Rundskriv V-6N 2008

Statsbudsjettet 2008 - tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane - orientering om kyrkjerekneskapane 2006 m.m.

 

Bispedømmeråda
Dei kyrkjelege fellesråda
Alle sokneråda

 

 

 

 

Nr.

Vår ref

Dato

V-6N/2008

2007/05875 KIF obl

23.01.2008

 

Statsbudsjettet 2008 – tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane – Orientering om kyrkjerekneskapane 2006 m.m.

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2008 gjorde Stortinget vedtak om ei løyving på 40,0 mill. kroner under kap. 340, post 72 Tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane.

I dette rundskrivet vert det gjort greie for løyvinga for 2008, med fordelinga av driftstilskottet og fordelinga på sentrale tiltak. I vedlegg 1 til rundskrivet er vist fordelinga av driftstilskottet på fellesråda/sokneråda i kommunar med eitt sokn.

Som vedlegg 2 til rundskrivet er presentert hovudtala frå kyrkje­rekneskapane for 2006, jf. rundskriv V-25N/2006 som presenterte liknande oversikter med grunnlag i kyrkjerekneskapane for 2005.

Forutan dei kyrkjelege fellesråda og sokneråda i kommunar med eit sokn, skal òg sokneråda i kommunar med fleire sokn rapportere opplysningar frå sine rekneskapar. Ca. 70 pst. av sokneråda rapporterte slike opplysningar i 2006. I vedlegg 2 er desse opplysningane stilt saman i tabellar.  

Ei særskilt orientering om transaksjonar mellom kommune- og kyrkjesektoren og korleis slike transaksjonar skal førast i rekneskapane, er med som vedlegg 3 til rundskrivet.

1. Tilskottet til kyrkjeleg verksemd i kommunane, jf. kap 340, post 72.

Målsettinga for statstilskottet er omtalt slik i St.prp. nr. 1 (2007-2008):

Målsettingen med tilskuddet er å styrke det økonomiske grunnlaget for kirkens virksomhet utover det som følger av kommunenes utgiftsforpliktelser etter kirkeloven.

I budsjettkommentaren til post 72 heiter det elles:

Det generelle driftstilskuddet til de kirkelige fellesrådene er på 44,1 mill. kroner i 2007. Tilskuddet foreslås videreført med 20 mill. kroner i 2008. Dette innebærer en reduksjon på 24 mill. kroner. Fordelingen av tilskuddet skal ta særlig hensyn til situasjonen for fellesrådene i de minste kommunene.

Det har fra bevilgningen de senere år vært avsatt midler til sentrale tiltak som kan gi generelle utgiftsbesparelser, effektiviseringsgevinster eller lettelser for den lokale kirkeforvaltningen. Kirkebyggforvaltningen er gitt særlig prioritet i denne sammenhengen. Fordelingen av bevilgningen på de ulike formål framgår av tabellen nedenfor.

Fordeling av bevilgningen på tiltak:

 

 

(i 1 000 kr)

 

 

2007

2008

Driftstilskudd til de kirkelige fellesrådene

44 100

20 000

Andel av premie til sentral forsikringsordning, kirkebygg

13 500

9 000

Kirkebyggdatabasen

5 000

4 850

Brann- og innbruddsforebyggende tiltak, kirkebygg

3 000

3 000

Energiøkonomiseringstiltak, kirkebygg

1 500

1 500

Ansvars- og ulykkesforsikring for de kirkelige fellesrådene

1 200

1 150

Tilskudd innen kirkebyggfeltet til Norsk institutt for kulturminneforskning

1 000

1 000

Lokalt medlemsregister

900

 

Sum

70 200

40 500

I budsjettproposisjonen, jf. regjeringen.no/nb/dep/kkd/dok/regpubl/stprp/2007-2008/Stprp-nr-1-2007-2008-/13.html?id=483818, er det ei nærare omtale av dei ulike tiltaka som er nemnt ovanfor. Vi gjer merksam på at Stortinget ved behandlinga av 2008-budsjettet gjorde vedtak om ein reduksjon på 0,5 mill. kroner til dei sentrale tiltaka.

2. Fordelinga av tilskottet i 2008

Av løyvinga under posten for 2008 er det 20 mill. kroner som skal fordelast som drifts­tilskott. Tilskottet er for 2008 fordelt etter det same prinsippet som tidlegare år, dvs. med eit grunntilskott til kvart fellesråd og elles etter talet på innbyggjara. Fordi fordelinga skal ta omsyn til situasjonen for fellesråda i dei minste kommunane, er grunntilskottet for 2008 sett til kr 43 000. I vedlegg 1 er vist fordelinga på fellesråda/sokneråda i kommunar med eit sokn.

3. Utbetaling av tilskottet, rapportering mv.

Bispedømmeråda vil betale ut tilskottet. Fordi tilskottet er eit generelt driftstilskott, har ikkje departementet stilt krav om særskilt rapportering om bruken av tilskottet. Vi viser til at rekneskapane frå fellesråda og sokneråda skal rapporterast til Statistisk sentralbyrå (SSB), jf. i denne samanhengen brev og rapporteringshefte sendt frå SSB i desember 2007.

4. Kyrkjerekneskapane for 2006

I rundskriv V-25N/2006 presenterte departementet oversikter og tal frå rekneskapane til dei kyrkjelege fellesråda for 2005. I vedlegg 2 til rundskrivet av i dag er hovudtala frå rekneskapane for 2006 for både fellesråda og sokneråda presenterte.

Driftsinntektene til fellesråda auka frå 2005 til 2006 med 4,5 pst, medan driftsutgiftene auka med 6,4 pst. Driftsinntektene var på 2,8 mrd. kroner, medan driftsutgiftene var på ca. 2,7 mrd. kroner. Det samla driftsresultatet for fellesråda i 2006 var positivt, men noko lågare enn driftsresultatet i 2005.

I 2006 auka dei kommunale overføringane til fellesråda med 4,7 pst. Den generelle lønns- og prisutviklinga i kommunesektoren i 2006 var på 3,7 pst.

Dei samla driftsinntektene for alle fellesråda og sokneråda var på ca. 3,2 mrd. i 2006, medan driftsutgiftene var på ca. 3,1 mrd. kroner. Driftsutgiftene til sokneråda i kommunar med fleire sokn, er rekna til ca. 16 pst. av dei samla driftsutgiftene, dvs. ca. 540 mill. kroner. 95 pst. av lønns­utgiftene for alle sokna i landet vart ført i rekneskapane til fellesråda/sokneråda i kommunar med eit sokn.

Presentasjonen av hovudtala i vedlegg 2 er den mest utførlege som har vore publisert i eit rundskriv. Målet er at oversikta skal gi relevant innsikt og kunnskap for fellesråda, sokneråda og andre som har interesse for kyrkjeøkonomien. Oversikta vil vere ein offentleg og årleg dokumentasjon om utviklinga av økonomien i kyrkja. Det er meininga at ei ajourført oversikt skal publiserast kvart år. Presentasjonen viser hovudlinjer, men skal òg gi eit nyansert bilete av utviklinga. I eit eige tillegg er det med detaljrike tabellar.

5. Rekneskapsføring av transaksjonar mellom kommune- og kyrkjesektoren

Av forskrifta om økonomiforvaltninga for dei kyrkjelege fellesråda og sokneråda, jf. mellom anna rundskriv V-21B/2003 frå Kultur- og kyrkjedepartementet, går det fram at det er stifta ei foreining, Foreningen for god kommunal regnskapsskikk, med oppgåve å vere bidragsytar til ein god kommunal rekneskapsskikk. Foreininga skal særleg arbeide innan det kommunale feltet, men vil òg sjå på problemstillingar som gjeld dei kyrkjelege rekneskapane.

I kommentaren til økonomiforskrifta § 5-5 er det vist til at foreininga vil komme tilbake til spørsmålet om korleis transaksjonar mellom kommunen og kyrkja skal handterast i rekneskapane når kommunen tek opp lån for å finansiere investeringar som gjeld Den norske kyrkja. Eit særskilt notat frå foreininga som gjer greie for dette, og for handteringa av andre typar transaksjonar mellom kommune- og kyrkjesektoren, er med som vedlegg 3 til rundskrivet. Vi viser til dette notatet.

 

Med helsing

Jørn Hagen e.f.
avdelingsdirektør
Ole Bernt Langset
seniorrådgjevar

Vedlegg (i PDF-format)

Kopi:     
Kyrkjerådet
KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon
Statistisk sentralbyrå
Stiftelsen kirkeforskning
Norsk Samfunnsvitenskapelig Datatjeneste           
Riksrevisjonen, seksjon 1.6