3,7 millionar til auka momskompensasjon til frivillig verksemd
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 16.11.2007
Kultur- og kyrkjedepartementet gjer framlegg om at løyvinga til momskompensasjon til frivillige organisasjonar blir auka med 3,7 millionar kroner.
Kultur- og kyrkjedepartementet gjer framlegg om at løyvinga til momskompensasjon til frivillige organisasjonar blir auka med 3,7 millionar kroner.
Framlegget kjem i samband med proposisjonen om endringar i statsbudsjettet for 2007.
- Auken er ein konsekvens av at det i år er 24 fleire søkjarar enn i 2006 som fyller vilkåra for å få kompensasjon. Den opphavlege løyvinga for i år gir ikkje rom for full kompensasjon. For at alle skal få full kompensasjon, er det behov for å auke løyvinga i 2007 med 3,7 millionar kroner, seier statsråd Trond Giske.
Det endelege kompensasjonsbeløpet er elles avhengig av resultatet av klagebehandlinga som enno ikkje er avslutta.