10 Nasjonal samordning av arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet
Figur 10.1 Frå BI-biblioteket i Oslo
Kjelde: Foto: Bjørn Djupvik
10.1 Innleiing
Arkiva, biblioteka og musea er nære slektningar som
i mange tilfelle har likearta og kompletterande oppgåver.
Potensialet for samarbeid og samordning på tvers av feltet
er til dels store, ikkje minst sett i forhold til arbeidet med digitalisering
og digital tilgjengeleggjering.
I St.meld. nr. 22 (1999 –2000)
Kjelder
til kunnskap og oppleving (abm-meldinga) jf. Innst. S. nr.
46 (1999–2000), vart det drøfta kva som skil og
kva som sameinar arkiv, bibliotek og museum. Det vart streka under
at det er ei rekkje fellestrekk mellom institusjonstypane, jf. oversyn
i boks 10.1. Meldinga konstaterer at den viktigaste utviklingsdrivande
faktoren i alle dei tre sektorane, er ein aukande bruk av digital
teknologi. Enno står ein berre ved starten når
det gjeld å utnytte det digitale potensialet, og vegen
er lang før brukarane av tenester i abm-institusjonane
kan dra nytte av at institusjonane samordnar dei digitale tenestene sine.
Boks 10.1 Fellestrekk ved arkiv-,
bibliotek- og museumsfeltet
Alle sektorane forvaltar materiale
som fungerer som informasjons- og kjeldegrunnlag for historisk kunnskap
og for dagsaktuelle tilhøve. Til dels er det òg
overlappande material- og samlingstypar mellom institusjonar på tvers
av sektorane.
Innanfor alle sektorane vert det arbeidd systematisk med
dokumentasjon. Det inneber medvetne haldningar til det å velje
ut det materialet som skal samlast eller takast inn. Sikring av
kjelde- og informasjonsmaterialet står òg sentralt.
Informasjonsbehandling er viktig for alle sektorane. Fleire
problemstillingar som har med informasjons- og kommunikasjonsteknologi å gjere,
er anten felles eller meir eller mindre likearta, jamvel om det
også her vil vere klare skilnader. Datastandard og informasjonsarkitektur
er likevel viktige stikkord for alle sektorane, og det er fellesinteresser
som strekkjer seg frå konvensjonell mikrofilming, via ordinære
databasar og informasjonsnettverk til digitalisering av tekst, foto,
lyd og levande bilete.
Bindingane til utdannings- og forskingssektoren er sterke
for alle tre sektorane. Universitet og høgskular er ei
av dei sentrale brukargruppene av materiale i Arkivverket, nasjonale
bibliotekinstitusjonar og andre fag- og forskingsbibliotek. Formidlingsaktivitet
ved store og små museum over heile landet er retta mot
skuleverket.
Formidlingsarbeidet byggjer i stor grad på ein
tradisjonell folkeopplysningsideologi. Særleg gjeld dette
musea og folkebiblioteka, men òg i aukande grad arkiva.
Sidan alle tre sektorane har kunnskaps- og informasjonsformidling
som arbeidsfelt, har dei òg eit kontinuerleg behov for å evaluere
kva formidlingsformer og –metodar dei er best tente med.
Sett frå eit brukarsynspunkt har det mindre å seie
kva institusjonstype som kan formidle informasjon om eit definert
tema, og i praksis vil ofte tilfang frå både arkiv,
bibliotek og museum vere nødvendig for å kunne
skape ei integrert forståing av eit sakstilhøve.
Kjelde: Kjelde: St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til
kunnskap og oppleving
Eitt av dei viktigaste grepa i abm-meldinga var framlegget om å etablere
eit statleg samordningsorgan for arkiv, bibliotek og museum, med
overordna oppgåve å sjå til at store
og små einingar i abm-feltet spelar saman i eit nasjonalt
nettverk. Under Stortingets behandling av St.meld. nr. 27 (2000–2001)
Gjør din plikt – kjenn din
rett om kvalitetsreforma, jf. Innst. S. nr. 337 (2000–2001),
vart behovet for eit sektor- og departementsovergripande nasjonalt
koordineringsansvar for heile bibliotekområdet, både
folkebiblioteka og fag- og forskingsbiblioteka lagt til. I samsvar
med dette vart ABM-utvikling – Statens senter for arkiv,
bibliotek og museum, oppretta 1. januar 2003 ved ei samanslåing
av Statens bibliotektilsyn, Norsk museumsutvikling og Riksbibliotektenesta.
I 2006 fekk ABM-utvikling Statskonsult til å gjennomføre
ei evaluering som primært var retta mot organiseringa av
institusjonen. Som ei følgje av evalueringa er institusjonen
omorganisert. Våren 2008 engasjerte Kultur- og kyrkjedepartementet
DIFI (tidlegare Statskonsult) til å gjennomføre
ei meir omfattande evaluering av institusjonen.
Dette kapitlet omhandlar den nasjonale samordninga av arkiv-,
bibliotek-, og museumsfeltet. Rollene og oppgåvene for
ABM-utvikling vert presenterte og drøfta i lys av den nye
evalueringa av institusjonen og høyringa av denne. Sidan
evalueringa vurderer heile oppgåveporteføljen
til ABM-utvikling, vil dette kapitlet i første rekkje ha
eit abm-perspektiv.
I ei bibliotekmelding vil det likevel vere naturleg med eit særleg
blikk på den nasjonale samordninga av og samarbeidet på bibliotekfeltet.
Samarbeidet og arbeidsdelinga mellom ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket
vert difor også drøfta.
10.2 ABM-utviklings roller og oppgåver
Vedtektene for ABM-utvikling seier at hovudoppgåva er å drive
aktivt, strategisk utviklingsarbeid for å samordne, effektivisere
og styrkje arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet. ABM-utvikling skal setje
institusjonane og sektorane betre i stand til å løyse
faglege oppgåver og til å møte nye utfordringar
i samfunnet. ABM-utvikling skal arbeide med heile spekteret av funksjonar
innanfor arkiv-, bibliotek- og museum.
ABM-utvikling skal også fremje samarbeid mellom dei
tre sektorane der dette er tenleg, men skal leggje vekt på den
faglege eigenarten og dei funksjonane som kvar av sektorane og dei
spesifikke samlingane deira representerer. ABM-utvikling skal samarbeide
fagleg med Arkivverket og Nasjonalbiblioteket og tilpasse eiga verksemd
i høve til dei funksjonane som desse etatane er tillagde.
Institusjonen har eit styre med åtte representantar
oppnemnde av Kultur- og kyrkjedepartementet. To av medlemene er
oppnemnde etter framlegg frå Kunnskapsdepartementet og éin
etter framlegg frå Miljøverndepartementet.
ABM-utvikling vart i utgangspunktet organisert i ei utviklingsavdeling
med tre faggrupper, fordelt på ei faggruppe for arkiv,
ei faggruppe for bibliotek og ei faggruppe for museum. I tillegg
hadde institusjonen ei informasjonsavdeling og ei administrasjonsavdeling.
Etter evalueringa i 2006 vart institusjonen omorganisert. I dag
er ABM-utvikling samansett av ei administrasjonsavdeling med 10
tilsette, ei informasjonsavdeling med 5 tilsette, ei avdeling for arkivutvikling
med 7 tilsette, ei avdeling for bibliotekutvikling med 17 tilsette,
ei avdeling for museumsutvikling med 11 tilsette og ei avdeling
for digitalt ABM med 12 tilsette. Dei tilsette i dei ulike avdelingane
arbeider også med tverrsektorielle problemstillingar i
arbeidsgrupper og i tidsavgrensa prosjekt.
ABM-utvikling publiserer ein del informasjon om dei tre sektorane
mellom anna gjennom serien ABM-skrift, ulike rapportar og brosjyrar.
Institusjonen medverkar ofte med faglege råd og utgreiingar til
Kultur- og kyrkjedepartementets saksbehandling på abm-feltet.
Ei viktig oppgåve er også å samle inn,
omarbeide og publisere statistikk frå folke- og skulebibliotek,
fag- og forskingsbibliotek og museum. Dette skjer delvis i samarbeid
med SSB og KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering).
I den strategiske planen for 2007–2010 er dei prioriterte
arbeidsområda samla under følgjande overskrifter:
læring, kunnskaps- og kulturformidling
utvikling av digitalt innhald og digitale tenester
utvikling og sikring av samlingar
nytenking og samhandling innanfor organisasjons- og nettverksbygging
I samband med at ABM-utvikling, Nasjonalbiblioteket og Arkivverket
frå og med budsjettåret 2007 vart tilført
midlar til digitalisering, presiserte departementet at ABM-utviklings
innsats på dette området først og fremst
skulle rette seg mot museumsområdet.
10.2.1 Oppgåver på museumsfeltet
På
museumsfeltet har ABM-utvikling
dei siste åra arbeidd med museumsreforma som er ei strukturreform
for musea i Noreg, med unnatak av universitetsmusea. Som operativ
aktør i dette reformarbeidet har ABM-utvikling etablert
kontakt med forvaltningsnivåa og museumsmiljøa.
Utviklinga av eit nasjonalt museumsnettverk er eit kjernepunkt i museumsreforma.
Dette har erstatta det tidlegare tilskotssystemet der musea vart
inndelte i ulike divisjonar og der berre nokre få hadde
status som nasjonale museum.
Dei aktuelle musea har no nasjonale funksjonar i det nasjonale
museumsnettverket. Denne tenkinga har samanheng med ei erkjenning
av at det nasjonale ansvaret på museumsområdet
består av å leggje til rette for nasjonal arbeidsdeling
og samordning, slik at ein er sikra mest mogeleg komplett dokumentasjon
av kulturarven, samstundes som ein unngår urasjonell overlapping.
Etter kvart som det nasjonale nettverket finn si form, vil eit
sentralt organ kunne initiere prosessar og koordinere ressursar
som medverkar til kvalitetsutvikling i dei enkelte musea og den
samla forvaltninga av kulturarven som musea forvaltar.
Etableringa av tematiske museumsnettverk er ein viktig del av
museumsreforma og skal sikre betre fagleg samordning og samarbeid.
Nettverka tek utgangspunkt i tema, funksjonar og/eller
metodar. ABM-utvikling koordinerer nettverka og peikar ut ansvarleg
museum. Per 2009 er det etablert 22 tematiske museumsnettverk.
1
ABM-utvikling har i perioden 2007–2010 to hovudføremål
med museumsarbeidet:
Verkemiddel i arbeidet er prosjektmidlar, tilrådingar,
rettleiingar, standardar, rapportering og statistikk.
10.2.2 Oppgåver på bibliotekfeltet
På bibliotekfeltet har ABM-utvikling oppgåver
som utviklingsorgan, og skal medverke til å utforme og utføre
ein nasjonal bibliotekpolitikk både for folke- og fagbibliotek.
Institusjonen hadde ansvaret for bibliotekutgreiinga
Bibliotekreform 2014.
ABM-utvikling skal utarbeide retningsliner for folke- og fylkesbibliotek
og har elles rettleiingsoppgåver om lov av 20. desember
1985 nr. 108 om folkebibliotek. Etter folkebiblioteklova § 13
skal ABM-utvikling vareta statens oppgåver på folkebibliotekområdet
som bibliotek i helseinstitusjonar, fengselsbibliotek, lånesamarbeid
og å følgje opp biblioteklova.
Vidare har ABM-utvikling ansvar for å forvalte driftstilskot
til nokre tiltak på Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett,
som Det flerspråklige bibliotek, fengselsbibliotek, bibliotek
i statlege helseinstitusjonar, Finsk bibliotekteneste og bibliotekteneste
på Svalbard og Nord-sør-biblioteket. Ei omfattande
oppgåve er å forhandle og inngå konsortieavtaler
om elektronisk litteratur til bruk i bibliotek, arkiv og museum.
ABM-utviklings viktigaste verkemiddel for å stimulere
til utvikling i det enkelte biblioteket og til samarbeid på tvers
av folke- og fagbibliotek er først og fremst utviklings-
og prosjektmidlane. Desse midlane skal gå til samordnings-
og utviklingsprosjekt som er nyskapande og har overføringsverdi til
større grupper av institusjonar.
ABM-utvikling har overteke dei oppgåvene Riksbibliotektenesta
tidlegare hadde som fagleg og koordinerande organ for universitets-
og høgskulebiblioteka og spesialbiblioteka. ABM-utvikling samarbeider
med Universitets- og høgskolerådets bibliotekutval,
som er eit rådgjevande og koordinerande utval i saker som
gjeld bibliotek- og informasjonstenester. Institusjonen samarbeider
også med Utdanningsdirektoratet i ulike program og prosjekt
der både folke- og skulebibliotek inngår.
Som nemnt er det nedfelt i vedtektene at ABM-utvikling skal samarbeide
fagleg med Nasjonalbiblioteket, og tilpasse eiga verksemd til den
kompetansen og dei funksjonane som Nasjonalbiblioteket har. ABM-utvikling
og Nasjonalbiblioteket samarbeider om fleire satsingar. Eitt døme
er Biblioteksøk, jf. omtale i kap. 7.
10.2.3 Oppgåver på arkivfeltet
Ingen eksisterande arkivorgan vart inkorporerte ved opprettinga
av ABM-utvikling. Det var likevel ein føresetnad at det
nye utviklingsorganet også fekk eit visst arkivfagleg ansvar,
ikkje minst fordi arkiv inngår som del av verksemda ved
mange museum og bibliotek. På arkivfeltet forvaltar ABM-utvikling
berre tilskotet til Landsforeininga for lokal- og privatarkiv, som
er ein av fire institusjonar med tilskot over kap. 329 Arkivformål
post 78 Ymse faste tiltak.
I perioden 2004 til 2007 har ABM-utvikling gjennomført
ei arkivkartlegging forankra i eit mandat frå Kultur- og
kyrkjedepartementet. Vidare har ABM-utvikling kartlagt rutinar,
ressursbruk, status for arbeid med arkiv/samlingar, formidling
og bevaringstilhøve i institusjonane. Kartlegginga skal
danne grunnlaget for ein strategi for utvikling av privat- og lokalarkivsektoren.
I perioden 2007–2010 skal ABM-utvikling rette merksemda
mot samfunnsroller og utfordringar for arkiva, og gjennom dette
leggje grunnlaget for ein nasjonal arkivpolitikk som også omfattar
privatarkiv.
10.3 Økonomiske ressursar
ABM-utvikling forvaltar i 2009 ei samla budsjettramme på 204,8
mill. kroner. Til drift, prosjekt og utviklingstiltak er det ei
budsjettramme på 92,2 mill. kroner. I tillegg forvaltar
ABM-utvikling faste tilskotsordningar på til saman 77,6
mill. kroner, spelemidlar til seglskuter for 1,26 mill. kroner og 35
mill. kroner til oppdragsverksemd. Oppdragsverksemda gjeld framfor
alt arbeidet med konsortieavtaler. Ved etableringa var det signal
om at forvaltningsdelen skulle tonast ned. Institusjonen har likevel
fått fleire forvaltningsoppgåver dei siste åra.
I 2008 fordelte ABM-utvikling til saman 38,3 mill. kroner i prosjektmidlar.
Prosjektmidlane vert nytta både til delfinansiering av
arkiv-, bibliotek- og museumsprosjekt, og til å initiere
prosjekt på område der ABM-utvikling ønskjer å få prøvd
ut ulike tiltak. Ein føresetnad for støtte er
at prosjekta er nyskapande og har overføringsverdi til
større grupper av institusjonar.
Område som særleg vart prioritert i 2008 var:
tiltak som kan fremje læring,
kunnskaps- og kulturformidling
tiltak som kan fremje utvikling av digitalt innhald og tenester
tiltak som kan fremje utvikling og sikring av samlingar
tiltak som kan fremje samhandling og nytenking innanfor
organisasjons- og nettverksbygging
Tabell 10.1 viser fordelinga av midlar til eksterne prosjekt
over post 73 fordelt på dei ulike områda i perioden
2005–2008. Tabell 10.2 viser kostnader til ulike interne
prosjekt- og utviklingstiltak kostnadsført over driftsmidlane
( post 01).
Tabell 10.1 Fordeling av prosjektmidlar over kap. 0325, post 73, 2005–2008
(mill. kroner)
| | ABM | A+M | A+B | Arkiv | Bibliotek | Museum | Kulturnett.no | Totalt |
|---|
| 2005 | 7,8 | – | – | 2,0 | 2,1 | 1,6 | 3,1 | 16,6 |
| 2006 | 2,7 | – | – | 3,9 | 7,0 | 4,3 | 4,1 | 22,0 |
| 2007 | 5,5 | 0,5 | – | 2,6 | 4,6 | 9,7 | 2,9 | 25,8 |
| 2008 | 4,2 | 1,7 | 0,1 | 2,3 | 8,8 | 9,8 | – | 26,9 |
Kjelde: Kjelde: ABM-utvikling
Tabell 10.2 Prosjektmidlar over kap. 0325, post 01 (mill. kroner)
| 2005 | 12,9 |
| 2006 | 9,8 |
| 2007 | 13,7 |
| 2008 | 11,4 |
Kjelde: Kjelde: ABM-utvikling
10.4 Evaluering av ABM-utvikling
Føremålet med evalueringa i 2008 var å kartleggje institusjonens
arbeid, og med grunnlag i denne kartlegginga analysere korleis ABM-utvikling
har implementert og gjennomført dei kulturpolitiske og
sektorfaglege intensjonane som vart lagde til grunn for etableringa.
Evalueringa skulle mellom anna vurdere grenseflatene mot andre relevante institusjonar,
særleg med omsyn til adekvat oppgåvefordeling
og eventuell oppgåveoverføring. Evalueringa vart
overlevert Kultur- og kyrkjedepartementet i juni 2008.
Boks 10.2 Midlar til regionalt
IKT-samarbeid og infrastruktur
Tre prosjekt frå Vestfold, Møre og Romsdal
og Nordland fekk midlar frå ABM-utvikling i 2008 for å utvikle
regionalt IKT-samarbeid og infrastruktur. I utlandet finst det døme
på konkrete prosjekt, og det viser at det både
er mogeleg og fornuftig å tenkje samarbeid og samordning
når det gjeld å utvikle digitale tenester i abm-institusjonar.
DIFIs hovudkonklusjonar i evalueringa er at brukarane og samarbeidspartane
meiner at det er føremålstenleg med eit felles
utviklingsorgan for abm-sektoren. Det vert lagt vekt på at
informantane samarbeider godt med ABM-utvikling og at oppgåvefordelinga
er grei, men det varierer kor nøgde dei er med tenestene.
Det kan sjå ut som om ABM-utvikling vert målt
vel så mykje på kor mykje prosjektmidlar dei har
til rådvelde, som på eigen innsats. Det innsatsområdet
som informantane gjev best tilbakemelding på, er arbeidet
med formidling, og det er meir kritikk av korleis verksemda tek
hand om rolla som utviklingsaktør enn av korleis forvaltningsoppgåvene
vert utførte.
DIFI, på si side, meiner at ABM-utvikling balanserer
godt mellom forvaltningsoppgåver og utviklingsarbeid, men
peikar på at forvaltningsarbeidet bør synleggjerast
betre. For å kome vidare med digitaliseringsarbeidet er
det vitalt å få aktørane til å samhandle.
DIFI meiner også at kartlegginga syner at verksemda har
gjort eit godt arbeid med å gjennomføre dei kulturpolitiske
og sektorfaglege intensjonane, som vart lagde til grunn for etableringa.
Etter DIFIs meining er kanskje den viktigaste funksjonen for
ABM-utvikling å vere ein nasjonal og nøytral aktør
som, i kraft av dette, kan medverke til å samle aktørane
innanfor kvar enkelt sektor. Dette vert ein føresetnad
for å lukkast med ei samordning på tvers. Utfordringa
her er størst for aktørane på bibliotekfeltet.
DIFI rår til at ABM-utvikling som ein nasjonal og nøytral
aktør bør halde fram med å sameine aktørane
innanfor kvar sektor, og sikre ein føremålstenleg
balanse mellom forvaltningsoppgåver og utviklingsarbeid.
Det vil vidare vere viktig å setje inn dei nødvendige
ressursane for å sameine ulike haldningar til kva eit digitalt
abm og abm-søk bør vere. Det vil vere viktig å arbeide
for å betre relasjonen til Nasjonalbiblioteket. DIFI legg
dessutan til grunn at ABM-utvikling bør styrkjast på arkivfeltet.
Vidare bør ABM-utvikling synleggjere arbeidet med forvaltningsoppgåver
betre, mellom anna for å sikre nok ressursar til dette
arbeidet gjennom innspel til departementet i samband med budsjettarbeidet – og
utan å måtte ta desse frå utviklingsarbeidet.
Det vert også rådd til at institusjonen tek
i bruk tenlege rapporteringsverktøy, som til dømes
eit tidsregistreringsverktøy, og at det vert utarbeidd strategiske
kompetanseutviklingsplanar for å sikre verksemda riktig
og nødvendig kompetanse.
DIFI meiner at det vidare vil vere nødvendig å utvikle
eit nærare samarbeid med universitets- og høgskulesektoren
og deira bibliotek og museum, og å utvikle arbeidsprosessar
som betre involverer Kunnskapsdepartementet og Miljøverndepartementet
i arbeidet med å gje innspel til budsjettproposisjon og
tildelingsbrev. ABM-utvikling bør også styrkje
rolla si som rådgjevar overfor departementet.
Styret i ABM-utvikling bør halde fram med å konsentrere
arbeidet sitt om dei overordna problemstillingane, men også nytte
posisjonen sin til å marknadsføre ABM-utvikling
så langt det er mogeleg. Miljøverndepartementet
og særleg Kunnskapsdepartementet bør engasjere
seg meir i etatsstyringa av ABM-utvikling.
Kultur- og kyrkjedepartementet bør søkje ein betre
balanse mellom oppgåver og løyvingar og gjennomgå vedtektene
for eventuelle vedtektsendringar. Det vil vere nødvendig å koordinere
etatsstyringa med Kunnskapsdepartementet og Miljøverndepartementet.
Etatsstyringsdialogen bør styrkjast, og ein bør
arbeide for å identifisere meir spesifikke målkrav
i tildelingsbrevet.
10.5 Høyringsfråsegner
Eit fleirtal av høyringsfråsegene sluttar seg
til dei tilrådingane som DIFI kjem med i rapporten sin. Mange
poengterer at dei har eit godt samarbeid med ABM-utvikling, og fleire
nemner døme på det dei meiner er gode samarbeidsprosjekt
og -område. Svært mange etterlyser likevel vidare økonomiske
rammer for utviklingsoppgåver, og dei meiner utviklingsprofilen
i ABM-utvikling er for svak. Både i DIFI-rapporten og i
høyringsfråsegnene kjem det til uttrykk synspunkt
som karakteriserer profilen i ABM-utvikling med ein liten a, utydeleg
b og stor M.
I høyringa går følgjande moment att:
ønskje om å auke
prosjektmidlane
meir innsats på digitalisering
meir samarbeid med Kunnskapsdepartementet og UH-sektoren
desentralisering; meir og betre samarbeid med lokalt/regionalt
nivå
betre samarbeid innanfor og på tvers av sektorane
uklar rollefordeling, m.a. uklar ansvars- og oppgåvefordeling
mellom departementa og mellom ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket
styrking av rådgjevarrolla
styrking av arkivsektoren
ønskje om meir støtte til organisasjonsutvikling
og leiing i musea i samband med konsolideringsprosessen
betre oppfølging av museumsnettverka
Høyringsfråsegnene frå universitets-
og høgskulesektoren er gjennomgåande kritiske
i den forstand at dei etterlyser betre og meir målretta
innsats av ABM-utvikling overfor fag- og forskingsbibliotek og universitetsmusea.
Det vert vidare etterlyst betre samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet
og Kultur- og kyrkjedepartementet i etatsstyringa av ABM-utvikling.
Mange høyringsinstansar er også opptekne av balansen
mellom forvaltningsoppgåver og utviklingsoppgåver
i ABM-utvikling. Hovudinntrykket er at brukarane gjerne ser at det
vert lagt større vekt på utviklingsoppgåver.
Enkelte høyringssvar står fram som spesielt negative.
Det gjeld særleg Nasjonalbiblioteket som saman med Bibliotekarforbundet
meiner at etableringa av ABM-utvikling er uheldig for bibliotekområdet.
Nasjonalbiblioteket reiser spørsmål om oppgåvene
til ABM-utvikling heller burde fordelast mellom Norsk kulturråd,
fylkesmannsembeta og Noregs forskingsråd. Troms fylkeskommune
foreslår at anten bør ABM-utvikling avviklast
og oppgåvene overførast til fylkeskommunane, eller
institusjonen får status som eit direktorat.
10.6 Departementets vurdering
Departementet merkjer seg at både DIFI og eit stort
fleirtal av høyringsinstansane er positive til å ha
eit fellesorgan som tilretteleggjar for og initiativtakar til fagleg
og organisatorisk utvikling innanfor abm-feltet. Eit sentralt punkt
i grunnlaget for å etablere ABM-utvikling var at institusjonen
skulle stimulere til samarbeid og samordning både innanfor dei
enkelte delsektorane og mellom dei tre felta. Dette er – og
har vore – ei ambisiøs oppgåve. Det er
ei oppgåve som inneber å rokke ved faste strukturar
og haldningar, og det finst ikkje kortsiktige svar og lettvinte
løysingar.
Departementet meiner at det også i framtida vil vere
nødvendig å tenkje fellesløysingar og
samarbeid på tvers av sektorane og på tvers av
ansvarsområda til Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Potensialet for samarbeid og samordning på tvers av arkiv-,
bibliotek og museumssektorane er stort, og den digitale utviklinga
er ei kraft som meir enn noko anna dreg sektorane saman, og som
gjer det nødvendig og naturleg med eit nærare
samarbeid.
Departementet ser likevel at føringane for verksemda
i ABM-utvikling har vore for uklare og runde i den forstand at spennet
i aktivitetar har vorte for stort, og at meirverdien for abm-feltet
er for utydeleg.
Hovudutfordringa framover er å utstyre seg med dei tiltakstypane
som i størst monn gjev ei utvikling som både er
sektorspesifikt fagleg utviklande, og som fremjar samhandling og
samordning der dette er ønskjeleg. Det er klare indikasjonar
på at ABM-utvikling ikkje har lukkast heilt på dette
feltet. DIFIs evalueringsrapport peikar mellom anna på at
det bør rettast større merksemd mot å samordne
innanfor delfelta, likevel utan å misse av synet behovet
for at abm-feltet dreg lasset saman, ikkje minst når det
digitale potensialet skal kvitterast ut.
Departementet merkjer seg at prosjektmidlar frå ABM-utvikling
til institusjonar i universitets- og høgskulesektoren på langt
nær er nok for å etablere tilstrekkeleg kontakt
og samhandling.
Nokre høyringsinstansar, m.a. fylkeskommunar, reiser
spørsmålet om å overføre ansvar
og oppgåver frå ABM-utvikling til fylkeskommunane.
Det vert hevda at ABM-utvikling har teke for lite omsyn til regionale
og lokale behov. Dei vil difor heller at midlane blir overførde
til fylkeskommunane som kan stå for lokale og regionale
utviklingsprosjekt innanfor abm-feltet.
Departementet har sans for at det vert utvikla lokale og regionale
prosjekt i abm-feltet, og fylkeskommunar og kommunar står
fritt til å styrkje denne aktiviteten. Derimot ser ikkje
departementet at å avvikle tiltak med nasjonale perspektiv,
er ein føresetnad for å få til regionale
og lokale prosjekt. Det bør heller vere slik at aktørane
i abm-feltet i endå større monn enn i dag, kan
spele saman både i regionale og nasjonale nettverk, ikkje
minst på digitaliseringsfeltet. Skal dette lukkast, må det etablerast
tydelege og robuste nasjonale rammeverk. Med slike på plass
vert det lettare og meir meiningsfullt å utvikle lokalt
og regionalt tilpassa tenesteløysingar, som samstundes
er ein del av den nasjonale fellesskapen.
Som nærare omtala i kap. 8 er det, særleg på bibliotekfeltet,
behov for å styrkje dialogen og samarbeidet mellom forvaltningsnivåa
når det gjeld bibliotekutvikling. Departementet gjer difor
framlegg om at denne dialogen vert styrkt gjennom å opprette
ei ordning med samarbeidsavtaler mellom stat og fylkeskommune. Dette
vil vere eit verktøy for å kanalisere statlege
satsingsmidlar på bibliotekfeltet meir effektivt og målretta,
og skape betre samhandling mellom forvaltningsnivåa.
Spørsmålet om tilsyns- og forvaltningsoppgåver
overfor kommunar og fylkeskommunar vert nærare vurdert
i samband med den komande revisjonen av biblioteklova. Departementet
meiner likevel at så lenge den bibliotekfaglege og kulturpolitiske
dimensjonen i tilsynsoppgåvene er så sterk som
i dag, vil det vere ein føremon å ha slike oppgåver
på nasjonalt plan.
I si høyringsfråsegn reiser Nasjonalbiblioteket spørsmålet
om det er nødvendig med eit eige organ som ABM-utvikling.
Nasjonalbiblioteket spør om ikkje tilsyns- og forvaltningsoppgåvene overfor
folkebiblioteka kan utførast av fylkesmannsembetet, og
om ikkje utviklingsoppgåver kan leggjast til Norsk kulturråd.
Vidare spør Nasjonalbiblioteket om ikkje eit FoU-program
om abm-feltet, lagt til Noregs forskingsråd, vil vere viktigare
enn utviklingsmidlar kanaliserte til institusjonane.
ABM-utvikling er ein statsinstitusjon, delvis med forvaltningsansvar
delegert frå departementet, og delvis med ansvar for å medverke
til å utvikle ein nasjonal politikk på arkiv,
bibliotek og museumsfeltet. ABM-utvikling har i sitt mandat fått i
oppdrag å tenkje heilskapleg om arkiv, bibliotek og museum.
Departementet vil i samråd med relevante departement og
styret for institusjonen vurdere om det kan vere tenleg med ei nærare
samordning eller samanslåing av bibliotekoppgåver
i Nasjonalbibilioteket og ABM-utvikling – eventuelt om
det kan vere ei løysing å overføre bibliotekoppgåver
frå ABM-utvikling til Nasjonslbiblioteket. Eit viktig siktemål
vil vere å klargjere grensedraginga mellom ABM-utvikling
og dei samlingsforvaltande institusjonane på abm-feltet.
Meirverdi for abm-feltet
Eit viktig aspekt ved ABM-utvikling er at institusjonen skal
utføre oppgåver og stimulere til handlingar og
prosjekt, som det ikkje er naturleg for enkeltinstitusjonar i feltet å ta
ansvaret for. Dette meirverdi-perspektivet må liggje til
grunn for den framtidige organiseringa. Konkret inneber dette at ein
i endå større monn skal prioritere tiltak og aktivitetar
som får dei operative institusjonane til å utvikle
betre tenester for brukarane.
Statistikk og analyse
Institusjonen innhentar i dag store mengder statistiske data
frå abm-institusjonar, delvis i samarbeid med Statistisk
sentralbyrå. Med unnatak av ein samlepublikasjon kvart år
vert dette omfattande materialet for lite analysert med tanke på å kartleggje
kva som skjer på ulike område. Departementet vil
sjå til at ein utviklar eit samla grep når det
gjeld kartleggingar og analysar av abm-feltet. Dette inkluderer
også i større monn å følgje
med på og formidle kva som skjer internasjonalt når
det gjeld kunnskapsutvikling innanfor abm-feltet.
I tillegg til slike tiltak må ein utvikle ulike former
for indikatorar for kva som konstituerer god tenesteutøving
både i arkiv, bibliotek og museum. Dette kan nyttast både
i statistikksamanheng og når det gjeld andre former for
analysar. I dag er det lite og ingenting på dette feltet.
Det er ei utfordrande oppgåve, ikkje minst fordi abm-sektoren som
eit kunnskapsorientert område ikkje berre let seg fange
med kvantitative indikatorar. Dei kvalitative aspekta må òg
integrerast for å kunne seie noko om heilskapen. Med utgangspunkt
mellom anna i ulike former for indikatorsett og spesielle kartleggingsprosjekt
skal det lagast samla tilstandsrapportar om det som rører
seg i feltet. Det kan i sin tur tene som grunnlag for å vurdere
korleis den konkrete politikken på feltet bør
utformast. På bibliotekfeltet vil indikatorarbeidet først og
fremst vere retta mot folkebibliotekfeltet.
Digitalisering
Alt i abm-meldinga vart digitalisering identifisert som ein endringsdrivande
faktor i abm-feltet. Ei viktig erkjenning er at ingen av dei operative
sektoraktørane har oppgåveansvar eller kunnskapsgrunnlag
til å kunne opptre på vegner av eit samla abm-felt,
når det gjeld å kvittere ut det store tenestepotensialet
som ligg i kjølvatnet av digitaliseringa.
Når dette er sagt, må det straks leggjast til
at sentrale samlingsforvaltande institusjonar, særleg Arkivverket
og Nasjonalbiblioteket, i lang tid har digitalisert analoge informasjonsberarar,
teke vare på digitalt skapt informasjon og formidla digitale tenester.
Dette har gjeve desse etatane røynsler og kompetanse innanfor
sine respektive ansvarsområde som vil tene som ressursgrunnlag
for heile abm-feltet.
Samordning og samarbeid mellom hovudaktørane vil vere
den beste vegen fram til mest mogeleg samfunnsgagnleg bruk av digital
teknologi innanfor abm-feltet. Dette gjeld både innanfor
delfelta og ikkje minst i samhandlinga mellom arkiv, bibliotek og
museum. Dette er viktige spørsmål i digitaliseringsmeldinga.
For å etablere eit godt grunnlag for nødvendig samordning
av digitaliseringsarbeidet, vil departementet etablere eit råd
samansett av sentrale aktørar på abm-feltet. Rådet
skal løpande vurdere dei overordna strategiane for digitalisering
med sikte på å kome med framlegg som medverkar
til ei heilskapleg digital samlingsforvaltning. Rådet skal gje
innspela sine til Kultur- og kyrkjedepartementet, og må samordne
arbeidet med Standardiseringsrådet oppnemnt av Fornyings-
og administrasjonsdepartementet. Kultur- og kyrkjedepartementet
vil utarbeide mandat for rådet.
Internasjonalt arbeid
Internasjonalt samkvem på abm-feltet femner om mange
aktørar, og slik skal og bør det vere. Nasjonalbiblioteket
deltek i ei rad nettverk med andre nasjonalbibliotek og internasjonale
organisasjonar. Det same gjer Arkivverket innanfor sitt fagfelt. Fagpersonar
frå mange museum er til dømes med i internasjonale
museumskomitear. ABM-utvikling har ei rolle som brubyggjar og kontaktskapar
i situasjonar der dei meir sektorspesifikke internasjonale nettverka
ikkje utan vidare fangar opp nye, tverrgåande samhandlingsrom
og utviklingstendensar. Ei eventuell omorganisering må ta
vare på alle dei viktige internasjonale oppgåvene.
Midlar til utviklingsprosjekt
Både i evalueringsrapporten og i høyringsfråsegnene
kjem det fram at mange institusjonar og miljø vurderer
ABM-utvikling etter storleiken på dei utviklingsmidlane
som vert lyste ut, og som institusjonane kan søkje på.
Det vert tydeleg oppfatta som positivt at miljøa har ABM-utvikling å spele saman
med når dei vil prøve noko som vert oppfatta som
nytt og ukjent, eller som involverer fleire enn ein institusjon,
for at eit prosjekt skal kunne la seg realisere. Det er difor eit
nesten unisont ønskje om at tilskotsmidlane skal aukast
i tida som kjem.
Departementet forstår at det trengst prosjektmidlar
når det skal utviklast eller prøvast ut fellesløysingar
og nye samarbeidstiltak, der prosjekta i stort monn vert utførte
på vegner av eit større fellesskap. Derimot stiller
departementet seg spørjande til at ABM-utvikling i så stor
utstrekning har gjeve utviklingsmidlar til enkeltinstitusjonar,
der resultatet berre kan seiast å ha verdi for denne eine institusjonen.
Dette gjeld spesielt museumsprosjekta. Rett nok seier ABM-utvikling
i utlysinga av midlane at fellesprosjekt skal prioriterast, men
i praksis har ein monaleg del av prosjektmidlane gått til
enkeltinstitusjonar.
Sjølv om institusjonar og andre interessentar gjerne
vil utvide prosjektmidlane, har ei slik ordning ein paradoksal effekt
som departementet meiner er uønskt i eit utviklingsperspektiv.
Når enkeltinstitusjonar legg seg til ei førestelling
om at fornying og vidareutvikling av t.d. utstillingstema berre kan
gjerast dersom ein kan få nye, friske midlar, rettferdiggjer
systemet eit tankemønster der utvikling og nytenking er
noko ein gjer i tillegg til og ikkje i staden for det ein alltid
har gjort. Dermed får utvikling og nytenking preg av å vere
ein tilleggsaktivitet, ikkje ein integrert del av normal planlegging
og programarbeid.
Departementet vil sjå til at midlane vert nytta i prosjekt
som har verdi for fellesskapen.
Forvaltningsoppgåver
ABM-utvikling har i aukande monn fått tildelt ulike former
for forvaltningsoppgåver. På bibliotekfeltet gjeld
det m.a. forvaltning av spørsmål i tilknyting
til biblioteklova. Institusjonen har dei seinaste åra også utvikla
ein elektronisk budsjettsøknadsportal for alle musea og
for andre sentrale kulturinstitusjonar på departementets
budsjett. ABM-utvikling produserer også rapportar for departementet
på grunnlag av det innkomne materialet. Den konkrete løysinga
er tufta på opne standardar og kjeldekodar i samsvar med
den statlege politikken for IKT-løysingar, jf. St.meld.
nr. 17 (2006–2007).
Vidare har ABM-utvikling det operative ansvaret for informasjonsportalen
Kulturnett Noreg, som inneheld opplysningar om institusjonar, kulturarrangement,
kunstnarar m.m. Departementet vil vurdere korleis ei slik oppgåve
skal løysast ved ei eventuell omorganisering.
Ei viktig og omfattande oppgåve i dei fem åra ABM-utvikling
har eksistert, har vore arbeidet med Museumsreforma, der ei mengd
museum har slått seg saman til større institusjonar.
ABM-utvikling har delvis initiert og medverka i gjennomføringsprosessane
i ulike delar av landet og har på den måten opparbeidd
eit omfattande kunnskapsgrunnlag for korleis slike prosessar kan
og bør utviklast. I kap. 9 presenterer departementet eit opplegg
for å stimulere folkebiblioteka til å utvikle bibliotektenestene,
m.a. ved å etablere ulike former for samordning og samarbeid.
Nasjonalt kompetansemiljø for opphavsrett og personvern
Behovet for kompetanse på opphavsrett og personvern
på abm-feltet er i dag stort og vil truleg verte større
i åra som kjem. I utgangspunktet vil det kunne vere kostnadskrevjande
dersom kvar enkelt institusjon skal innhente eller byggje opp slik
kompetanse sjølv. Ein logisk tanke er såleis at
det bør organiserast eit velfungerande kompetansemiljø som
kan sikre heile abm-feltet slike tenester.
I bibliotekutgreiinga vart det gjort framlegg om at kompetansemiljø for
opphavsrett og personvern ved Nasjonalbiblioteket bør styrkjast,
slik at det kan gje råd til eit utvida abm-felt. I høyringsfråsegnene
vert dette framlegget lite kommentert, men enkelte er opptekne av
at behova til universitets- og høgskulesektoren må takast
godt hand om. Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek ser at eit styrkt
kompetansemiljø kan medverke til å auke tilbodet
av tilrettelagt materiale til sine lånarar. Nasjonalbiblioteket
sjølv støttar framlegget, og meiner at det vil krevje
ei ekstra stilling i tillegg til dei to eksisterande for å ta
hand om heile feltet. Riksarkivaren ser det derimot som lite naturleg
at eit kompetansemiljø ved Nasjonalbiblioteket kan ha ein
funksjon overfor arkivinstitusjonane når det gjeld personvern.
Departementet meiner at det vil vere nødvendig og naturleg
at Nasjonalbiblioteket og Arkivverket har tilstrekkeleg kompetanse
på opphavsrett og personvern som dekkjer dei behova dei
kvar for seg har for å kunne gjennomføre oppgåvene
sine. Med tanke på den komande satsinga på digitalisering
av kulturarvmateriale vil desse institusjonane ha omfattande oppgåver
knytte til eiga verksemd.
Mange aktørar i abm-feltet har behov for informasjon
og rettleiing i opphavsrett, personvern og ei rad andre tilgrensande
juridiske spørsmål. Likevel vil det neppe vere
tenleg å skipe mange kompetanseeiningar for slike juridiske
saker. For å sikre fagleg kontinuitet og innsikt bør
kompetansen på dette feltet samlast i Nasjonalbiblioteket
og Arkivverket. Desse kompetanseeiningane skal yte tenester til
andre abm-institusjonar ved behov.
FoU på abm-feltet
I bibliotekutgreiinga er det gjort framlegg om å etablere
eit eige bibliotekforskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd.
I utgreiinga vert det vist til at dei fleste problemstillingane
knytte til biblioteket som samfunnsinstitusjon, kan gå inn
i eit abm-perspektiv, der ein ser på korleis arkiv, bibliotek
og museum fungerer i samfunnet. Dette gjeld t.d. abm-institusjonane
som læringsarenaer og som formidlarar av kulturkunnskap.
Vidare gjeld dette også utfordringar knytte til utvikling
av digitale tenester, formidlingsformer og -metodar. Departementet
viser også til at Kunnskapsdepartementet, som ei oppfølging
av St.meld. nr. 15 (2007–2008)
Tingenes
tale, i 2009 har løyvd 5 mill. kroner som eit eingongstilskot
via Noregs forskingsråd til strategisk forskingssatsing
ved universitetsmusea.
Departementet ser positivt på framlegget om å etablere
eit eige FoU-program om bibliotekfeltet, men meiner at det er behov
for å sjå forsking- og utviklingsaktivitetar på heile
abm-feltet i samanheng. Kultur- og kyrkjedepartementet vil difor
i samarbeid med Kunnskapsdepartementet vurdere eit samarbeid om
forskings- og utviklingsaktivitetar på tvers av sektorane.
10.7 Tiltak og strategiar
Kultur- og kyrkjedepartementet vil
i samråd med relevante departement og styret for ABM-utvikling
vurdere om det kan vere tenleg med ei nærare samordning
eller samanslåing av bibliotekoppgåver i Nasjonalbiblioteket
og ABM-utvikling – eventuelt om det kan vere ei løysing å overføre
bibliotekoppgåver frå ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket.
Det skal utviklast eit samla grep når det gjeld kartleggingar
og analysar av abm-feltet. Dette skal kunne gje samla tilstandsrapportar
om abm-feltet som kan tene som grunnlag for å vurdere vidare
politikkutforming.
For å etablere eit godt grunnlag for nødvendig samordning
av digitaliseringsarbeidet, vil Kultur- og kyrkjedepartementet etablere
eit råd samansett av sentrale aktørar på abm-feltet. Departementet
vil utarbeide mandat for rådet.
Kompetanse på opphavsrett og personvern skal samlast
i Nasjonalbiblioteket og i Arkivverket. Desse kompetanseeiningane
skal yte tenester til andre abm-institusjonar ved behov.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet
vurdere eit samarbeid om forsking og utvikling på arkiv-, bibliotek-
og museumsfeltet.