Regjeringa aukar løyvingane til musikk med 91 millionar kroner for 2010 og held slik fram den store satsinga på musikk. Den samla løyvinga til musikkfeltet i budsjettframlegget for 2010 er på over ein milliard kroner.

Tilskotet til nasjonale og regionale orkester er auka med over 49 millionar kroner, mellom anna for å dekke auka pensjonskostnader. I tillegg får Harmonien i Bergen, Stavanger Symfoniorkester og Trondheim Symfoniorkester auka tilskot i 2010 som ein følgje av den nye avtalen som skal gje større fleksibilitet og dermed eit betre tilbod til publikum.

  • Nordnorsk Opera og Symfoniorkester: 36,3 mill. kr
    (10,2 millioner kroner meir enn løyvinga i 2009)
  • Harmonien: 11,9 mill. kr meir
    (5,2 millionar kroner som ein følgje av avtalen)
  • Stavanger Symfoniorkester: 6,6 mill. kr meir
    (3,4 millionar kroner som ein følgje av avtalen)
  • Trondheim Symfoniorkester: 7,3 mill. kr meir
    (3,6 millionar kroner som ein følgje av avtalen)
  • Tilskotet til Oslo-Filharmonien: 10 mill. kr meir

Musikkordningar under Norsk kulturfond aukar med 11,3 millionar kroner og går til mellom anna desse tiltaka:

  • Tilskotsordninga for arrangørar: 2 mill. kr
  • Musikarordninga: 2 mill. kr
  • Musikkensembleordninga: 4 mill. kr
  • Innkjøpsordninga for musikk: 2,5 mill. kr

Tilskotet til andre tiltak på musikkområdet er auka med 30,6 millionar kroner og gjeld mellom anna dette:

  • Riksscenen for folkemusikk, joik og folkedans: 13,4 mill. kr
  • Kompetansesentra for rytmisk musikk: 2 mill. kr
  • Music Export Norway: 2,9 mill. kr
  • Festivalar med knutepunktoppdrag: 3,6 mill. kr