Historisk arkiv

Priv. til red.

Lønsoppgjeret i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Lønsoppgjeret for dei tilsette i det statlege tariffområdet startar måndag 7. april klokka 10.00 i Auditoriet i R5.

Lønsoppgjeret for dei tilsette i det statlege tariffområdet startar måndag 7. april klokka 10.00 i Auditoriet i R5. Oppmøte for presse som vil vere til stades ved starten av møtet, er seinast kl 09.50 for registrering. Det er høve til å fotografere ved opninga. Partane vil vere tilgjengelege for kommentarar etter møtet.

Tariffoppgjeret i år er eit hovedtariffoppgjer. Det vil seie at partane både forhandlar om løn og andre arbeidsvilkår. Partane er hovudsamanslutningane LO Stat, YS Stat, Unio og Akademikarane på den eine sida og KMD på den andre sida.

Forhandlingsdelegasjonen i staten blir leia av personaldirektøren i staten Merethe Foss.

Partane forhandlar fram til 30. april ved midnatt. Informasjon om prosessen i hovudtariffoppgjeret blir publisert kontinuerleg på våre nettsider.

Kontaktperson: Assisterande kommunikasjonssjef Frode Jacobsen, telefon 99 52 34 95.