Historisk arkiv

Bybo, Kirkens bymisjon i Oslo vinnar av statens pris for bustadsosialt arbeid 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

I grunngjevinga til juryen heiter det at ByBo viser kor viktig det er at også frivillige organisasjonar engasjerer seg i å busetja fleire vanskelegstilte. Prisen vart utdelt under Boligsosial lederkonferanse i Oslo 12. mai av juryleiar og fylkesmann i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa.

I grunngjevinga til juryen heiter det at ByBo viser kor viktig det er at også  frivillige organisasjonar  engasjerer seg i å busetja fleire vanskelegstilte. Prisen vart utdelt under Boligsosial lederkonferanse  i Oslo 12. mai av juryleiar og fylkesmann i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa.

Juryen meiner ByBo er eit førebilete både når det gjeld måten dei samarbeider med offentlege etatar på, utvikling av butilbod og i det å dela  kunnskap med andre.

- Kirkens bymisjon ved ByBo har over tid utvikla metodar for busetjing av vanskelegstilte med gode resultat. Arbeidet dei gjer og metodane dei har utvikla tar utgangspunkt i brukarmedverknad der det einskilde menneske  står i sentrum. I tillegg til å lukkast med å busetja vanskelegstilte, deler dei raust av sine kunnskapar og erfaringar. Denne verdifulle erfaringsutvekslinga er avgjerande for utviklinga av nye, innovative  arbeidsmetodar innanfor det bustadsosiale feltet, seier juryleiar Magnhild Meltveit Kleppa.

Bybo Kirkens Bymisjon har sidan dei starta opp i 2008 hatt som overordna mål å få på plass eit variert og fleksibelt bustadsosialt  tilbod i hovudstaden, og har utvikla  ein eigen  evne til å fanga opp menneske som fell utanfor dei kommunale bustadtilboda. Butilbodet deira buset mange med samansette problem og som treng mykje hjelp. Tenestilbodet vert tilpassa den einskilde, og mange bur no meir stabilt og lengre gjennom ByBo enn dei har gjort tidlegare. Dette har resultert i ein kraftig nedgang i talet på akuttinnleggingar.

Verksemda disponerer ca. 80 leilegheiter fordelt på 6 ulike adresser. Tilbodet er differensiert, dei ulike husa har forskjellig profil, storleik og fagleg tilnærming. Felles for alle hus er vektlegging på varighet,  og alle bebuarane har vanlige husleigekontraktar.

Statens pris for bustadsosialt arbeid  er ein heiderspris til instansar som kan visa dokumentert effekt på:

  • Auka busetjing av vanskelegstilte på bustadmarknaden
  • Heiskapleg satsing i utvikling og drift av bustadsosialt arbeid
  • Tiltak som motverkar at bustadløyse oppstår

I tillegg skal det bustadsosiale arbeidet ha overføringsverdi til andre.

Meir informasjon om prisvinnaren, dei nominerte og Statens pris for bustadsosialt arbeid

Kontaktpersonar:
Juryleiar Magnhild Meltveit Kleppa,  930 63 651
Seniorrådgjevar Benedicte Endresen, KMD 416 39 959