedtak om å krevja
nynorsk i skriv frå staten til kommunen, berre har om lag
11 prosent av folketalet i landet.
11
9.1.3.6 Nynorskkommunar og språknøytrale kommunar
No er det sjølvsagt ikkje slik at det berre er nynorskbrukarar
som bur i desse såkalla nynorskkommunane. På den
andre sida er det svært mange som soknar til nynorsk, som
bur utanfor desse kommunane. I tillegg til dei 114 nynorskkommunane
er det då også 157 kommunar som har erklært
seg som språkleg nøytrale. Summen av nynorskkommunar
og språknøytrale kommunar utgjer 63 prosent av
alle kommunar i landet og har til saman nærare 60 prosent
av folketalet.
I Sogn og Fjordane har alle dei 26 kommunane gjort vedtak om
nynorsk, og i Hordaland gjeld det same for 30 av 33 kommunar. Også i
Møre og Romsdal er det eit fleirtal av nynorskkommunar, og
i Rogaland er det klart fleirtal av nynorskkommunar og nøytrale
kommunar til saman.
Alle desse fire fylka har dermed nynorsk som såkalla
fleirtalsmålform etter reglane i lov om målbruk
i offentleg teneste. Det betyr at alle statsinstitusjonar som har
tenestedistriktet sitt avgrensa til eitt eller fleire av desse fylka,
har nynorsk som tenestemål.
Mange nynorskbrukarar bur i dei større byane, og jamvel
om dei her er i klart mindretal, er det eit viktig uttrykk for språkleg
respekt og toleranse at dei fleste store bykommunane har erklært
seg språkleg nøytrale. Det gjeld Oslo, Bergen,
Trondheim, Tromsø, Drammen, Hamar, Moss, Bodø, Harstad
og Hammerfest. I tillegg kjem meir nynorsknære byar som
Molde, Ålesund, Namsos, Porsgrunn, Skien og Notodden.
9.1.3.7 Regionalisering og nasjonal institusjonalisering
Det bur sjølvsagt nynorskbrukarar over heile landet,
truleg i kvar kommune, og det går nynorskelevar i 40 prosent
av alle kommunane. Svært mange går i eit språkdelt
skulemiljø av både nynorsk- og bokmålselevar,
eventuelt også andre opplæringsspråk.
Men 80 prosent av nynorskelevane i grunnskulen bur no på Vestlandet.
Der ligg også meir enn 70 prosent av alle kyrkjesokn med
nynorsk liturgi og kommunar med nynorsk tenestemål.
Dette er eit uttrykk for at nynorsk som kvardagsspråk
er vorte sterkare regionalisert.
Men på same tid har den nynorske skriftkulturen fått
eit sterkare institusjonelt rotfeste på nasjonalt plan.
Og kyrkja er den samfunnsinstitusjonen der nynorsk kanskje står
aller sterkast. Kvart år er 1,4 mill. menneske med på gudstenester
med nynorsk liturgi, og eitt av tre sokn har liturgi på nynorsk. Like
viktig kan det ha vore at nynorsken vart sungen inn i kyrkja, frå og
med Blix-salmane i 1880-åra til Edvard Hoems nyaste.
Kvar tredje avis er redigert heilt eller delvis på nynorsk,
og NRK har gjort nynorsk til eit vanleg språk i radio og
fjernsyn. Men berre knapt ei av ti bøker som blir utgjevne,
er på nynorsk.
I det nyaste mediet, Internett, er nynorsk alt like mykje brukt
som i bøker. Det er også relevant å nemna
at dialektane blir brukte jamt meir både i radio og fjernsyn
og i lydfestingar og på cd-plater. I alle år har
lyrikk i form av dikt og songar vore den mest brukte litterære
sjangeren på nynorsk.
For første gong i norsk historie har i dag eit fleirtal
av alle nordmenn hatt skriftleg undervisning i nynorsk. Det er den
obligatoriske ungdomsskulen og den nye vidaregåande skulen
frå 1970-åra som på denne måten
har gjort nynorsk til direkte relevant for mest alle som veks opp
i landet.
9.1.4 Nynorsken si stilling innanfor utvalde språkdomene
9.1.4.1 Generelt om næringslivet
I
Norsk i hundre!
er det slått
fast at næringslivet er det domenet nynorsken aldri vann.
Med unntak av næringslivet i det nynorske kjerneområdet
på Vestlandet er nynorsk så godt som fråverande
på nettsider, i reklame og i korrespondanse. Også den
delen av næringslivet i det nynorske kjerneområdet
som har heile landet som marknad, har til no så å seia
nytta berre bokmål i landsdekkjande reklame. Dette synest
likevel å vera i sakte endring. I dag ser vi at større
bedrifter som til dømes Hotell Alexandria i Loen, Lerum fabrikker
og Fjord1 annonserer over heile landet på nynorsk.
Jamvel om dette er ei positiv utvikling, er det også eit
uttrykk for ei utvikling i retning av sektorisering av nynorsk til
ein bestemt del av landet.
Mange som i dag veks opp i det nynorske kjerneområdet
og difor har hatt nynorsk som hovudmål, etablerer seg som
vaksne i andre delar av landet, og det er normalt ikkje mogleg for
dei å bruka nynorsk i arbeidet dersom dei blir tilsette
i det private næringslivet. Dei vil heller ikkje møta
nynorsk i fagspråklege tekstar eller i andre samanhengar
på arbeidsplassen, og dei vil difor lett koma til å oppfatta
nynorsk som mindreverdig og ubrukande innanfor dette domenet.
12
9.1.4.2 Aviser og vekeblad
Nynorsk er lite synleg og til dels sterkt underrepresentert også i
viktige delar av den mediebaserte offentlege samtalen,
ikkje minst i aviser og vekeblad.
I dei fleste riksdekkjande avisene er nynorsk direkte utestengd
ved at ikkje eingong journalistar som i utgangspunktet skriv nynorsk,
til vanleg får lov til å bruka si eiga målform
i redaksjonelt stoff.
I følgjebrevet frå interimsstyret i Språkrådet ved
oversending av
Norsk i hundre!
i mars
2006 vart det vist til at dei store riksavisene diskriminerer nynorsk
når dei ikkje tillèt nynorskjournalistar å bruka
målforma si. Departementet blir bedt om å vurdera
om det kan setjast inn tiltak for å sikra at denne diskrimineringa
tek slutt.
Avisene er i privat eige, og i motsetnad til det som er tilfellet
for radio og fjernsyn i statleg eige eller med statleg konsesjon,
er det ikkje tradisjon for å stilla formelle krav til avisene
om å nytta begge målformer.
Etter departementet si vurdering er det positivt dersom aviser
i større grad enn i dag slepper til nynorsk på redaksjonell
plass.
9.1.4.3 Krav til nynorsk i NRK og TV2
I vedtektene for NRK er det fastsett at begge dei offisielle
målformene skal nyttast, og at minst 25 prosent av verbalinnslaga
skal vera på nynorsk. I konsesjonsvilkåra for
TV2 er kravet at begge dei offisielle norske målformene
skal nyttast, men her er det ikkje fastsett spesifikke kvotekrav.
I 2006 var det registrert 23 prosent nynorsk i NRK1 og 14 prosent
i NRK2. I radio var det 25 prosent nynorsk i P1 og 24 prosent både
i P2 og i P3.
På dette grunnlag konstaterte Medietilsynet i allmennkringskastingsrapporten
for 2006 at bruken av nynorsk i NRK-kanalane er nokså lik året før,
men at ein nedgang for P2 og P3 innebar at desse kanalane i 2006
ikkje innfridde minstekravet om 25 prosent nynorsk. Ettersom P1
dermed var den einaste av radiokanalane i NRK som hadde 25 prosent
nynorsk, konstaterte Medietilsynet at NRK radio alt i alt ikkje
innfridde minstekravet. Gjennomsnittstalet var 24,33 prosent nynorsk.
Medietilsynet slo fast at fjernsynskanalane mykje låg under
minstekravet med eit gjennomsnitt på 18,5 prosent.
I rapporten for 2006 gjev Medietilsynet uttrykk for at det var
kritikkverdig at NRK for andre året på rad ikkje
innfridde minimumskravet til nynorskprosent i programtilbodet sitt.
Kritikken retta seg i særleg grad mot fjernsynstilbodet,
men tilsynet var også kritisk til at nynorskprosenten i
radio var redusert sidan 2005, jamvel om ein her låg tett
oppunder minimumskravet.
Medietilsynet gav uttrykk for at NRK som statleg, lisensfinansiert
allmennkringkastar har eit særskilt ansvar for å sjå til
at krav til nynorsk blir tilfredsstillande etterlevd. Medietilsynets
konklusjon er såleis at NRK ikkje innfridde kravet om bruk
av nynorsk i kjerneverksemda si i 2006.
Av den nyleg framlagde rapporten for 2007 går det fram
at situasjonen ikkje er vesentleg endra, og Medietilsynet rettar
på nytt kritikk mot NRK for ikkje å innfri minimumskravet
til nynorsk i programtilbodet. Det blir vist til at NRK har gjort
greie for tiltak for å auka nynorskbruken, og Medietilsynet
ventar at desse tiltaka no kjem til uttrykk også i det
faktiske programtilbodet.
I allmennkringskastingsrapportane for 2006 og 2007 konstaterte
Medietilsynet at begge målformer blir nytta i TV 2, og
konklusjonen var at TV 2 innfridde konsesjonskravet.
9.2.1 Nynorsknorma
9.2.1.1 Innleiing
Det er ovanfor under kap. 8.4.2 gjort greie for det arbeidet
med å rydda opp i rettskrivinga for bokmål og
nynorsk som gjekk føre seg i regi av Norsk språkråd
frå 1997 fram til endeleg vedtak på rådsmøtet
i 2003.
Det vedtekne framlegget til endringar i nynorskrettskrivinga
vart forkasta av departementet ved brev av 16. februar 2005. Den
nærare grunngjevinga i brevet er det gjort greie for under kap. 8.4.2.3.
I brevet heitte det til slutt at spørsmålet om
ein eventuell ny gjennomgang av rettskrivingssystemet for nynorsk
var noko departementet tidlegast ville ta standpunkt til etter at
omorganiseringa av Norsk språkråd var endeleg
avslutta.
Det nye Språkrådet har etter vedtektene til
oppgåve å forvalta den offisielle rettskrivinga.
Generelt har Språkrådet også eit vedtektsfesta
ansvar for å ta språkpolitiske initiativ overfor
relevante styresmakter. I tråd med dette vedtok Språkrådet på styremøte
13. september 2007 å ta opp att arbeidet med nynorsknorma.
I vedtaket heitte det at det var gjort under føresetnad
av godkjenning frå departementet.
Etter å ha fått oversendt saka frå Språkrådet gjorde
departementet den vurderinga at det ville vera rett å forankra
det vidare arbeidet med denne saka i Stortinget. Dette må sjåast
på bakgrunn av at saka har ei lang og vanskeleg forhistorie,
og at spørsmålet om revisjon av nynorsknorma framleis synest å vera
omstridd. Det er naturleg å sjå saka i ein større
språkpolitisk samanheng. På denne bakgrunn gav
departementet beskjed til Språkrådet i brev av
13. november 2007 om å venta med vidare arbeid i denne
saka til etter at språkmeldinga var behandla i Stortinget.
9.2.1.2 Arbeidet med nynorsknorma frå 1997 til 2000
Målet for det arbeidet styret i Språkrådet ønskjer å setja
i gang, er etter ordlyden i vedtaket «å laga ei tydeleg,
enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer».
Det å få laga ei strammare nynorsknorm, ei norm
med færre valfrie former, var også målet
for det oppryddingsarbeidet Norsk språkråd tok
til med alt i 1997. Men den gongen sikta ein berre til læreboknormalen,
den norma som er bindande for lærebøker og i statstenesta.
Innanfor den vidare rettskrivinga skulle det framleis vera stor
valfridom. Ein ville altså halda fast på eit system
med sideformer på utsida av ein strammare læreboknormal.
Dette prinsippet vart så retningsgjevande for det vidare
arbeidet og dei konkrete endringane i nynorsknorma som vart vedtekne
på rådsmøtet i februar 2000. Men samstundes
vedtok Språkrådet å avskaffa sideformsystemet
i bokmål. I desember 2000 tok difor departementet initiativ
til å få utgreidd ei tilsvarande løysing
også for nynorsk.
I brev til Norsk språkråd av 5. desember 2000 gav
departementet uttrykk for at det foreslåtte systemskiftet
i bokmål tilsa at ein burde sjå nærare
på dei ulempene som følgjer av den todelte rettskrivinga
også i nynorsk. Som døme på slike ulemper nemnde
departementet mellom anna at det kunne vera uheldig at skuleelevar
lærer å bruka skrivemåtar og bøyingsformer
som dei likevel ikkje har lov til å nytta dersom dei seinare
blir tilsette i offentleg teneste, eller former og skrivemåtar
som det ikkje finst støtte for i lærebøker.
Departementet uttalte vidare at dersom det skulle vera eit mål å etablera
ei norm som er så fast at ho lettare kan verka som eit
mønster for korleis språkbrukarane skal skriva
rett, kan det synast inkonsekvent at det samstundes finst ei rad
andre former og skrivemåtar som også er korrekt
rettskriving i dei fleste samanhengar. I det heile kan den todelte
rettskrivinga hevdast å innebera ein dobbeltkommunikasjon
som er med på å skapa ei forvirring hos språkbrukarane
som kjem i tillegg til den uvissa som valfridommen i seg sjølv
representerer. Slik heitte det i brevet frå departementet i
desember 2000.
Men det heitte også at departementet var fullt klar
over dei ulike grunnane som kunne tala for at det framleis burde
vera eit system med sideformer i nynorsk, og at ei fjerning av skiljet
mellom hovudformer og sideformer kunne framstå som ei drastisk
endring som kunne skapa mykje uro og usemje. Departementet var likevel
kome til at ei rettskrivingsendring som etter føresetnaden
skal stå ved lag i lang tid framover, ikkje burde gjennomførast
før dette spørsmålet er grundig utgreidd.
9.2.1.3 Utgreiing, høyring og vedtak 2001–2003
Dette initiativet frå departementet i desember 2000 fekk
god mottaking, og Norsk språkråd gjekk i gang
med ei meir omfattande utgreiing med det uttalte målet å gjennomføra
ei systemforenkling i tråd med det departementet hadde
ymta frampå om. Då saka vart førebels
drøfta på møte i nynorskseksjonen i februar
2002, konkluderte møteleiinga med at det syntest å vera
klar stemning for å oppheva skiljet mellom hovudformer
og sideformer.
Etter kvart viste det seg likevel vanskeleg å koma til
semje om kor stor valfridom ein skulle tillata innanfor eit nytt
normsystem utan eit slikt statusskilje. På ekstraordinært
møte i nynorskseksjonen av Norsk språkråd
i mai 2002 gjekk likevel fleirtalet inn for det foreslåtte
systemskiftet. Dermed kom spørsmålet om stor eller
liten valfridom på spissen. Av to alternative framlegg,
eit med relativt liten og eit med etter måten stor valfridom,
vart det vedteke eit framlegg som låg nærmast
det siste alternativet.
Med basis i desse vedtaka vart eit samla opplegg for revisjon
av nynorsknorma sendt på høyring hausten 2002.
Saka var kompleks fordi det både var spørsmål
om systemskifte og dinest kva slags valfridom ein skulle leggja
opp til på ulike punkt avhengig av det eine eller andre
utfallet i det første spørsmålet. Høyringsfråsegnene
sprikte då også i fleire retningar, men alt i
alt var det likevel stor skepsis mot å fjerna statusskiljet.
Dette førte til at nynorskseksjonen snudde, og på rådsmøtet
i 2003 vart det samrøystes vedteke å halda fast
ved skiljet mellom hovudformer og sideformer. Deretter vart det
gjort vedtak om visse endringar innanfor ramma av eksisterande normsystem,
i hovudsak i tråd med dei tilsvarande vedtaka tre år
tidlegare. Det var desse endringsframlegga som til slutt vart forkasta
av departementet i februar 2005.
Som nemnt under kap. 8.4.2.3 var det to tilleggsvedtak om nynorsknorma
på rådsmøtet i 2003 som var grunngjevinga
for at departementet på nytt avviste å gjera endringar
innanfor ramma av eksisterande normsystem. Desse tilleggsvedtaka syntest
nemleg å opna for ei snarleg revurdering av sjølve
normsystemet.
Den eine tilleggsfråsegna var ei oppmoding til styret
om å få vurdert om funksjonsfordelinga mellom
hovudformer og sideformer framleis var tenleg i den nye situasjonen
som ville oppstå når nynorsken vart åleine
om dette systemet. Den andre fråsegna var eit ønske
om forsøksprosjekt med ulike undervisningsopplegg for å samanlikna ei
opplæring avgrensa til hovudformene med ei opplæring
som også tok omsyn til den vidare valfridommen med sideformer.
9.2.1.4 Ulike omsyn i normeringa av nynorsk
Både den førebuande behandlinga og vedtaka
i nynorskseksjonen av Norsk språkråd i 2003 gav altså noko
motstridande signal om kva som kunne tenkjast å vera den
mest tenlege utviklinga av rettskrivingssystemet i nynorsk på lengre
sikt.
Når arbeidet med forenkling av normsystemet ikkje førte
fram på nynorsksida, har det sjølvsagt samanheng
med at statusskiljet mellom hovudformer og sideformer representerer
eit kompromiss mellom stor og liten valfridom.
Dersom ei norm skal strammast inn, er det naturleg at det kan
vera usemje om kva former som skal takast ut av norma. Det er lettare å gje
visse former redusert status ved berre å ta dei ut av læreboknormalen.
Då kan dei framleis brukast i dei fleste samanhengar – av
dei som ønskjer å setja eit personleg preg på skriftspråket
sitt med utgangspunkt i dialektbakgrunn eller språkideologisk
ståstad.
Dette omsynet har tradisjonelt vore eit viktig prinsipp i nynorsknormeringa.
Vid valfridom inneber at dialektmangfaldet i stor grad kjem til
uttrykk innanfor norma. Tanken er då at den enkelte språkbrukar
kan velja ein skriftvariant som ligg nær opptil talemålet
sitt og dermed kanskje ha lettare for å meistra skriftspråket.
Valfridommen gjev også større rom for å finna ein
personleg stil. Den legg til rette for språkleg identifikasjon
og sjølvkjensle og kan på den måten også vera
med og stimulera så vel utrykksbehov som uttrykksevne.
Det at skuleelevar kan bruka skriftformer som ligg nær
opptil eige talemål, kan gjera sitt til å letta
sjølve skrivinga og skriveopplæringa.
Men det går også an å bruka pedagogiske
argument den andre vegen. Ei norm med liten valfridom som dermed
blir brukt om lag på same måten av dei fleste,
er meir oversiktleg og kan slik sett vera enklare å læra
og å bruka. Mange meiner at det er det visuelle førebiletet
som best fremjar skriveopplæringa, dvs. at lesinga er med å prenta
inn skriftbiletet. I så fall kan det vera uheldig å møta det
same ordet skrive snart på den eine måten og snart
på den andre, eller at elevane sjølve skal skriva
annleis enn dei formene dei møter i lærebøkene.
Det krev dessutan god innsikt i eige språk å vita kva
former ein skal velja. Jamvel om ein kan bruka former innanfor norma
som samvarer heilt eller delvis med eige talemål, vil det
aldri vera fullt samsvar. Ein må heile tida læra
seg kvar grensene går mellom eige talemål og normrett
skriftmål. Då kan det henda at den store valfridommen
fører til at språkbrukarane blir usikre, at dei
stadig må slå opp i ordlista, at dei ikkje får
utvikla eit snøgt og automatisert skriftspråk.
Særleg kan valfridommen verka overveldande for dei som
har nynorsk berre som sidemål. Resultatet kan bli at mangfaldet
hemmar i staden for å frigjera.
Det er altså til dels motstridande vurderingar og omsyn
som kan gjerast gjeldande i spørsmålet om framtidig
normering av nynorsk. Dette har samanheng med spenningsforholdet
mellom på den eine sida den tradisjon og ideologi som har bore
nynorsken fram, og på den andre sida dei strategiske utfordringane
som møter eit mindre brukt språk med så liten
språkleg avstand til det dominerande fleirtalsspråket
som tilfellet er for nynorsk.
Det kan hevdast å vera i samsvar med nynorsk tradisjon
og ideologi at det skal vera høve til å skriva
ein offisielt godkjend nynorsk med rom for regional og individuell
variasjon. Formvariasjonen representerer dessutan viktige tradisjonar
i nynorsk litteratur.
Og i dei geografiske randsonene for nynorsken kan det tenkjast å vera
ein fordel for oppslutninga om målforma som skulemål
og lokalt bruksmål at det er mogleg å velja former
som ligg nær opptil bokmålsformer eller eige talemål.
Slike strategiske vurderingar kan difor trekkja i retning av vid
valfridom.
På den andre sida kan det hevdast at det først og
fremst er dei profesjonelle og språkmedvitne skrivarane
som er i stand til å realisera idealet bak valfridommen.
Ei nynorskopplæring som utnyttar det spelerommet som formvariasjonen
byr på, stiller store krav til normoversikt og pedagogiske evner
hos lærarane.
For det store fleirtalet av språkbrukarar kan det henda
at ei klarare og meir eintydig norm vil gjera det lettare å innprenta
skilnadene mellom nynorsk og bokmål og dermed å halda
dei to målformene frå kvarandre i eiga skriving.
Det finst også undersøkingar som indikerer at
normvariasjonen gjer brukarane usikre, og at ein god del av dei
som byter hovudmål frå nynorsk til bokmål, gjer
det fordi dei har problem med nynorsk rettskriving og formverk.
Nynorskrettskrivinga vedkjem også dei meir usikre språkbrukarane.
Ho vedkjem alle dei som lærer nynorsk som sidemål
i skulen, og dei av desse som skal skriva nynorsk som tilsette i
offentleg teneste. Spørsmålet er i kor stor grad
ein også bør leggja vekt på slike pedagogiske
omsyn i normeringsarbeidet.
Nynorskens strategiske situasjon som eit mindre brukt
språk som i stadig sterkare grad må tevla med
det dominerande bokmålet, er også eit moment som
kan henda bør telja med i dei vurderingane som skal gjerast.
Nynorsk lever i skuggen av bokmål, og påverknaden
frå bokmål er i dag ganske stor.
Dessutan er nynorsk skriftspråk i mindre grad enn bokmål
tufta på ei nokolunde fast talemålsnorm. Eit tilnærma
normalisert nynorsk talemål kan høyrast i manusbundne
program i radio og fjernsyn, men elles er det i dag svært
få av dei som opptrer i det offentlege rommet, som kan seiast å bruka
eit nokolunde normrett nynorsk talemål. Svært
mange av dei som reknar seg som nynorskbrukarar, har i talemålet
sitt eit markert innslag ikkje berre av dialektformer, men også av talemålstrekk
og ordtilfang henta frå normalisert bokmål.
Den valfridommen som voks fram på 1900-talet, hadde
elles ikkje berre som mål å koma eit vidare spekter
av dialektformer i møte. Det var også eit reformstrev
som gjekk ut på å samordna bokmål og
nynorsk innanfor ei tilnærmingslinje.
Som det er gjort greie for under kap. 8.4.2.2, har Stortinget
ved fleire høve stadfesta at slik tilnærming ikkje
lenger er aktuell politikk. I dag kan ein difor på friare
grunnlag normera dei to norske skriftspråka våre
slik at deira eigen identitet blir klarare markert.
9.2.1.5 Vedtaket hausten 2007 om ny gjennomgang av nynorsknorma
På bakgrunn av forhistoria og dei ulike omsyna det er
gjort greie for ovanfor, kan det verka som eit ambisiøst
mål å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for
nynorsk, utan sideformer, slik styret i Språkrådet
har vedteke.
Som venta har vedtaket også vekt debatt. Av dei som
er kritiske, har nokre gitt uttrykk for at departementet bør
setja ein stoppar for heile prosessen, medan andre har ønskt
at departementet ikkje skal godkjenna det mandatet styret har vedteke,
men i staden opna for ei ny høyring om kva retning normeringsarbeidet
for nynorsk skal ta.
Vedtaket i Språkrådet er likevel meir omfattande
enn det som så langt er referert. Det heiter mellom anna
at styret legg vekt på å få til ein open og
inkluderande prosess, dessutan at den gruppa som skal stå for
sjølve arbeidet, skal ha med representantar frå målrørsla,
forvaltninga, utdanningssektoren, forlagsbransjen og medieområdet.
Det heiter også at breitt talemålsgrunnlag, mykje
brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar
er blant dei faktorane som skal balanserast i den nye norma. Det
går fram at målet er å etablera ei norm
som skal vera eit tilbod til alle som ønskjer å skriva
korrekt nynorsk, at ho skal gjelda for alle som pliktar å skriva
innanfor ei norm. Målet, heiter det, er å etablera
ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som
er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og
som er stabil over tid.
Det går elles fram av vedtaket at det er fagrådet for
normering og språkobservasjon, saman med sekretariatet,
som skal planleggja og følgja opp prosessen innanfor dei
retningslinjene som styret gjev. Fagrådet har også fått
i oppgåve å gjera framlegg til samansetjing av
den nemnde gruppa som skal gjennomføra arbeidet.
Fagrådet for normering og språkobservasjon har
på sitt arbeidsområde, til liks med dei tre andre fagråda
på sine område, eit særleg ansvar for å sikra
at Språkrådet har breiast mogleg samfunnskontakt
for arbeidet sitt. Dei skal formidla synspunkt og impulsar frå det
norske språksamfunnet til styre og sekretariat og skal
på tenleg måte drøfta og førebu
større saker som skal avgjerast i styret. Dette er fastsett
i vedtektene for Språkrådet.
9.2.1.6 Oppsummerande vurdering
Departementet erkjenner at spørsmålet om ein
ny gjennomgang av nynorsknorma er ei vanskeleg sak, og at det ikkje
er lett å ha ei skråsikker oppfatning av kva slags
normsystem som alt i alt vil vera mest tenleg for nynorsken og nynorskbrukarane på kort
og lang sikt. Som vist ovanfor er det argument og omsyn som dreg
i ulik retning.
Spørsmålet om endringar må nødvendigvis byggja
på vurderingar og vedtak som er godt førebudde
i Språkrådet. Samstundes er det grunn til å streka
under at dette førearbeidet må ha best mogleg
forankring blant språkbrukarane. Departementet oppfattar
det slik at vedtaket i styret legg opp til ei slik brei forankring
og ein prosess der ulike syn kan koma til orde.
Ein ny gjennomgang av nynorskrettskrivinga med sikte på endringar
vil på nytt reisa fleire spørsmål, for
det første om ein skal avskaffa det noverande skiljet mellom
hovudformer og sideformer, kor stor valfridommen skal vera innanfor
eit eventuelt nytt system utan slikt statusskilje, og endeleg kva
former som skal takast ut av norma, og kva former som skal bli verande
i den grad ein strammar inn.
Det var det første spørsmålet, om
eventuelt å oppheva sideformsystemet også i nynorsk,
som var utgangspunktet for det utgreiingsarbeidet som departementet
tok initiativet til å få sett i gang i desember
2000. I 2002 gjorde så Noregs Mållag eit vedtak
på landsmøtet sitt der dei gjekk imot å fjerna
sideformsystemet.
Departementet har merkt seg at Noregs Mållag no har
endra syn i dette spørsmålet. På landsmøtet
i slutten av april 2008 vart det vedteke ei fråsegn der
det mellom anna heiter at Noregs Mållag meiner det er på tide å oppheva
skiljet mellom hovud- og sideformene, slik at den normalen ein lærer
i skulen, kan brukast overalt også seinare i livet.
I fråsegna er det også uttalt at Noregs Mållag ser
positivt på at Språkrådet vil gjera eit
oppryddingsarbeid i rettskrivinga, jamna ut inkonsekvensar og fjerna
former det er dårleg grunnlag for i talemål og
skriftsspråk.
På den andre sida er det som nemnt ovanfor fleire som
har vendt seg til departementet for å få stoppa
eller i det minste endra premissane for ein ny gjennomgang.
Etter ei samla vurdering har departementet kome til at det likevel
er så mykje som taler for ein ny gjennomgang at det ikkje
vil vera rett å gå imot at dette arbeidet blir
sett i gang slik styret har vedteke.
Departementet har heller ikkje merknader til at styret har gjort
vedtak om ei klar retning og ein klar ambisjon for arbeidet. Det
må likevel leggjast til grunn at nynorsken framleis skal
vera slik utforma at han kan ha appell til språkbrukarar
over heile landet, og at ein ikkje stengjer ute former som er i
allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar.
9.2.2 Ordtilfanget i nynorsk
9.2.2.1 Innleiing
Ein variant, til dels ein parallell, til ordskiftet om nynorsk
rettskriving er spørsmålet om nynorsk ordtilfang.
Også dette har mykje å seia for den vidare utviklinga
av nynorsk som eit mindre brukt språk ved sida av det dominerande
bokmålet.
Spørsmålet har nettopp sin bakgrunn i at nynorsk
i sitt opphav er eit dialektbasert skriftmål etablert på nasjonal
grunn, som eit alternativ til eit bokmål utvikla gjennom
fornorsking av eit opphavleg dansk skriftsspråk.
Som eit resultat har det utvikla seg ein nynorsk skrifttradisjon
som har vore restriktiv til opptak av danske og lågtyske
lånord som er vanlege i bokmål, mest typisk ord
som blir danna gjennom avleiing av prefiksa an- og be- og suffiksa
-heit og -else, dei såkalla anbeheitelse-orda. På den
andre sida har mange lånord av dansk og lågtysk
opphav lenge vore brukte i dialektane, og fleire er jamt komne inn
i folkeleg talemål, til dels gjennom påverknad
frå bokmål. Dette førte etter kvart saka inn
i eit sterkare spenningsfelt.
9.2.2.2 To hovudsyn
Likevel har denne spenninga alltid vore der, og det har heile
tida vore to hovudsyn på ordtilfanget i nynorsk.
Det eine standpunktet har vore at nynorsk skriftmål
skal greia seg mest mogleg med heimlege, nedervde ord, det andre
at lånord som er vanlege i talemålet, kan takast
opp i skriftmålet utan mykje omsyn til korleis dei er laga,
eller kva opphav dei har. Det første synet legg altså vekt
på det nasjonale grunnlaget for nynorsken; det andre legg
større vekt på talemålsgrunnlaget.
Det første standpunktet, det meir puristiske, avspeglar
ei frykt for at lånorda i stor grad skal skuva tradisjonsorda
ut av bruk, at mange lånord til dels høver dårleg
i nynorsk språkbygnad, og at nynorsk kan bli så likt
bokmål at det taper noko av identiteten og dermed livsretten
sin som eige skriftsspråk.
Det andre standpunktet byggjer på ein motvilje mot å forby
ord som er vanlege i folkeleg talemål, ei tru på at
ein meir liberal lånordpraksis gjer det lettare for breiare
grupper å skriva nynorsk, og at språket blir rikare
og meir nyansert når både lånord og tradisjonsord
kan brukast, alt ettersom det høver.
9.2.2.3 Arbeidet med retningslinjer for nynorsk ordtilfang
I 1981 sette Norsk språkråd ned ei nemnd til å gjera
ei samla vurdering av ordtilfanget i nynorsk.
I tilrådinga si frå 1983 streka nemnda under verdien
av den nynorske skrifttradisjonen, og at det også for framtida
var avgjerande viktig å byggja ut kjensla for lett, naturleg
og heimleg ordlegging. Fleirtalet meinte likevel at nynorsk burde
halda fram med å utvida normene for skriftleg ordval og ordbruk
for å koma talemålet i møte. I tråd
med dette vart det trekt opp retningslinjer for og fremja konkrete
tilrådingar om opptak av ord frå ulike ordgrupper.
Eit framlegg om at denne fleirtalstilrådinga skulle
bli retningsgjevande, vart avvist av Norsk språkråd
med dobbeltrøysta til leiaren på årsmøtet i
1984. I staden vart det vedteke at det vidare arbeidet med ordtilfanget
også skulle ta omsyn til ein meir restriktiv dissens frå eit
mindretal i nemnda og andre fråsegner som var komne inn
i samband med behandlinga av saka.
Likevel vart det teke opp ein god del tidlegare utestengde ord
det nærmaste tiåret etterpå, i alt om
lag 175 ord fram til 1995.
Nye initiativ og ny debatt på 1990-talet enda så med
at det på årsmøtet i 1999 vart vedteke
klarare og fastare retningslinjer enn før.
Utgangspunktet her var at ord som har stor utbreiing i norske
dialektar, ikkje bør haldast ute frå nynorske
ordlister og ordbøker. Men dette vart moderert og presisert
gjennom nokre andre allmenne reglar og fleire spesielle retningslinjer
for særlege ordgrupper, mellom anna for lånord
med endinga -heit og -else.
9.2.2.4 Inntak av mykje nytt ordtilfang i 2000
På grunnlag av retningslinjene frå året
før gav så sekretariatet i Norsk språkråd
i 2000 gjennom godkjenning av to nye ordlister grønt lys
for om lag 290 nye ord, av desse særleg mange med endinga
-heit.
Dette store inntaket av ord som braut med typisk nynorsk ordtilfang,
gjekk ikkje upåakta hen, og landsmøtet i Noregs
Mållag uttalte seg kritisk til den måten Norsk
språkråd hadde tolka retningslinjene frå 1999
på. Landsmøtet kravde at godkjenninga vart trekt
tilbake, og at orda vart vurderte på nytt.
Voss mållag følgde opp gjennom brevveksling med
Norsk språkråd, som avviste å ta saka
opp til ny vurdering, men opna for å vurdera dei vedtekne retningslinjene
i lys av røynslene som vart gjorde, og dei motsynspunkta
som var komne.
13
I brev til Kultur- og kyrkjedepartementet av 24. april 2002 gav
Voss mållag uttrykk for at det vedtekne ordinntaket braut
så mykje med nynorsk språk- og stilkjensle at
det burde krevjast godkjenning av departementet, på same
måte som gjennomgripande rettskrivingsvedtak, etter dei
dåverande vedtektene for Norsk språkråd.
Departementet konkluderte i svarbrev av 3. oktober 2002 med at
den aktuelle saka ikkje kunne tolkast inn under det vedtektsfesta
godkjenningskravet, og at departementet dermed ikkje hadde grunnlag
for å gripa inn i ettertid.
Men departementet la til at dette omfattande inntaket av danske
og tyske importord kunne synast såpass gjennomgripande
at mykje kunne tala for ein tilsvarande behandlingsmåte
som for større normeringssaker. Departementet viste så til at
den varsla omlegginga av Norsk språkråd ville føra
til endringar i det framtidige avgjerdssystemet for normeringsspørsmål,
og at det i samband med dette var naturleg å sjå nærare
på dei spørsmåla som melder seg når
det gjeld regulering av ordtilfanget i nynorsk.
Departementet vil følgja opp dette i samband med utforming
av eit nytt regime for nynormering og normvedlikehald, jf. kap.
8.4.3 ovanfor.
9.2.2.5 Nynorsk mellom tilpassing og identitetsmarkering
På den eine sida vekte altså dei mange godkjende orda
frå 2000 motreaksjonar hos mange, mellom anna i den organiserte
målrørsla. På den andre sida kjem det
frå tid til anna krav om at nynorsk treng ei grundigare
modernisering.
For ei stund sidan vekte det ei viss merksemd at nynorskelevar
ved ein vidaregåande skule på Vestlandet i ei
undersøking oftast kryssa av for bokmålsordet
eller bokmålsforma som meir naturleg for dei å bruka
enn tilsvarande nynorskord eller nynorskform. Departementet legg
til grunn at dette først og fremst er ein refleks av den
sterke bokmålsdominansen i samfunnet i det heile, og at også nynorskelever
er mykje meir vane med å høyra og lesa bokmål
enn nynorsk.
Av same grunn er det heller ikkje til å undrast over
at enkelte skrivande folk med nynorskbakgrunn synest dagens nynorsk
kjennest gammaldags og lite funksjonell, og gjerne vil at det skal vera
meir fritt fram for ord og uttrykk frå bokmål som
dei også bruker i sitt eige talemål.
Alle individuelle språkval må respekterast,
og synspunkt av dette slaget kan difor ikkje underkjennast. Samstundes
kan det ikkje stikkast under stol at dei også er uttrykk
for dei språklege makttilhøva i samfunnet.
Det er heller ikkje i andre land uvanleg at det dominerande språket
blir oppfatta som naturleg og moderne, medan eit språk
som er mindre brukt, ofte kan kjennest gammaldags og mindre funksjonelt,
også blant mange av dei eigne primærbrukarane.
Difor er det også meir krevjande å bruka eit slikt
språk enn det språket eller den språkforma som
dominerer.
Departementet legg til grunn at slike dominansforhold
gjer at det alltid vil vera eit press for å endra nynorsk
i retning av bokmål, ikkje berre når det gjeld
ordtilfang, men også i rettskriving og formverk. Det eine
kan også lett dra det andre etter seg. Det blir alltid
ei avveging tufta på skjønn kor langt ein til
kvar tid skal gå i det eine og det andre spørsmålet.
Det er naturleg at det er ulike syn på dette. Ulike
haldningar til slike spørsmål vil dels vera ein funksjon
av kva ein trur om verknaden for tilslutninga til nynorsken, dels
av korleis ein ønskjer at den nynorske språkforma
helst bør sjå ut.
Departementet legg til grunn at nynorsk i prinsippet må utformast
først og fremst på eine eigne premissar, som ei
sjølvstendig språkform, og ikkje som ein funksjon
av utviklinga i bokmål. Det er også i samsvar
med det prinsipielle synet på tilhøvet mellom
bokmål og nynorsk som vart lagt til grunn då den
såkalla tilnærmingslinja vart endeleg avskriven
som offisiell språkpolitikk gjennom oppheving av ei føresegn
i lov om Norsk språkråd i 2002.
9.2.2.6 Premissar for godkjenning av ordtilfang
i nynorske ordlister
Det kan elles vera grunn til å minna om at det aller meste
av ordtilfanget i nynorsk og bokmål er felles, jamvel om skrivemåte
og bøying kan vera ulik, og at det allereie har skjedd
ei omfattande modernisering av det nynorske ordtilfanget opp gjennom åra. Det
til dels nye og moderniserte ordtilfanget lever side ved side med
det meir tradisjonelle tilfanget.
Alt i alt representerer dette eit så rikt og variert register
av ord og uttrykk at det ikkje er rimeleg å hevda at nynorsk
i dag ikkje kan brukast til å uttrykkja og formidla kva
det skal vera i eit naturleg og forståeleg språk.
Her er det nok ikkje språket det kjem an på, men
den evna språkbrukarane har til å formulera alt
det språket kan utnyttast til å uttrykkja.
Departementet legg elles til grunn at når Språkrådet
godkjenner ord som kan takast med i nynorske ordlister, inneber
ikkje det ei blankofullmakt i retning av ukritisk bruk. Alle ord
som står i ordlista, er ikkje nødvendigvis like
gode eller høvelege i alle samanhengar, og kan heller ikkje alltid
brukast i alle dei same tydingane som i bokmål. På den
andre sida set heller ikkje ordlistene faste grenser for kva ord
som kan nyttast i nynorsk; dei representerer såleis ingen
fasit, verken i den eine eller andre retninga.
Det er i rundskriv streka under at ein særleg i grunnskulen
bør vera varsam med å gje feil i elevarbeid for
ord som høyrer med til det daglege bruksmålet
til elevane, og at det heller ikkje på høgare
klassesteg må vurderast som negativt om elevane nyttar
enkeltord som ikkje er med i ordlistene. Dette gjeld særleg
ord som i bygnad og bruk ikkje bryt med det som særmerkjer
god nynorsk språkføring, den verbale seiemåten
og den munnlege uttrykkforma.
14
Det motsette av dette – og såleis
dårleg nynorsk – er substantivsjuke, abstrakte
genitivskonstruksjonar og for mykje passiv uttrykksmåte.
Eit problem med ukritisk bruk av tilgjengeleg ordtilfang, særleg
med mange av dei orda som ein har vore spesielt på vakt
mot i nynorsk, er nettopp at dei ofte inviterer til slik tung, snirklet
eller klisjébunden uttrykksmåte. Det gjeld særleg
ord som er danna gjennom avleiing med prefiks som an-, be-, bi-,
er- og for- og suffiks som -heit, -else, -aktig, -bar og -messig.
Difor må ordval i nynorsk som regel sjåast i nær
samanheng med ordleggingsmåten. For det er uttrykksmåte
og setningsbygning, meir enn ordtilfanget i seg sjølv,
som avgjer kva som er godt nynorsk språk. Viktigare enn
orda er det korleis orda blir samanbundne til språkrette
setningar.
Granskingar og ordskifte om ordtilfanget i nynorsk isolert sett
vil difor lett føra på avvegar og avspora debatten
om korleis nynorsk skal skrivast, og kva det bør leggjast
vekt på i all opplæring og undervisning i nynorsk,
både i og utanfor skulen. Det same kan seiast også om
visse delar av normeringsdiskusjonen, dvs. om kva for stave- og
bøyingsformer av orda ein helst bør velja i nynorsk.
Å leggja større vekt på ordlegging
og uttrykksmåte i all nynorskopplæring vil også kasta
av seg på den måten at det kan smitta over på måten
ein uttrykkjer seg på når ein skriv bokmål.
Det er såleis liten tvil om at tradisjonelt nynorsk ordtilfang og
typisk nynorsk ordlegging også har påverka bokmålet
i gunstig retning. Såleis er det mange gamle lånord
som opp gjennom åra er gått ut av bruk og er avløyste
av heimlege ord også i bokmål. Bokmål
er under påverknad av nynorsk vorte mindre prega
av gammal og tung kansellistil og er i dag kjenneteikna av meir
munnleg stil og verbal seiemåte enn i tidlegare tider.
Boks 9.1
Målet med norskopplæringa må mellom
anna vere å øve eleven i å arbeide med
målet sitt og ikkje kritikklaust slå seg til ro
med det som først fell i pennen av ord og klisjear, men
kjenne glede over å leite etter – og finne fram
til – eit meir råkande og meir innhaldsrikt, eit
betre ord. Då vil ein òg bli meir klar over den
uttrykksevna vi har i vårt eige mål, og då kan
norske ord betre hevde seg i tevlinga med lånord og framandord.
Frå Alf Helleviks Nynorsk ordliste.
9.2.2.7 Oppsummerande vurdering
Departementet er redd for at mykje diskusjon om nynorsk rettskriving
og ordtilfang opp gjennom åra kan ha ført til
at det i mange samanhengar skjer ei for mekanisk formalopplæring
i nynorsk, utan at det blir gjeve nok akt på grunnleggjande
krav til god nynorsk ordlegging og seiemåte. Dette er eit spørsmål
som det kan vera grunn til å sjå nærare på som
ledd i det vidare arbeidet med å skaffa fram meir kunnskap
om nynorskopplæringa i skulen.
I språkopplæringsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet
er det vist til at det er behov for sterkare forskingsinnsats med
sikte på å få fram meir kunnskap om nynorskopplæringa.
15
Det
er også nemnt at Nynorsksenteret har sett i gang mange tiltak
for å styrkja nynorskopplæringa, men at mykje
framleis er ugjort. Kunnskapsdepartementet slår fast at
det difor er viktig med intensivert innsats og eit breitt engasjement
for å gjera nynorskopplæringa betre.
Nynorsksenteret vart etablert frå 1. januar 2005 og
skal vera eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa.
Senteret skal mellom anna utvikla metodar og arbeidsmåtar
som kan vera med på å skapa språkkompetanse
og motivera for arbeid med nynorsk. Gode røynsler skal
systematiserast, prøvast ut og spreiast vidare til skuleverket.
Kunnskapsdepartementet har i språkopplæringsmeldinga
varsla at departementet vil styrkja nynorsk i opplæringa
gjennom ein tiltaksplan knytt til Nynorsksenteret. Kultur- og kyrkjedepartementet
vil bidra med innspel til Kunnskapsdepartementet i arbeidet med
denne tiltaksplanen.
At det er ulike vurderingar og til dels intern strid om spørsmål
som gjeld ordtilfang og normsystem, er elles like mykje som noko
anna eit uttrykk for livskraft og livvilje innanfor nynorskverda.
Departementet vil difor åtvara mot å bruka slik
usemje som eit argument mot nynorsken. Ein skal heller ikkje sjå bort
frå at dei vedtaka som er gjorde oppigjennom, både
når det gjeld normering og ordtilfang, representerer etter
måten fornuftige kompromiss i vanskelege spørsmål.
9.3.1 Det politiske grunnlaget
9.3.1.1 Soria Moria-erklæringa
og Kulturløftet
I den politiske plattforma si har regjeringa peikt på det
verdifulle mangfaldet som ligg i det å ha to norske skriftkulturar.
Det er vist til at nynorsk og bokmål er formelt likestilte,
men at nynorsk likevel reelt sett har vanskelegare vilkår.
Konklusjonen er at det difor er særleg viktig å sikra
grunnlaget for ei god utvikling for nynorsken.
Også i Kulturløftet, som dei tre noverande regjeringspartia
vart samde om vinteren 2004, er det vist til at norsk språk
er under konstant press, at nynorsk er særleg pressa, at
det er viktig å sikra skuleelevar god opplæring
i begge målformer, og at sidemålsundervisninga
må utviklast og utbetrast, ikkje reduserast. I Kulturløftet
vart det også foreslått å oppretta eit
fond, Vinjefondet, som skal ha som formål å styrkja
nynorsk journalistikk.
9.3.1.2 Stortingsbehandlinga av den siste kulturmeldinga
Det er nemnt under kap. 9.1.1.6 ovanfor at det også i
kulturmeldinga frå Bondevik II- regjeringa vart varsla
aktiv støtte til nynorsk skriftkultur.
Det heitte om dette:
«Gjennom ei breitt spekter av tiltak skal
det leggjast til rette for å styrkja nynorsk språk
generelt og nynorsk skriftkultur spesielt, og dette vil òg
omfatta tiltak som i visse samanhengar prinsipielt favoriserer nynorsk.»
Det heitte også:
«I 2013 er det 200 år sidan Ivar
Aasen vart fødd, og det tiåret som står
att fram til dette jubileet, kan vera eit høveleg tidsperspektiv
for eit meir systematisk arbeid med å styrkja den nynorske skriftkulturen.
Eit slik arbeid må skje over eit breitt felt, gjennom eit
samspel mellom private og offentlege aktørar.»
I innstillinga frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
våren 2004 uttrykte fleirtalet, alle unnatekne medlemmene
frå Framstegspartiet, at dei var samde i at det er nødvendig
med aktiv støtte til nynorsk skriftkultur, og fleirtalet
støtta også departementet si grunngjeving for
dette.
Tiltak som var nemnde i meldinga, var mellom anna ein offensiv
for nynorsk målbruk i staten, arbeid for språkleg
jamstilling innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi, ein
allmenn elektronisk kunnskapsbase på nynorsk og betre sidemålsundervisning
i skulen.
Medlemmene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti
og Senterpartiet gav uttrykk for full støtte til den offensive
handlingsstrategien kulturmeldinga la opp til, men etterlyste samstundes
ei utdjuping av kva tiltak som burde prioriterast, og streka under
behovet for at dette vart følgt opp i seinare statsbudsjett.
I 2013 er det ikkje berre 200 år sidan Ivar Aasen vart
fødd. Det er også 100 år sidan Det Norske
Teatret vart skipa. Frå budsjettinnstillinga for 2007 har departementet
merka seg følgjande fråsegn frå familie-,
kultur- og administrasjonskomiteen:
«Flertallet vil understreke språkets
betydning for kultur og identitet og vil påpeke at man
frem mot 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013 har et særskilt
ansvar for å styrke arbeidet med nynorsk språk,
litteratur og kultur. Nynorsk kultursentrum er sentralt i dette
arbeidet.»
Departementet vil arbeida vidare med dette.
9.3.2 Tiltaksområde
9.3.2.1 Prinsipielt utgangspunkt
I dei politiske premissane ovanfor ligg det ei erkjenning av
at tiltak som i nokon mon kan jamna ut dei ulike konkurransevilkåra
mellom målformene, er nødvendige for å sikra
ei god utvikling også for nynorsk som den minst brukte
målforma.
Dette inneber mellom anna økonomisk støtte til
institusjonar, organisasjonar og ordningar som har som ein uttrykt
del av formålet sitt å byggja opp under nynorsk
språk og kultur.
Det er likevel eit faktum at det aller meste av det som blir
løyvt av midlar til dømes over det statlege kulturbudsjettet,
går til tiltak som i hovudsak syner seg fram i språkleg
bokmåls- eller riksmålsdrakt, jamvel om dette
ikkje er ein uttrykt del av formålet med verksemda.
Økonomisk støtte til ein del særlege
nynorsktiltak vil difor ikkje vera nok til å hindra ei
utvikling der den minst brukte målforma kan koma til å bli meir
og meir marginalisert.
Vel så viktig er det difor at det i den offentlege språkpolitikken
blir bygd inn som eit prinsipp at nynorsk i utgangspunktet høyrer
med der norsk språk blir tematisert eller brukt. Det betyr
at det for alle offentlege tiltak og all politikkutforming med eit
språkleg aspekt skal vurderast eksplisitt korleis dette
kan utformast slik at ein også tek omsyn til nynorsk og
dei behov som også nynorskbrukarane har.
Prinsippet må forankrast som ein del av ein sektorovergripande
språkpolitikk slik at ikkje vurderinga av nynorskperspektivet
blir oversett og utegløymt. Eit slik prinsipp
inneber at det normale vil vera at nynorsk alltid blir rekna med,
og at det må grunngjevast særskilt når
den nynorske sida av saka ikkje er relevant.
Departementet har innarbeidt dette prinsippet som ein del av
dei språkpolitiske måla som Stortinget gjennom
denne meldinga blir invitert til å slutta seg til, jf.
nærare om dette i kap. 3.
9.3.2.2 Haldningsskapande arbeid
Som tilhøyrande eit mindre brukt språk er det
ikkje unaturleg at ein del nynorskbrukarar kan ha svakare kulturell
og språkleg sjølvtillit og sjølvkjensle.
Det er indikasjonar på at det særleg blant
unge nynorskbrukarar finst mange som er meir eller mindre negative
til sitt eige språk. Ein må rekna med at dette
er eit sjølvbilete som langt på veg blir forma
av andre.
Eit bidrag til å byggja opp under den språklege sjølvkjensla
hos nynorskbrukarane er å sikra at dei i større
grad enn i dag får oppfylt dei språklege rettane
sine. Det kan til dømes vera ein fare for at skuleelevar
som stadig opplever at nynorske utgåver av lærebøker
ikkje ligg føre på same tid som bokmålsutgåvene,
trass i klare reglar om det motsette, lett får forsterka
eit inntrykk av at deira språk er mindre verdt og mindre
viktig.
Det som kanskje har mest å seia for den språklege
sjølvkjensla hos dei som bruker nynorsk, er truleg den
allmenne haldninga som språket deira blir møtt
med av storsamfunnet. Ein viktig del av ein heilskapleg språkpolitikk
i åra framover må difor vera å stimulera
heile det bokmålstilhøyrande fleirtalet til å utvikla
større forståing for den språkdelte norske
kulturen.
Det må difor leggjast vekt på å utforma
politikken og tiltaka slik at det kan byggjast opp eit meir positivt
omdømme for nynorsk språk og kultur – som
ein innebygd del av den norske fellesskulturen. Det må leggjast
til grunn at dette er eit nasjonalt fellesprosjekt, og at vi har
eit ansvar for å motverka negative haldningar til nynorsk
og ubevisst neglisjering av nynorskbrukarane sine rettkomne interesser.
Departementet vil på ulike måtar medverka til å fremja
dei positive verdiane ved den språkdelte norske kulturen og
motverka negative haldningar til nynorsk.
I tillegg til dette vil departementet innanfor kulturpolitikken
leggja særleg vekt på nynorsktiltak som spesielt
rettar seg mot barn og unge, og søkja å styrkja
desse i ulike samanhengar.
Departementet vil også leggja stor vekt på å gje eksisterande
tiltak og ordningar ein profil som kan vera med på å styrkja
den språklege identiteten hos barn og unge med nynorskbakgrunn,
og for reint allment å gjera nynorsk språk og
kultur meir synleg for barn og unge frå heile landet.
I denne samanhengen er ikkje minst Den kulturelle skulesekken
eit aktuelt utgangspunkt for sterkare profilering av nynorsk språk
og kultur blant barn og unge, jf. nærare omtale i kap. 3.1.9
og i St.meld. nr. 8 (2007–2008) kap. 4.9.
9.3.2.3 Større språkleg variasjon i kultur- og
medieverda
I delar av den norske populærkulturen er det eit etter
måten sterkt innslag både av dialektar og av nynorsk.
Men innanfor store delar av kulturlivet elles er det ønskjeleg
at den nynorske målforma, og gjerne også dialektar,
blir meir synleg enn det som er tilfellet i dag.
Truleg har det hatt mykje å seia for nynorsken at populærmusikken
og populærkulturen tidleg fekk ei forankring ved Det Norske
Teatret, og at dette teateret vart ein heim for artistar og skodespelarar
som har stått sentralt i det nasjonale kulturbiletet. Det
Norske Teatret har også gripe fatt i dei internasjonale
underhaldningstrendane, ikkje minst ved å syna fram eigne
oppsetningar av mange av dei store amerikanske musikalane i nynorsk
språkdrakt.
Mange skodespelarar ved Det Norske Teatret var også med
i pionertida for norsk film. Dei siste tjue åra er det
dessutan vakse fram fleire filmmiljø i ulike område
av landet, noko som har stimulert bruken av ulike dialektar i norsk
film.
På den andre sida er det i det seinare sett søkjelys
på det problemet at nesten ingen utanlandske filmar for
kino- eller dvd-marknaden blir teksta på nynorsk. All den
tid film er eit svært populært medium blant unge, kan slik
teksting gjera ungdom med nynorskbakgrunn tryggare på sitt
eige språk, og gjera nynorsk meir synleg blant store grupper
av bokmålsbrukande unge. Teksting av film er eit døme
på ei mogleg domeneerobring for nynorsk.
I nær framtid vil kinofilmen bli digitalisert. Dette
vil gjera det enkelt å teksta alle filmar på både
bokmål og nynorsk. Den enkelte kinosjef kan då velja
den målforma som høver best i sin kommune. Det
vil kosta noko ekstra for distributørane å laga
nynorsk tekst. Her er det naturleg at kinoorganisasjonen FILM&KINO
og filmdistributørane samarbeider om tenlege løysingar.
Departementet vil elles gjera ein eigen gjennomgang av heile
kultur- og mediesektoren for å vurdera kva som på ulike
felt kan gjerast for å stimulera til at nynorsk målbruk
skal bli meir synleg i det samla norskspråklege kultur-
og medietilbodet i landet.
Når det spesielt gjeld medietilbodet, vil departementet
ta opp det framlegget som vart lansert av dei noverande regjeringspartia
i Kulturløftet frå 2004 om å etablera
eit fond, kalla Vinjefondet – som kan forvaltast og brukast
uavhengig av dei prioriteringane som blir gjorde i dei årlege
statsbudsjetta. I tråd med føresetnadene skal
eit slikt fond ha som hovudformål i styrkja nynorsk journalistikk
og anna publisistisk verksemd på nynorsk.
Fondet må mellom anna innrettast slik at det kan bidra
til mykje større rekruttering av nynorskbrukande journalistar.
For dette formålet er også Nynorsk mediesenter
i Førde eit særs viktig tiltak.
Departementet vil elles leggja vekt på den funksjonen
som ordninga med statleg pressestøtte har ikkje berre som
eit mediepolitisk, men også som språkpolitisk
verkemiddel. Alle dei små nynorskavisene som
nyt godt av pressestøtte, gjer at dette kanskje er den
viktigaste enkeltståande støtteordninga for nynorsk
skriftkultur i det heile, jamvel om dette i utgangspunktet ikkje
er ein del av grunngjevinga for ordninga. Dette språkpolitiske perspektivet
må i høg grad takast med i vurderinga ved framtidige
vurderingar av pressestøtteordninga.
Innanfor ramma av dei midlane som til kvar tid står
til rådvelde over det statlege kulturbudsjettet, vil departementet
leggja vekt på å gje dei nynorske institusjonane
gode rammevilkår. Departementet vil her visa til at det
på budsjettet for 2008 vart lagt inn ein auke på i
alt 6 mill. kroner til nynorsktiltak. Dei som vart prioriterte i
den omgangen, var Det Norske Teatret, Innkjøpsordninga
for nynorsk litteratur, Nynorsk kultursentrum/Dei nynorske festspela,
Noregs Mållag og prosjektet Norsk Ordbok 2014.
9.3.2.4 Meir nynorsk på Internett
Etter kvart som dataskjermen blir eit stadig viktigare tekstmedium,
blir det også særleg om å gjera at den
nynorske målforma blir godt representert på Internett.
I dag er det om lag 5 prosent av norskspråklege dokument
på Internett som er på nynorsk. Særleg
vil det ha mykje å seia å få meir kvalitetssikra
nynorskspråkleg innhald på nettet.
Det er rekna med at om lag 1,5 mill. nordmenn har særleg
bruk for digitalt stoff på nynorsk, anten i utdanning,
arbeid eller på fritida. Om lag halvparten av desse er
elevar og studentar som anten har nynorsk som hovudmål,
eller som treng stoff på sidemålet sitt. Internett
blir ein jamt viktigare del av skulekvardagen, og bruk av digitale
verktøy er fastsett som ein av fem grunnleggjande dugleikar
i skulen, på linje med lesing og skriving.
Når bokmålsstoffet dominerer så sterkt
som det gjer på nettet, stiller nynorskelevane med eit handikapp også her.
Det er difor særs om å gjera at det blir utvikla
mykje meir allmenn, publikumstilpassa og tilgjengeleg informasjon
på nynorsk på Internett.
På statsbudsjettet for 2006 vart det sett av 1,5 mill.
kroner til det som vart omtalt som eit nynorsk digitalt leksikon.
Midlane vart utbetalte til Det Norske Samlaget og øyremerkte
til produksjon av nye artiklar om nynorsk kulturhistorie på Internett. Denne
løyvinga har seinare vorte vidareført og utgjer
frå og med 2008 eit element i det årvisse tilskotet
til Det Norske Samlaget.
Departementet legg til grunn at Det Norske Samlaget, eventuelt
i samarbeid med andre aktørar, arbeider vidare med å produsera
og leggja ut nynorsk kvalitetsinnhald på Internett. Departementet
vil også vurdera å gje Det Norske Samlaget økonomisk
grunnlag for å utvida denne aktiviteten.
I St.meld. nr. 7 (2005–2006) har departementet gjort
greie for situasjonen og dei føresetnadene som gjeld for
bruk av nynorsk i alt det stoffet som statlege organ legg ut på heimesidene
sine på Internett.
Dette temaet vart teke opp særskilt i eit rundskriv
av 17. mars 2006 der vi bad alle sentrale statsorgan gå gjennom
måljamstillingsarbeidet sitt. Her bad departementet om
at dei i første omgang prioriterte å koma opp
i minst 25 prosent nynorsk i det informasjonstilfanget som blir
lagt ut på Internett. Det er i stortingsmeldinga vist til
at nettstaden eller heimesida på mange måtar er
det andletet som institusjonen viser fram for omverda, og at det difor
er særleg viktig at den nynorske målforma er godt
synleg i dette mediet.
Departementet konstaterer at det framleis manglar mykje på at
nynorsk blir nytta i det omfanget og på den måten
som følgjer av reglane i lova om målbruk i offentleg
teneste. Det er difor nødvendig å intensivera
innsatsen på dette området.