Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside
Du er her: regjeringen.no / Kulturdepartementet / Pressesenter / Pressemeldinger / Lars Sponheim ny styreleiar i Norsk Tipping AS
Pressemelding, 24.11.2009
Nr.: 223/09
Lars Sponheim ny styreleiar i Norsk Tipping AS
Kulturminister Anniken Huitfeldt har oppnemnt Lars Sponheim til ny styreleiar i Norsk Tipping AS. Han erstattar finansminister Sigbjørn Johnsen som styreleiar.
- Lars Sponheim er ein erfaren politikar og eit samfunnsmenneske som har evne til å styre. Med sin bakgrunn som statsråd og partileiar kjem han til å bli ein god styreleiar for Norsk Tipping, seier statsråd Anniken Huitfeldt.
Lars Sponheim er utdanna cand. agric. ved Noregs Landbrukshøgskole. Han var stortingsrepresentant for Venstre i perioden 1993-2009 og har vore partileiar for Venstre sidan 1996. Han har opplyst at han kjem til å gå av som partileiar ved landsmøtet til Venstre i 2010. Frå 1997 til 2000 var han nærings- og handelsminister i regjeringa Bondevik I, og frå 2001 -2005 var han landbruksminister i regjeringa Bondevik II.
Styret i Norsk Tipping:
Medlemmer: | Varamedlemmer: |
Lars Sponheim, leiar | Dag Westby, 1. varamedlem |
Ingvild Myhre, nestleiar | Line M. Rustad, 2. varamedlem |
Paal Fure | Helle Stine Næss |
Silvija Seres | Knut Johannessen |
Siv Tørudbakken | |
Eli Skjæret | |
Petter Torgerhagen | |