Kultur- og kyrkjedepartementet ønskjer å etablere eit virtuelt senter for sivilsamfunn og frivillig sektor.

Senteret vil ha følgjande overordna formål:

- leie og gjennomføre forskingsprogrammet ved å styrke og vidareutvikle forsking og kompetanse på området.  

- bidra til nettverk /møteplass for forskarar på feltet.

- bidra til at forskingsarbeidet på feltet blir meir synleg gjennom å etablere nettsider, kunnskapsbank og arrangere seminar.

Forskingsoppdraget om å etablere og drifte eit slikt senter blir kunngjort i dag på Doffin som ei forenkla kunngjering. 

Senteret skal vere på plass hausten 2008. Kulturminister Trond Giske har tru på at eit forskingssenter vil gje nyttig kunnskap om frivillig sektor: - Svært mange her i landet deltek på frivilligheits-området, og for å vite meir og fange opp endå fleire er eit slikt senter viktig, og noko vi vil satse på framover, seier Giske.
Regjeringa vil bruke 3 - 3,5 millionar kroner årleg i tre år. Det er aktuelt å utvide både dei økonomiske og tidsmessige rammene for senteret, mellom anna ved at fleire departement er med på prosjektet.