Høyring av forskrift om forbod mot betalingsformidling i pengespel utan norsk godkjenning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 01.04.2009
Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår at bank- og finansinstitusjonar som er etablerte i Noreg, og filialar av utanlandske betalingsføretak her, skal påleggjast plikt til å hindre betaling til pengespel utan norsk godkjenning.
Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår at bank- og finansinstitusjonar som er etablerte i Noreg, og filialar av utanlandske betalingsføretak her, skal påleggjast plikt til å hindre betaling til pengespel utan norsk godkjenning.
Departementet foreslår også at forbodet skal gjelde betaling i pengespel som kan identifiserast etter brukarstadkodesystemet som vert nytta ved betaling med debet- og kredittkort. Forslaget går også ut på at Lotteritilsynet skal kunne gi pålegg om å sperre andre typar av betalingsoverføring til og frå pengespelselskap som ikkje har løyve til å tilby pengespel i Noreg.
Dette kjem fram i eit utkast til forskrift om forbod mot betalingsformidling i pengespel utan norsk godkjenning som vert sendt på høyring i dag. Høyringsfristen er 1. juli 2009.
Stortinget vedtok før jul ei lov om forbod mot betalingsformidling for pengespel utan norsk løyve. Lova vil tre i kraft samtidig med forskrifta som fastset kva for betalingsinstitusjonar og -former som vert omfatta av forbodet.
Forskriftsforslaget vert også meldt til EFTAs overvakingsorgan i tråd med EØS-høyringslova. Denne meldingsordninga gir andre EFTA- og EU-land, EU-kommisjonen og EFTAs overvakingsorgan høve til å fremje synspunkt på forslaget.
Lenkje til høyringssaka