Denne siden finnes ikke på bokmål. Til bokmål forside

Rundskriv, 14.05.2009

Nr.: P 2/2009

Fellesføringar i tildelingsbreva for 2010 – orientering om ny ordning og tinging til departementa om forslag til fellesføringar for 2010

Til alle departement

 

1) Innleiing

Dette rundskrivet skildrar rutinane for korleis departementa skal handsame spørsmålet om fellesføringar innafor rammene som er lagde i Finansdepartementets rundskriv R-113/2008 ”Presisering av Bestemmelser om økonomistyring i staten pkt. 1.4 Tildelingsbrev”.

Finansdepartementet vil sende ut eit revidert rundskriv R-113/2008.

I dette rundskrivet frå FAD gjer vi greie for desse rutinane og korleis departementa skal handtere dei for budsjettåret  2010 og dei komande åra.

2) Kva er fellesføringar?

Ei fellesføring er eit pålegg til alle departement og etatar om ein aktivitet på eit særskilt område. Ei fellesføring skal vere like viktig å gjennomføre for verksemdene som eit pålegg frå ein statsråd til ei underliggjande verksemd.  

3) Krav til fellesføringane

Følgjande krav gjelde for fellesføringane:

  • Fellesføringane skal gjelde alle verksemdene, dei skal ikkje vere for mange, dei skal handle om viktige felles og overordna mål, og rapporteringskrava må vere slik at dei ikkje fører til særleg meirarbeid for departementa og verksemdene.
  • Ei fellesføring skal som hovudregel ikkje vere dekte gjennom andre pålegg, som til dømes lov, forskrift, kgl. res, brev, rundskriv eller anna, som til dømes instruks om statistikkrapportering.
  • Fellesføringar må vere relevante for alle verksemdene og skal vere utforma slik at òg små verksemder kan oppfylle dei med den kompetansen og den kapasiteten dei har. 
  • Fellesføringane må vere på eit detaljeringsnivå som er i tråd med gjeldande prinsipp for mål- og resultatstyring, og må vere formulerte slik at dei kan verte tilpassa kvar einskilt verksemd. Det departementet som har ønskt fellesføringa må gjere greie for korleis det vil bruke og følgje opp resultatrapporteringa.
  • Fellesføringane skal vere utforma slik at det er mogleg for verksemdene å skaffe fram resultata og rapportere dei på ein enkel måte gjennom dei etablerte rutinane (t.d. årleg rapport). Om dette ikkje egnar seg, skal fellesføringane vere utforma slik at fellesføringsdepartementet kan hente inn resultata frå andre kjelder (t.d. SSB, tenestemannsregistret). 
  • Økonomiske, administrative og andre konsekvensar av fellesføringane må vere utgreidde og vurderte på førehand av det departement som fremmar forslag om slike føringar.  Her skal departementa òg vurdere om andre verkemiddel enn fellesføringar egnar seg.

4) Rutinane

Følgjande rutinar er fastsette for handsaming av fellesføringar:

  • Fornyings- og administrasjonsministeren fremmar ei sak for regjeringa innan budsjetthandsaminga i august kvart år med framlegg om kva for fellesføringar regjeringa bør vedta for neste år. Framlegget skal byggje på forslaga frå fellesføringsdepartementa. Berre forslag til fellesføringane som er i tråd med krava i punkt 3, vert fremma for regjeringa.
  • Det er regjeringa som avgjer fellesføringane etter ei samla vurdering og særs streng prioritering. Talet på fellesføringar skal avgrensast og haldast så lågt råd er.  
  • Etter handsaminga i regjeringa sender FAD brev til kvart departement om at dei, i tråd med sektoransvaret og prinsippa i etatsstyringa, skal formidle fellesføringane vidare til sine underliggjande verksemder på eigna måte, til dømes gjennom tildelingsbrevet.
  • I tråd med sektoransvaret og prinsippa i etatsstyringa er det fagdepartementa som skal pålegge verk¬sem¬dene å gjennomføre fellesføringane, og det er dei som må avgjere i kva form dei vil formidle felles¬føringane til dei underliggjande verksemdene.
  • Resultata av fellesføringane skal rapporterast gjennom dei ordinære rapporterings-rutinane (t.d. årleg rapport).  Den første rapporteringa vil skje i 2011, og då på bakgrunn i fellesføringane for 2010.
  • Frå 2011 skal underlaget frå departementa som ønskjer fellesføringar òg innehalde ei vurdering av måloppnåinga for ”sine” fellesføringar frå året før. Dette vil vere ein del av grunnlaget for regjeringa si handsaming av fellesføringane for året etter.

5) Tinging til departementa om innspel til fellesføringar for budsjettåret 2010

Fornyings- og administrasjonsdepartementet ber med dette om at dei departementa som ønskjer å fremme forslag om fellesføringar for budsjettåret 2010, sender desse til FAD før 27. mai 2009. Forslaga må vere i tråd med krava i punkt 3 i dette rundskrivet. 

FAD vil på grunnlag av innspela fremme ei sak for regjeringa i juni 2009.

Resultatet av regjeringa si handsaming vil verte formidla til departementa i eit brev frå FAD.

 

Med helsing

Lars-Henrik Myrmel-Johansen (e.f.)
ekspedisjonssjef
Inger-Anne Ravlum
avdelingsdirektør


 

                                                                                 

 

 

Kopi: Statsministerens kontor

Kontaktinformasjon

Avdeling for IKT og fornying

Telefon: 22 24 03 01

Adresse:

Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Postboks 8112 Dep
0032 Oslo

Besøksadresse:
Akersgt. 59

Fellesføringar i tildelingsbreva for 2010

Kontaktinformasjon

Avdeling for IKT og fornying

Telefon: 22 24 03 01

Adresse:

Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Postboks 8112 Dep
0032 Oslo

Besøksadresse:
Akersgt. 59